Energi og næringsstoff er nødvendige for veksten og utviklinga til kroppen og for å oppretthalde dei normale kroppssfunksjonane.

Kroppen treng drivstoff (energi) for å vekse og fungere, og energigivande næringsstoff er i hovudsak karbohydrat og feitt. Protein gir òg energi, men blir først og fremst brukt som byggemateriale i kroppen. Alkohol inneheld energi, men blir ikkje rekna som eit næringsstoff.

 

 

Vanleg norsk kost inneheld tilfredsstillande mengder av dei fleste næringsstoffa sett i høve til tilrådd inntak frå helsestyresmaktene. Innhaldet av metta feitt, salt og sukker er likevel høgare enn ønskeleg.

Døme på nokre kjende næringsstoff er karbohydrat, protein, fleirumetta feitt, metta feitt, folat, kalsium, jarn, kostfiber, vatn og ulike vitamin. I lista nedanfor får du òg eit oversyn over kva funksjonar dei ulike næringsstoffa har, og i kva matvarer du finn dei:

  • Karbohydrat: Karbohydrat gir energi. Du finn det i til dømes brød, mjøl, potetar, frukt, grønsaker, sukker og sukra matvarer.
  • Protein: Protein gir energi og er byggemateriale. Du finn det i til dømes kjøtt, fisk, kornvarer, mjølk, ost og egg.
  • Fleirumetta feitt: Fleirumetta feitt gir energi og livsnødvendige feittsyrer. Du finn det i til dømes matoljar, mjuk margarin, feit fisk og tran.
  • Metta feitt: Metta feitt gir energi. Du finn det i smør, heilmjølk, ost og raudt kjøtt.
  • Vitamin A: Vitamin A er viktig for funksjonen til auget. Det er òg nødvendig for vekst og utvikling. Du finn det i gulrot og andre grønsaker, margarin og smør, lever og leverpostei.
  • Vitamin B-gruppa: Vitamin B-gruppa inngår i enzym som er nødvendige for å omsette karbohydrat, feitt og protein. Du finn det i grøne grønsaker, kornvarer, mjølk, ost, kjøtt, fisk og egg.
  • Folat: Folat reduserer risikoen for nevralrørsdefektar hos foster. Du finn det i grøne grønsaker, sitrusfrukter, kornvarer.
  • Vitamin C: Vitamin C er viktig for celler og vev og for opptaket av jarn. Du finn det i frukt, bær, grønsaker og potetar.
  • Vitamin D: Vitamin D er nødvendig for at kroppen skal kunne utnytte kalsium. Du finn det i sollys, tran, feit fisk, fiskelever, margarin og smør.
  • Vitamin E: Vitamin E er viktig for celler og vev. Du finn det i grønsaker, kornvarer og matolje.
  • Vitamin K: Vitamin K er viktig for at blodet skal kunne koagulere. Du finn det i grønsaker.
  • Kalsium: Kalsium er viktig for skjelettet, tennene, musklane og nervesystemet. Du finn det i mjølkeprodukt, grøne grønsaker og nøtter.
  • Jarn: Jarn er ein del av dei raude blodlekama som fører oksygen til cellene. Du finn det i kornvarer, kjøtt og innmat.
  • Kostfiber: Kostfiber er viktig for fordøyinga. Du finn det i brød og kornvarer, grønsaker, potetar, frukt og bær.
  • Vatn: Vatn er viktig for å transportere næringsstoff i kroppen. Du finn det i ulike typar drikkevarer. Dei fleste matvarer inneheld òg mykje vatn.