Før du kan starte opplæringa for å ta førarkort må du ha fylt 16 år. Da kan du ta trafikalt grunnkurs, som du må ha før du kan øvingskøyre. Det er lurt å starte opplæringa som tidlig som mogleg, så du får lang køyreerfaring og vert ein tryggare bilist.

Fire trinn til lappen

Opplæringa for å ta førarkort er ordna i fire trinn. Der skal du lære meir for kvart trinn i opplæringa, og ha den rette framdrifta i opplæringa di. Det finst ulike førarkort for bil, men for å køyre ein vanleg personbil må du ha førarkort klasse B. Dette betyr at bilen kan ha ei totalvekt på maks 3500 kg. Personbilklassene B96 og BE betyr bil med tilhengar.

TRINN 1: Trafikalt grunnkurs

Obligatorisk trafikalt grunnkurs på 17 timar. Husk at du må ha gjennomført det trafikale grunnkurset for å kunne starte øvingskøyring ved ein skule eller privat. Kurset handlar om:

  • Trafikkopplæringa.
  • Grunnleggande forståing for trafikk.
  • Mennesket i trafikken.
  • Øvingskøyring og køyreerfaring.
  • Førstehjelp.
  • Tiltak ved trafikkulukke.
  • Mørkekøyring.

Dette kurset skal gi deg grunnleggande forståing for trafikk og vere utgangspunkt for vidare opplæring. Aldersgrensa for å ta kurset er 15 år. Tek du kurset i den offentlege skulen, kan du ta det i 10. klasse sjølv om du ikkje har fylt 15 år.

Har du allereie førarkort i ei klasse, treng du ikkje ta det på nytt. Prov på gjennomført trafikalt grunnkurs skal vere med når du øvingskøyrer. Har du mista provet, kan du ta kontakt med ein av Statens vegvesens trafikkstasjonar.

Trafikalt grunnkurs kan du ta ved ein trafikkskule eller i den offentlege skulen, dersom skulen din tilbyr dette.

Les meir om: trafikalt grunnkurs på vegvesen.no

Trafikkskilt (foto: ung.no)

ØV: Når du sitter på med andre, kan du følge med på skilt og spørre hva de betyr. Her er det fartsgrense på 50 km/t. Det gule skiltet forteller at du er på en forkjørsvei. Det vil si at de som kommer inn fra sideveiene har vikeplikt for deg. Foto: ung.no

TRINN 2: Grunnleggande køyretøy- og køyrekompetanse

Gjennom opplæringa på trinn to skal eleven lære å meistre bilen reint køyreteknisk, utan å måtte rette merksemda mot andre trafikantar.

Det er ikkje fastsett eit minste timetal for opplæring på dette trinnet. Omfanget av undervisinga må tilpassast elevane og kor mykje dei får øvingskøyrt.

Med utgangspunkt i eleven sine prestasjonar skal du som eleve og læraren saman finne ut om du har nådd måla for trinn 2 er nådde. Du skal også gjennomføre ein obligatorisk rettleiingstime som avslutning på trinn to.

Les meir om grunnleggande opplæring her.

TRINN 3: Trafikal del

På trinn tre skal du lære om trafikantgrupper og interessemotsetnader, å køyre effektivt, miljøvennleg og økonomisk, å redusere risikoen for ulukker og lære å bli forbikøyrd og køyre forbi.

På trinn tre er det også lagt inn eit 4 timars obligatorisk sikkerheitskurs på glattkøyringsbane som skal gjennomførast mot slutten av trinnet. Der skal du også lære å sike last og passasjerar.

Trinn tre vert avslutta med ein obligatorisk rettleiingstime der du og læraren saman blir einige om at du har god nok køyrekompetanse.

Les meir: trafikal del på vegvesen.no

TRINN 4: Avsluttande opplæring

Opplæringa i trinn fire skal hjelpe deg fram mot førarprøva. Opplæringa her er retta mot forståinga di av risiko og trafikksystemet.

Les meir om avsluttande opplæring her.

FAKTA

Fire trinn Opplæringa for å ta førarkort er ordna i fire trinn. Det er lagt stor vekt på at elevane skal lære meir for kvart trinn i opplæringa.

  • Trinn 1: Trafikalt grunnkurs.
  • Trinn 2: Grunnleggande opplæring.
  • Trinn 3: Trafikal del.
  • Trinn 4: Grunnleggande opplæring.
Les meir om dei ulike trinna her.

Teoriprøva og oppkøyring

Etter at du har fylt 17,5 år kan du ta teoriprøva på ein trafikkstasjon. Du kan søke om tilrettelagd teoriprøve om du har vanskar med å lese og forstå oppgåvene.

Dersom du ikkje står på teoriprøva må du vente i to veker før du kan prøve på nytt. Så snart du har bestått teoriprøva og alle dei fire trinna i køyreopplæringa, kan du melde deg opp til oppkøyring/førarprøven. Les meir om teoriprøva og oppkøyring her.

 

 

Viktig å øve mykje!

Øvingskøyrer du mykje før du tek førarprøva, får du masse verdfull køyreerfaring. For å verte ein betre sjåfør og redusere risikoen for at du skal hamne i ei ulukke, bør du derfor begynne å øvingskøyre så tidleg som mogleg. Statens vegvesen tilrår at du har minst 110 timar bak rattet, eller har køyrt over 2.000 km før du går opp til førarprøva. Det svarer til ein time i veka i to år.

Planlegg opplæringa

Ta tidleg kontakt med fleire trafikkskular. Dei har forskjellige tilbod, også til dei som skal øve privat.På nettsidene til Statens vegvesen finn du meir informasjon som kan vere nyttig for deg som skal ta lappen.