Dette må du gjennom for å få førarkort for bil
Alle som skal ta lappen, må gjennom fire trinn som skal hjelpe deg fram mot førarprøva. Les meir om korleis du får førarkort for bil her.

Før du kan starte opplæringa for å ta førarkort må du ha fylt 16 år. Når du oppfyller alderskravet, må du gjennomføre trafikalt grunnkurs før du kan øvingskøyre. Den som øvingskøyrer med deg må ha fylt 25 år og hatt førarkort for køyretøy i same klasse som du øvingskøyrer samanhengande dei siste fem åra. Det kan vere lurt å starte opplæringa i god tid, slik at du skaffar deg lang køyreerfaring og vert ein tryggare bilist.
Personbil (klasse B)
Opplæringa for å ta førarkort er ordna i fire trinn. Det er lagt stor vekt på at elevane skal lære meir for kvart trinn, og ha den rette framdrifta i opplæringa. Det finst ulike førarkort for bil, men for å køyre ein vanleg personbil må du ha førarkort klasse B. Dette betyr at bilen kan ha ei totalvekt på maks 3500 kg. Personbilklassene B96 og BE betyr bil med tilhengar.
TRINN 1: Trafikalt grunnkurs
Obligatorisk trafikalt grunnkurs på 17 timar. OBS! Du må ha gjennomført det trafikale grunnkurset for å kunne starte øvingskøyring ved skule eller privat. Kurset på 17 undervisingstimar handlar om:
- Trafikkopplæringa.
- Grunnleggande forståing for trafikk.
- Mennesket i trafikken.
- Øvingskøyring og køyreerfaring.
- Førstehjelp.
- Tiltak ved trafikkulukke.
- Mørkekøyring.
Dette kurset skal gi deg grunnleggande forståing for trafikk og vere utgangspunkt for vidare opplæring. Aldersgrensa for å ta kurset er 15 år. Tek du kurset i den offentlege skulen, kan du ta det i 10. klasse sjølv om du ikkje har fylt 15 år.
Har du allereie førarkort i ei klasse, treng du ikkje ta det på nytt. Prov på gjennomført trafikalt grunnkurs skal vere med når du øvingskøyrer. Har du mista provet, kan du ta kontakt med ein av Statens vegvesens trafikkstasjonar.
Trafikalt grunnkurs kan du ta ved ein trafikkskule eller i den offentlege skulen, dersom skulen din tilbyr dette.
Les meir om: trafikalt grunnkurs på vegvesen.no
TRINN 2: Grunnleggande køyretøy- og køyrekompetanse
Gjennom opplæringa på trinn to skal eleven lære å meistre bilen reint køyreteknisk, utan å måtte rette merksemda mot andre trafikantar.
Det er ikkje fastsett minste timetal for opplæring på dette trinnet. Omfanget av undervisinga må tilpassast eleven sine føresetnader og kva høve han har til å øvingskøyre.
Med utgangspunkt i eleven sine prestasjonar skal eleven og læraren saman ta stilling til i kva grad måla for trinn 2 er nådde.
Eleven skal gjennomføre ein obligatorisk rettleiingstime som avslutning på trinn to.
Les meir om grunnleggande opplæring her.
TRINN 3: Trafikal del
På trinn tre skal du lære om trafikantgrupper og interessemotsetnader, å køyre effektivt, miljøvennleg og økonomisk, å redusere risikoen for ulukker og lære å bli forbikøyrd og køyre forbi.
På trinn tre er det også lagt inn eit 4 timars obligatorisk sikkerheitskurs på bane som skal gjennomførast mot slutten av trinnet. Kurset er ei vidareutvikling av det tidlegare glattkøyringskurset og er utvida med 1 time. I denne timen vert det lagt vekt på sikring av passasjerar og last.
Trinn tre vert avslutta med ein obligatorisk rettleiingstime der elev og lærar saman tek stilling til om eleven har tilstrekkeleg køyrekompetanse.
Les meir: trafikal del på vegvesen.no
TRINN 4: Avsluttande opplæring
Opplæringa i trinn fire skal hjelpe elevane fram mot førarprøva. Opplæringa her er retta mot eleven si forståing av risiko og trafikksystemet. Som hovudregel skal obligatorisk sikkerheitskurs på bane vere gjennomført og målet for trinn tre vere nådd før ein byrjar på undervising i trinn fire.
For klasse BE (personbil med tilhengar) er kurs i sikring av last obligatorisk.
Les meir om avsluttande opplæring her.
Teoriprøva og oppkøyring
Etter fylte 17,5 år kan du ta teoriprøva på ein trafikkstasjon. Du kan søke om tilrettelagd teoriprøve om du har vanskar med å lese og forstå oppgåvene. Dersom du ikkje står på teoriprøva må du vente i to veker før du kan prøve på nytt. Så snart du har bestått teoriprøva og alle dei fire trinna i køyreopplæringa, kan du melde deg på oppkøyring. Les meir om teoriprøva og oppkøyring her.
Viktig å øve mykje!
Øvingskøyrer du mykje før du tek førarprøva, får du ei verdfull køyreerfaring. For å verte ein betre sjåfør og redusere risikoen for at du skal hamne i ei ulukke, bør du derfor begynne å øvingskøyre så tidleg som mogleg. Statens vegvesen tilrår at du har minst 110 timar bak rattet, eller har køyrt over 2000 km før du går opp til førarprøva. Det svarer til ein time i veka i to år.
Planlegg opplæringa
Ta tidleg kontakt med fleire trafikkskular. Dei har forskjellige tilbod, også til dei som skal øve privat.
På nettsidene til Statens vegvesen finn du meir informasjon som kan vere nyttig for deg som skal ta lappen.
Kjelde: Statens vegvesen.
Les også