Likestilling handlar om at alle skal ha like rettar og høve, utan omsyn til kjønn, seksuelle orientering, alder, etnisitet, funksjonsevne eller religion. Alle skal ha krav på å få dei same høva til å utvikle seg, nytte evnene sine og leve livet sitt.

Reell likestilling inneber mellom anna likt høve til innverknad, rettferdig fordeling av ansvar og byrdar, rett til å kjenne seg trygg for overgrep, og respekt for menneskeverdet.

 

Ikkje berre kjønn

Ordet likestilling har tradisjonelt vore brukt i tydinga likestilling mellom kvinner og menn, såkalla kjønnslikestilling. I Norge har likestilling mellom kjønn vore verna gjennom likestillingslova frå 1978. I 2018 trådde ei ny lov i kraft. Denne erstatte den tidlegare likestillingslova og fleire lovar om diskriminering.

Likestillings- og diskrimineringsloven frå 2018 tar særleg sikte på å betre kvinners og minoritetars stilling. Det vil seie at den nye lova framleis legg vekt på likestilling mellom begge kjønn, med særleg fokus på kvinners rettighetar, men den inkluderer også en utvida tyding av likestilling, til å gjelde andre diskrimineringsgrunnlag.

Kvifor er det viktig å få fram skilnadene?

Noreg bli rekna som eit av dei beste landa i verda når det kjem til likestilling, men heller ikkje her er det fullstendig likestilling. Når det gjeld manglande likestilling mellom kjønn, finn vi mellom anna døme i politikken og i sjefsstillingar, der menn enno er i fleirtal. Lønnsforskjellane mellom menn og kvinner er òg store. Du kan lese meir om likestilling i Noreg i artikkelen under.

 

FAKTA

Frå Likestillings- og diskrimineringslova:
«Lovens formål er å fremme likestilling og hindre diskriminering på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgaver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsettelse, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder og andre vesentlige forhold ved en person. Med likestilling menes likeverd, like muligheter og like rettigheter.»

Forbode å diskriminere

Likestilling blir rekna som ein grunnverdi i samfunnet av norske styresmakter, og den norske staten har forplikta seg til å fremme likestilling ved å slutte seg til FNs menneskerettsfråsegn.

Likestillings- og diskrimineringslovens § 6 fastslår at det er ulovleg å diskriminere. Diskriminering er direkte eller indirekte forskjellsbehandling. Lova seier òg at det krevst aktivt likestillingsarbeid. I dette ligg det blant anna at det er krav om kjønnsbalanse i offentlege utval, og at alle arbeidsgivarar skal arbeide aktivt for å motvirke mogleg diskriminering i sin verksemd.

I Noreg er det eit egent ombod som skal fremme likestilling og kjempe mot diskriminering på grunn av kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Du kan lese meir om Likestillings- og diskrimineringsombodet på deira nettside.