Ungdom som opplever utpressing på nett, spel eller i sosiale medium, har det ofte veldig vondt og veit ikkje korleis dei kan få ein slutt på det. Å truge nokon til å gjere noko personen ikkje vil, er ulovleg - her er nokre tips til kva du kan gjere dersom det skjer.

Sei frå – sjølv om det er flautt

Mange som blir utsette for utpressing, har sendt nakenbilete til nokon dei trudde at dei kunne stole på. Dersom ein person trugar deg, og seier at bilete du har delt, vil spreiast vidare dersom du ikkje sender meir, eller betaler pengar, er det viktig at du seier frå om det. Det kan vere ein vaksen du stoler på, helsesjukepleiar på skulen eller politiet. Nedst i denne saka finn du fleire du kan kontakte som kan hjelpe deg.

Det kan kjennast vanskeleg å seie frå. Kanskje skammar du deg over at du sende bileta første gongen, eller kanskje du er redd for at personen skal spreie bileta om du ikkje gjer som han eller ho seier?

Hugs at du ikkje er åleine om å ha sendt slike bilete, og at det er den som pressar deg, som gjer noko gale. Dei du seier frå til, kan hjelpe deg, og vil nok berre ditt beste!

 

Pressa av nokon du kjenner

Dersom den som pressar deg er ein du kjenner, ein du liker godt, ein ven eller ein på skulen din, bør du snakke med ein vaksen du stoler på, om det du opplever. Det kan vere ein lærar, helsesjukepleiar på skulen din, forelda dine eller nokon andre vaksne.

Sjølv om det kan kjennast flautt å snakke om, er det viktig at du fortel det til nokon, så dei kan hjelpe deg med å finne ei løysing og få personen til å stoppe.

Denne filmen frå politiet handlar om å få bilete av seg delt av ein du kjenner:

FAKTA

Seksuell utpressing på nett

  • Overgriparar bruker ofte falske profilar i sosiale medium for å kome i kontakt med unge.
  • Når dei har fått ungdom til å sende nakenbilete, eller gjere seksuelle handlingar med seg sjølv som dei har opptak av, startar utpressinga.
  • Trugslane går ofte ut på å dele bileta og filmane med vener og familie. Kontaktane finn dei via Facebook.
  • Utpressarane krev ofte mindre pengebeløp, fleire filmar/ bilete eller møte med ungdomane som betaling for at dei ikkje skal spreie innhaldet.

Pressa av ein du trudde du kjende?

I nokre tilfelle er utpressarane framande personar, som du trudde at du visste kven var og som du kanskje er vorten glad i. Desse personane får gjerne kontakt med ungdom gjennom falske profilar på til dømes Facebook, Instagram, Snapchat, Jodel, eller Skype, spel eller via nettsider som Chatroulette.

Denne filmen frå NRK Skole handlar om dette:

Denne type utpressing startar ofte med at gjerningspersonane får deg til å sende ganske uskuldige bilete. I neste omgang bruker dei desse bileta til å presse deg til å sende drygare bilete. Dei kan også lokke med betaling i form av alkohol, overføringar på Vipps eller gåvekort. Det er viktig å ta kontakt med ein vaksen eller politiet med ein gong dersom dette skjer.

Dersom du blir utsett for denne type press tilrår politiet at du:

  • Bryt kontakten så snart som mogleg.
  • Tek kontakt med politiet så raskt som mogleg.
  • Ikkje betaler det utpressaren krev. Betaler du, kjem det vanlegvis fleire krav.
  • Dokumenterer/tek skjermbilete av mest mogleg av det som har skjedd og kontakten.
  • Tek skjermbilete av samtalar, informasjon på profilar og bilete eller video av den du har snakka med.
  • Noterer kva kanalar, tenester og kontoar som vart brukte, både av deg og utpressar.
  • Tek vare på IP-adressa til utpressaren dersom du har tilgang til den.
  • Tek vare på alt som kan hjelpe politiet med å identifisere vedkomande, som adresser, telefonnummer, kontonummer og betalingsinformasjon.
  • Ikkje slettar programvare eller kontoar til politiet har fått gjort sine undersøkingar.

 

Det er ikkje din feil

Sjølv om du sjølv har hatt kontakt med personen, vil ikkje det seie at du har noko ansvar - det er framleis eit overgrep, og det er utpressaren som har gjort noko gale.

Det er veldig lett for ein vaksen å manipulere deg til å bli med på leiken, og mange har late seg rive med og sender bilete og filmar, eller viser seg fram på kamera.

Det er ubehageleg å føle seg lurt og svikta, og det kan gjere at du også føler skuld og ikkje føler du kan seie frå. Dette veit den som har lurt deg og utnyttar det.

Kven kan hjelpe deg?

Det er mange som kan og vil hjelpe deg. Du kan chatte med noen om det anonymt, ta kontakt med en hjelpetjeneste eller sende inn spørsmål til oss dersom du ønskjer råd til kva du kan gjere.

Politiet/Kripos: Meld frå til Kripos: tips.kripos.no eller ring politiet på 02800. Politiet vil hjelpe deg med kva du skal gjere vidare med saka.

Alarmtelefonen for barn og unge:

Alle barn og unge kan ringje 116 111 gratis blant anna når dei er utsette for overgrep eller opplever andre akutte og vanskelege situasjonar. Dei kan du også chatte med, heilt anonymt.

Slettmeg.no: Slettmeg får mange spørsmål frå barn og unge om denne typen overgrep og kan gje deg gode råd til kva du bør gjere. Du kan kontakte dei på epost: hjelp@slettmeg.no eller på telefon 911 29 392

Lokalt: Du kan ta kontakt med læraren din, helsesjukepleiar eller ein annan vaksen du stoler på. Hugs at vaksne ønskjer å hjelpe deg i denne situasjonen.

LURT PÅ NETT: Noen voksne spesialiserer seg på å lure barn og unge til å sende bilder og filmer, og så presse dem for penger eller flere bilder (Video: Europol).