Hopp til hovedinnholdet

Slik slettar du informasjon om deg på nettet

Jente med mobil (www.colourbox.com)
FÅ HJELP: Har du funnet bilder eller informasjon på nett som du vil ha slettet? Det finnes flere som kan hjelpe.

Har du funne bilete av deg sjølv på nettet som du ikkje vil at andre skal sjå? Eller har nokon oppretta ein falsk profil i ditt namn? Slik slettar du opplysningar frå nettet.

Offentleg og kvalitetssikra
Jente med mobil (www.colourbox.com)
FÅ HJELP: Har du funnet bilder eller informasjon på nett som du vil ha slettet? Det finnes flere som kan hjelpe.

Slik bør du gå fram for å slette opplysningar på nett:

Ta kontakt med personen som la ut informasjonen

Om du veit kven som har lagt ut informasjonen, kan du be denne personen fjerne informasjonen direkte. Personen som la ut informasjonen har ofte enkel tilgang til å få dette gjort, og i dei aller fleste tilfella løyser dette enkelt problemet.

Om personen derimot nektar å fjerne informasjonen du vil ha bort, kan politiet pålegge personen å gjere det, dersom det blir karakterisert som straffbart. Det å ikkje ta omsyn til et slikt pålegg vil som regel vere straffbart.

Etter åndsverklova § 45c må ein ha samtykke frå den som er avbilda for å kunne offentleggjere bilete. Brot på denne lova kan straffast med bøter eller fengsel inntil tre månader, jf. åndsverklova § 54 bokstav b. Fordi det er straffbart å legge ut eit bilete av ein annan utan samtykke frå denne personen, har den som legg ut biletet også ei plikt til å fjerne biletet dersom det er lagt ut i strid med lova.

Om du sjølv har lagt ut informasjonen, kan du sjølv gå inn i tenesta og søke deg fram til korleis du kan slette bilete og informasjon. Har du gløymt passordet, kan du som oftast få tilsendt dette på nytt frå tenesta ved å opplyse om e-postadressa du brukte då du oppretta profilen din hos tenesta.

Ta kontakt med dei som driftar nettsida

Om du ikkje veit kven som har lagt ut informasjonen, eller om informasjonen er lagt ut på ein måte som gjer at du seinare ikkje får tilgang (f.eks. ein anonym kommentar på ein blogg eller ei nettavis), så kan du prøve å ta kontakt med dei som driftar nettstaden. Om du sjølv har lagt ut informasjonen, men no ikkje lenger kjem deg inn i tenesta, er dette også eit naturleg steg vidare for å få fjerna informasjonen.

Guide frå slettmeg.no: Slik finn du eigaren av ein nettstad.

Sjå også slettmeg.no sin oversikt over ulike nettsiders kontaktinformasjon. Denne oversikta gjer det enkelt for deg å sende spørsmål eller andre førespurnader til desse sidene.

Ta kontakt med organisasjonar eller offentlege organ

Om det ikkje hjelper å snakke med organisasjonane eller dei offentlege organa direkte, kan du få nyttig hjelp frå andre instansar. Tenesta slettmeg.no vil hjelpe så godt dei kan, men kan ikkje garantere at informasjonen vil kunne fjernast frå nett. Ofte har informasjonen spreidd seg til andre nettsider, eller han kan ha blitt lasta ned frå nett av andre og blitt lagra på lokale maskiner. I så fall vil det alltid vere ein fare for at informasjonen vil kunne dukke opp andre stader på nett seinare, lenge etter at han tilsynelatande vart fjerna. Det er heller ikkje alltid informasjon kan fjernast sjølv om han kjennest krenkande for deg.

Kontakt politiet

Om informasjonen er av svært alvorleg eller krenkande art, vil det vere naturleg å vurdere å melde det til politiet (ring 02800). Både slettmeg.no og andre instansar vil kunne hjelpe deg med dette.

Les kva for lovar og reglar som gjeld ved publisering på nett her.

