Trafikalt grunnkurs skal gje deg grunnleggjande forståing for trafikk og være utgangspunkt for vidare opplæring. Aldersgrensa for å ta kurset er 15 år. Tek du kurset i den offentlege skulen, kan du ta det i 10. klasse, sjølv om du ikkje har fylt 15 år. Har du alt førekort for eit anna køyretøy, kan du treng du ikkje ta trafikalt grunnkurs på nytt for å øvingskøyre personbil (klasse B).

Du må ha fylt 16 år

Du må være 16 år for å øvingskøyre for klasse B. Men dersom politiet har gjeve deg sperrefrist for førarkort, har du sjøvsagt ikkje lov til å køyre.

Ha med deg leg og bevis

Når du øvingskøyrer må du alltid ha med deg bevis for fullført trafikalt grunnkurs og legitimasjon med bilete, eventuelt mopedbevis. Beviset kan du også finne på vegvesen.no/dinside. Da kan du hente beviset på mobilen hvis du blir stoppa mens du er ute og øvingskøyrer.

 

FAKTA

Du må ha med legitimasjon og bevis på at du har tatt trafikalt grunnkurs. Bilen må ha ekstra speil og godt synleg L bak (Last ned L-skilt her).

 

Husk L-skilt

Bilen må være merka bak med ein godt synleg raud L på kvit bakgrunn når du øvingskøyrer. Last ned L-skilt her! Bilen må ha ekstra spegel som gjev den som er med deg, tilstrekkeleg utsikt bakover.

Øvingsområdet må veljast etter kor langt du er komen i opplæringa. Unngå øving i tett trafikk og høg fart før du er god nok til å følgje trafikkrytmen. Du har ikkje lov til å øvingskøyre i utlandet. På avsperra område eller øvingsbane er det lov å øvingskøyre når den som er med deg har visuell kontakt og kan instruere deg.

 

 

Kven kan køyre med deg?

Vegtrafikklova seier at den som er med deg må være fylt 25 år og ha hatt førerett for bil utan avbrot minst dei siste 5 åra. Det er han/ho som er med deg som er ansvarleg for køyringa, men du som øvingskøyrer har også ansvar.

Det er også slik at den som er med deg og øvingskøyrer privat, ikkje kan ta betaling for det. Det er det berre autoriserte trafikklærarar (køyreskular) som kan gjere.

 

 

Mengdetrening

Statistikken viser at det er større sjansar for å havne i ei ulykke dersom ein ikkje har køyrt mykje. For å redusere ulykkesrisikoen er det derfor viktig å køyre mykje før førarprøva. Du får også meir att for opplæringa på trafikkskulen om du på same tid øver privat. Og jo meir erfaring du får, jo betre og tryggare blir du bak rattet.

God tur og køyr pent!