For å kunne øvingskøyre må du være:

  • 15 år for klasse A1 - lett motorsykkel
  • 16 år for klasse A2 - mellomtung motorsykkel
  • 22 år for klasse A - tung motorsykkel (eller ha førarkort klasse A2 frå før).

Øvingskjøring må ikkje vere til fare eller unødig ulempe for annan trafikk! Øvingsområdet må veljast etter kor langt du er komen i opplæringa, og det er ikkje lov å øvingskøyre i utlandet.

Den som er med deg må ha fylt 25 år, og må ha hatt førerett i den klassen du skal øvingskjøre i samanhengande dei siste 5 åra. Den som er med deg kan sitje på motorsykkelen saman med deg så sant motorsykkelen har stor nok nyttelast, eller følgje etter på mellomtung eller tung motorsykkel. Både du og den som er med deg og øvingskøyrer må ha hjelm og refleksvest som bakover viser bokstaven L.

Les meir på øvingskøyring på lett- (A1), mellonmtung (A2) eller tung (A) motorsykkel på www.vegvesen.no