Eg og ei jente frå skulen snakkar ein del på Snapchat. Eg kjenner ho ikkje så godt, men ho er eit år eldre enn meg og sjukt fin.

Ein kveld sende ho eit bilete av seg sjølv i trusa og skreiv: «Send nudes ;)» Eg tenkte at det var ei morosam greie, og sende eit bilete av meg sjølv i bokseren.

Så sende ho eit bilete av puppane sine og spurde om ho kunne sjå eit bilete av meg utan boksar. Eg sa først nei, men ho masa og sa det ville gjere ho utruleg kåt, så til slutt sende eg.

Då eg kom på skulen dagen etter, høyrde eg fleire som snakka om at ho eg chatta med, hadde sendt nudes av ein gut. Eg fekk heilt noia. Ho hadde vidaresendt bileta til folk på skulen, og det verkar som alle har sett dei.

Eg veit ikkje kva eg skal gjere.

«Noah (15)»

 

 

Bilete på avvege

Mange likar å dele bilete og filmar, og det kan kjennast spennande å sende eit intimt bilete av seg sjølv til nokon ein flørtar med eller til ein kjærast.

I mange høve er dette heilt uproblematisk, men dessverre kan det òg skje at biletet du har sendt, vert delt vidare. Det kan vere for å vise kva ein har teke imot, skryte til kompisar, for gøy eller av heilt andre grunnar.

Vurder om du vil melde det

Om nokon spreier nakenbilete eller andre intime bilete av deg, utan ditt samtykke, vil dei kunne straffast for dette. Dette gjeld same om du har sendt bileta frivillig, eller om personen har fått tilgang til bileta ved å hacke seg inn på mobilen eller PC-en din.

Det er strafflagt å ta vare på og spreie seksualiserte bilete av barn under 18 år. Dette følger av straffelova § 311. Du kan lese meir om kva som er strafflagt og kvifor i denne artikkelen.

Om du ønsker å melde saka, kan du ringe politiet på 02800. Dei vil hjelpe deg med kva du skal gjere vidare med saka. Du kan òg møte opp på det lokale politikontoret.

 

Fortel nokon om det som har skjedd

Om eit intimt bilete av deg er sendt vidare til nokon på skulen eller på andre måtar hamna på avvege, bør du snakke med ein vaksen om det som har skjedd. Det kan vere foreldre, kontaktlærar, helsesøster eller andre vaksne du stoler på. Dei kan hjelpe deg med å finne ut om dette er noko som bør meldast, eller om de kan løyse det på andre måtar.

Sjølv om det kan kjennast både flautt og vanskeleg å fortelje at du har sendt eit nakenbilete av deg sjølv, er det likevel viktig at du snakkar med nokon som kan hjelpe deg. Du er ikkje den einaste som har gjort dette.

Det å sende bilete av seg sjølv er ikkje ulovleg, men å sende vidare intime bilete av andre utan samtykke er ikkje lov.

Om biletet ditt er delt vidare på ulike nettsider, kan du lese meir her om korleis du kan få det fjerna.

Tenk gjennom ...

Fordi bilete plutseleg kan ende opp hos nokon andre enn dei dei var meinte for, er det alltid lurt å gjere seg opp nokre tankar før ein sender biletet.

Kvifor ønsker du å sende biletet, og kva konsekvensar kan det få om det hamnar på avvege? Korleis ville det vore om biletet vart sett av nokon andre? Kan du stole heilt og fullt på personen du sender til? Tenk gjennom om biletet kan misbrukast i nokon samanheng, og om den risikoen er akseptabel for deg.

Men om du vel å dele eit bilete, så hugs uansett at om nokon vidaresender og spreier private bilete av deg, er det aldri skulda di. Det er den som deler bileta som gjer noko ulovleg.

 

Treng du hjelp eller råd?

Slettmeg.no: Om du opplever at private bilete eller opplysningar du har lagt ut om deg sjølv på nettet, vert misbrukte, kan du gå til nettstaden slettmeg.no. Der finst informasjon, råd og rettleiing. Du kan òg kontakte dei via nettsida.

Politiet: Dersom du ønsker eller vurderer å melde saka, vil politiet hjelpe deg med kva du skal gjere vidare med saka. Ring politiet på 02800 for å kome til det lokale politidistriktet, eller følg denne lenka og skriv inn kor du bur for å finne næraste politi.

Konfliktrådet: Mekling i konfliktråd er eit høve for deg som er involvert i ein konflikt eller eit strafflagt forhold. Det er gratis, og dersom saka di vert løyst her, vil ho ikkje verte registrert på den ordinære politiattesten. Les meir på konfliktraadet.no og finn konfliktrådet nærast deg.

Helsesøster: Du kan snakke med helsesøster på skulen eller næraste helsestasjon for ungdom om alt som du strever med. Helsesøstrer fortel det ikkje vidare til nokon. Dei har teieplikt så sant det ikkje er fare for liv og helse.

Ung.no:ung.no/oss kan du enten stille spørsmål sjølv – eller søke deg fram blant nokre av dei mange svara som allereie ligg der.

Her på ung.no finn du òg ei stor oversikt over hjelpetenester som kan vere nyttige for deg.