Dersom biletet seksualiserer ein person under 18 år, vil det i dei fleste tilfella vere enkelt å få hjelp av politiet til å få fjerna biletet. Ein må då møte opp hos politiet for å levere ei politimelding. Politiet er godt vane med å handtere slike saker slik at den som melder forholdet blir teke vare på. Politiet vil vere ein naturleg støttespelar som kan hjelpe ein mindreårig som er hamna i ein slik vanskeleg situasjon. Dersom bilete blir brukt i ein kontekst av truslar, eller for utpressing, er det eit alvorleg straffbart forhold. For at politiet skal lukkast med etterforsking av alvorlege saker, er det viktig at ein melder forholdet raskt, og at ein kan hjelpe politiet med å finne biletet/filmen og kvar det er lagt ut. Ein kan også ta skjermbilete av det som er lagt ut, og kvar det er lagt ut.

Personar over 18 år som opplever det same kan velje å melde forholdet. Det er også mogeleg å forfølge saka i det sivilrettslege sporet, i mange tilfelle får politiet førespurnader i reint privatrettslege saker. Det sivilrettslege apparatet har verktøy for å få ein person eller ei verksemd til å stanse delinga av eit bilete, for eksempel gjennom mellombels åtgjerd. Det kostar sjølvsagt pengar å velje det sivilrettslege sporet, då ein må få hjelp av ein advokat og domstolen, men det kostar også pengar å få taua bort og reparert bilen sin etter ei bilulykke.

 

Ver rask!

Nettet er enormt, og informasjon du eller andre legg ut vil raskt kunne bli plukka opp av andre og spreie seg til nye nettstader. Om du finn informasjon du føler er krenkande eller som du av andre grunnar ønsker å få vekk, bør du vere raskt ute. Jo raskare du får informasjonen vekk, jo mindre sjanse er det for at han vil kunne dukke opp seinare! Om du har venner som legg ut bilete av deg eller annan informasjon du sjølv ikkje ønsker å ha liggande ute, er det betre å be dei fjerne han no enn å oppleve at han plutseleg dukkar opp seinare.

Ikkje alt kan slettast

Somme ting vil det likevel vere umogeleg å få fjerna. Om du har lagt ut ein video som blir svært populær eller eit bilete som mange synest er morosamt, vil det truleg bli spreidd og lasta både opp og ned i fleire versjonar. I slike tilfelle vil det vere så å seie umogeleg å fjerne informasjonen. Tenk derfor godt gjennom kva slags informasjon du eigentleg ønsker skal hamne på nett.

Om Slettmeg.no

Nettstaden Slettmeg.no er ei råd- og rettleiingsteneste for deg som føler deg krenka på nett. Tenesta har ikkje mandat til å foreta sletting eller krevje at noko skal slettast frå nett. Tenesta kan derimot hjelpe deg med å komme i kontakt med dei som har lagt ut opplysningane, eller eventuelt tenesta der opplysningane ligg. Dei kan også gi teknisk hjelp og råd om korleis ein best bør gå fram for å få fjerna opplysningane. Slettmeg.no blir drive av Norsk senter for informasjonssikring.

Alt om deling av nudes

Skrevet av:
Redaksjonen, ung.no
Sist oppdatert:
10.09.2018
Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?

