Mange liker å diskutere i kommentarfelt, ulike debattforum og i sosiale medium. Det er mange fordelar med å diskutere på nett, men det er fort gjort å miste fokus og gå til personangrep heller enn å diskutere sak.

Her får du nokre gode tips til korleis du kan diskutere på ein god måte, utan å miste hovudet.

 

Korleis vere usamd utan å øydeleggje diskusjonen?

  • Det er ein fordel å ha greie på det som blir diskutert. Set deg inn i saka først. God oversikt over fakta og bakgrunn for saka gjer det enklare både å danne seg ei eiga meining og argumentere for henne
  • La andre seie kva dei meiner, sjølv om du er usamd med dei
  • Hold deg til temaet
  • Ikkje gå til personangrep på dei du diskuterer med. Negative skildringar om utsjånad eller andre kjenneteikn og trugslar er døme på personangrep
  • Prøv å forstå kvifor dei du diskuterer med, meiner noko anna enn deg. Spør kvifor! Dersom ingen interesserer seg for kvifor dei andre meiner det dei gjer, blir det heller ingen debatt
  • Forklar meiningane dine, ikkje berre gjenta dei. Kvifor meiner du det du meiner?
  • Svar på sakleg kritikk
  • Du må ikkje vinne kvar einaste diskusjon. Det er lov å vere usamd

Nokre ytringar - ting ein skriv eller seier, kan ha negative konsekvensar sjølv om dei er lovlege. Derfor er det mange fordelar med å diskutere på ein god og sakleg måte.

Uskuldig spøk eller mobbing?

Nettet gjev ikkje det same høvet til å sjå reaksjonen til personen som sit i den andre enden. Det gjer at noko som kanskje var meint som ein uskuldig spøk og humor frå avsendaren si side, kan oppfattast som mobbing, hets, hat eller trugslar av mottakaren.

Derfor er det viktig å tenkje seg om før ein trykkjer på send-knappen.

Du har heller ingen kontroll over kva andre gjer med innhaldet du skriv, og det kan vere vanskeleg å fjerne det.

Fordelar med sakleg debatt

Kjenneteiknet på ein god diskusjon er at han gjev rom for å meine og stå for noko. Meiningsutveksling og usemje skjerpar tankar og argument, og ein gjer kvarandre litt klokare. Du må vurdere eigne standpunkt og argument på nytt. Kanskje lærer du noko nytt som gjer at du justerer eller endrar standpunkt?

Ein god debatt er positivt både for enkeltpersonar og for samfunnet. Når du tek del i gode diskusjonar, får du eit gjennomtenkt forhold til kva du sjølv står for når du forsvarer det i ein diskusjon. Sjølv om du ikkje overbeviser motstandaren, kan du overbevise tilskodarar til debatten.

Gjennom å ta del i sakleg debatt bidreg du til å skape arenaer der motsetningar og usemjer i samfunnet blir avklarte på ein fredeleg måte.

 

Du har rett til å meine kva du vil

I Noreg har vi demokrati, og eit levande demokrati treng mange forskjellige stemmer og meiningar.

Retten din til å seie og meine kva du vil, står skriven i Grunnlova § 100. Der står det at alle i Noreg har ytringsfridom og at ingen kan straffast for ei ytring så lenge ytringa er grunngjeven i "sanningssøking, demokrati og den frie meiningsdanninga til individet".

 

Ytringsfridomen er ikkje absolutt

Ytringsfridomen gjev deg rett til å utfordre politikarar og dei med makt, til å vere usamd med andre, til å danne deg dine eigne meiningar og til å seie eller skrive dei når du vil. Men ytringsfridomen handlar også om retten til å ta til motmæle utan å bli utsett for hat, trugslar eller vald. Det vil seie at ytringsfridomen din ikkje gjev deg rett til å få andre til å vere tause.

Ytringsfridomen er derfor ikkje absolutt. Det finst fleire lovfesta avgrensingar i ytringsfridomen, som forbod mot å setje fram trugslar, ærekrenkingar, privatlivskrenkingar, trakassering, omsynslaus åtferd og grovt pornografiske, diskriminerande og hatefulle utsegner.