Kva er klasse AM?

Denne klassa geld føring av alle typar moped med fart høgst 45 km/t, dvs. både tohjuls, trehjuls og firehjuls moped. Det skal stå i vognkortet til køyretøyet om det er ein moped eller ikkje.

Klasse AM er ein internasjonal klasse, så har du AM på førarkortet ditt kan du køyre moped også i utlandet. Har du førarkort for motorsykkel eller bil, har du også rett til å føre alle typar moped. Minstealderen for moped er 16 år. Det vil seie at du som 16-åring kan køyre følgande typer:

Tohjuls moped (AM146)

Denne klassa gjeld føring av tohjuls moped. I tillegg kan du køyre tre- eller firehjuls moped med egenvekt ikkje over 150 kg (minus vekta frå batteriet ved eldrift). Les meir om mopedlappen i denne ung.no-artikkelen.

 

Kva er ATV?

ATV er ei forkorting for "All-terrain Vehicle" ("all terreng køyretøy") og er køyretøy med fire (nokon gangar tre) hjul, som primært er laga for bruk i ulendt terreng. Desse har dei siste åra også blitt veldig populære å køyre på vanlege veiar. Etter at du har fylt 16 år kan du køyre ein tre- eller firehjuling dersom du har førarkort i ein av klassane over så lenge ATVen fyller vilkåra for dei forskjellige klassane.

Mopedbil (AM147)

Med mopedbil meiner ein firehjuls moped med karosseri, ratt, pedalar og instrument som i ein personbil. Resultatet av alt dette utstyret blir at desse køyreetøya alltid får en egenvekt over 150 kg.

 

 

Lett motorsykkel (A1A

Med klasse A1 kan du køyre ein lett motorsykkel. Ein lett motorsykkel har maksimalt slagvolum på 125 ccm og effekt på høgst 11 kW med eller utan sidevogn. Tek du lappen for A1, har du også rett til å køyre tohjulsmoped. Du kan også køyre mopedbil, men ikkje før du har fylt 18 år.

Traktor (klasse T)

Minstealderen for traktorlappen (klasse T) er 16 år, men traktoren kan ikkje være laga for fart meir enn 40 km/t (konstruktiv fart). Vekta kan ikkje overskride 25 tonn som enkeltkøyretøy eller vogntog (traktor og tilhenger tilsaman).

Klasse T gir deg også førerett for tre- og firehjuls moped. Hvis du er under 18 år og har førerett for klasse T traktor, får du påført kode 149 på førarkortet og kan føre tre- og firehjulsmoped med ei vektbegrensning på 150 kg. Frå fylte 18 år blir vektbegrensninga oppheva, og du vil i neste førarkortutstedelse få påført T kode 147.

Sjølv om du ikkje har fylt 18 år, kan du utvide frå klasse T149 til T147 ved å gjennomføre eit sikkerhetskurs på veg for klasse AM147. Dette gir deg førarett for tre- og firehjulsmoped i Noreg. For å få føreett også utanfor Noreg, må du bestå teoriprøve for AM 147.

Du kan lese meir om traktorlappen om traktorlappen her på ung.no.

 

 

Snøskuter (klasse S)

Frå du er 16 år kan du ta førarkort klasse S for snøskuter. Fram til du vert 18 år er førarretten begrensa til klasse 1, det vil seie snøskuter der forhaldet mellom effekt og eigenvekt er maks 0,20 kW/kg.