Spørsmål og svar

Kontakte Facebook?
Hei,På Facebooks hjelpeside finnes det flere forskjellige kontaktskjemaer, alt ettersom hva man behøver: https://www.facebook.com/help   Hilsen s...
Hei er det ulovlig å se på nakenbildene til Nora Mørk på nettet?
Hei Det er flere personer som har blitt straffet i forbindelse med at nakenbildene til Nora Mørk ble stjålet. De som er straffet har da blitt stra...
Hvordan slette info om meg selv på 1881?
Hei, For å slette opplysninger som adresse og telefonnummer må du kontakte din teleoperatør og be om såkalt reservering. Deretter vil nettkatal...
Jeg har blokkert noen på snapchat, MEN uten å tenke meg om ga jeg han navnet mitt så han kan finne meg. Jeg er redd for hva han kommer til å gjøre. Om han vil stalke meg osv. 
Hei, og takk for at du skriver til ung.no!   Jeg forstår at du er redd, men mest sannsynlig vil han ikke bry seg om det. Frykter du at han forføl...
Hva telles som nudes?
Hei Nudes blir gjerne brukt om bilder av naken kropp uten klær. Speilselfie i bukse/shorts og bh er ganske avkledd. Jeg vil fraråde deg å sende f...
Hvordan får jeg tømt messenger for kontakter?
Hei   For å kunne slette alle dine kontakter og profil i Messenger som ikke er tilkoblet Facebook så kan du benytte denne veiledningen: https://...
Kan politiet finne igjen bilder på Snapchat?
Hei Alle bilder som sendes med snap vil være lagret på serveren til snapchat på et eller annet tidspunkt. Det vil neppe være en enkel sak å få ...
Hvor gammel jeg må være før jeg har lov til å starte en egen kanal på YouTube
Hei Informasjon om dette finner du her: https://support.google.com/accounts/answer/1350409?hl=noDer står det at aldersgrensen for Youtube i Norge er...
Kan jeg slette en Instagram-profil jeg ikke har passord eller e-mail til?
Hei Grunnen til at du ikke klarer å finne noen måte å få den slettet på, er at det dessverre ikke er mulig å slette en Instagram-konto du ikke ...
Hvordan får jeg bildene slettet fra Google Bilder? 
Hei Disse bildene henger igjen på Google.Google fungerer slik at "søkerobotene", som det kalles, går gjennom flere nettsider, og kartlegger innhol...
Jeg har lyst til å starte en blogg, men foreldrene mine er uenig. Skal jeg lage en blogg allikevel?
Hei Det er både positive og negative sider med å blogge. Kanskje er det slik at foreldrene dine har vippet over på det mest negative. Når du skri...
Hvordan sperre en nettside?Vil unngå at søsteren min spiller på min pc
Hei Her er en link som beskriver hvordan man går fram for å sperre en nettside: http://leif-daland.com/blogg/2007/10/sikkerhet-blokker-u%C3%B8nsked...
Plutselig en dag så kan jeg ikke sende han snap eller noe.
Hei Dette høres ut som en sak for Snapchats kundeservice: https://support.snapchat.com/co/other-feedback Hilsen slettmeg.no i samarbeid med ung.n...
Er sjikanering og hetsing på nett straffbart?
Hei Sjikanering og hetsing kan føre til straff. Du sier lite om hva du utsettes for, men jeg forstår at du opplever dette vanskelig og plagsomt. Jeg...
Kan man få virus på sim-kort?
Hei Takk for at du skriver til oss. Det er en teoretisk mulighet for slik type "virus", men sannsynligheten så liten at jeg synes ikke det er noe d...
Jeg har blitt hacket på snapchat
Hei Ta kontakt med Snapchats kundeservice: https://support.snapchat.com/co/other-feedbackHåper dette hjelper. Hilsen slettmeg.no i samarbeid med ...
Jeg ble filmet da jeg sugde på en dildo. Nå blir jeg mobbet. Hva gjør jeg?
Hei, og takk for at du skriver til ung.no!   Jeg forstår at du er fortvilet. Du skulle tulle med vennene dine, men noen filmet og le det ut på ne...
Kan personer se at jeg har sett/søkt på de?
Hei Takk for at du skriver til oss. Jeg antar at du ikke faktisk har "stalket" eller forfulgt noen, da dette beskriver handlinger som er ulovlig. Me...
Er det lov å bruke popcorntime?
Hei Så lenge Popcorn Time blir lastet ned fra en sikker kilde, som den offisielle nettsiden (https://popcorntime.io/), er det så å si 100 % sikker...
Se alle