Hopp til hovedinnholdet

Novelle: "Når ei såpeboble sprekk..."

Ho kikka på seg sjølv i spegelen – fyrst blygt, undersøkjande, så meir sjølvsikkert. Til slutt vart ho ståande og stirte beundrande på sitt andre eg der inne i spegelen. Det var ikkje så verst det ho såg, ho hadde i det heile kome godt ut av det.

Novellen er skrevet av Elisabeth

Augo glitra, store, blå. Linsene gav dei ein heilt spesiell, klar blåfarge. Håret skein lyst som sola – eit perfekt resultat av Wella. Eigentleg var ho brunette, men ho lika best når lokkane dansa gylne tonar. Brysta var store, flotte og midja smal lik ein slank panter. Ingen kunne sjå at dette var Dr. Andersson sitt verk. Huda hennar hadde eit blankt skjer. Ho var skjør som ei såpeboble.

Han såg henne som i ein draum der han sat i bilen. Alle dei fine formene låg lagra på netthinna. Kvar liten bølgjedal, kvar fjelltopp. Solbrillene kjentes faste over naseryggen, gelèen sat som han skulle. I sidespegelen eksperimenterte han med kor mange knappar i Giovanni-frakken som skulle vera opne. Det enda med at han la jakka i baksetet og let bicepsane openberra seg gjennom den tynne Mexx-skjorta. Han kjende sin eigen aura blande seg med dufta av Hugo for men. Henslengd lente han seg tilbake i framsetet og let lykkepillen gjera han deilig fornøgd med tilværet.

Ho hugsa han slik. Frå fyrste stund hadde han vore ein Don Juan som kom flygande inn i livet hennar som ein frisk bris. "Så rik og vellykka med ein lysande karriere. Han er perfekt," tenkte ho idet ho drog på seg siste skrik frå Milano. Eit barbie-smil leika om munnen hennar då ho lakka neglene med Elizabeth Arden, og gjorde finpussen med Oil of Ulay. Nivea Visage var i ferd med å balsamere den sarte huda hennar då eit gjenkjenneleg pip forstyrra idyllen. Det hadde romla i magen på hennar nye Ericsson mobiltelefon. Meldinga kom frå han. Bilen skulle stå utanfor villaen om ti minuttar, presis klokka åtte.

Nokre tastetrykk seinare hadde ho formidla si yrande forventning. Han strauk neven over vaskebrettet idet han let augo gli over displayet. "Eg kan gi deg alt du treng," kviskra han medan lommeboka sprengde på i baklomma. Fingrane glei kjærleg over rattet før dei vrei om tenninga og let den raude Porschen menga seg med mørke Mercedesar og spreke Jaguarar.

I den kvite villaen sklei ein like raud draum ned trappa. Ho var klar for jet-set og nattklubb. Mora trippa nevrotisk omkring og nippa champagne av krystall. Ho hadde nettopp kome tilbake frå ansiktsklinikken i Sveits. Operasjonen hadde vore ein presang frå faren, men no var dei to skilde og lukkelege.

Ein raud Porsche nærma seg ein kvit villa.

Klokka 20.01 i ei perfekt verd: Ein gamal og velbrukt sykkel vert parkert utanfor eit rekkehus. Han gjer eit siste forsøk på å få hårtustane til å liggje riktig veg før han let dørklokka kime. Skritt nærmar seg i yttergangen og eit sjenert, lite ansikt lyser opp straks ho gjenkjenner dørseljaren. Smilet fell eit hakk i munnviken då ho med eitt hugsar pubertetsbeviset midt i panna. Han luktar litt sveitt etter sykkelturen, men sterkast kjenner ho lukta av han. Ho triv på småskor som har sett betre dagar og ei vindjakke som tilhøyrer systera.

Dei deler på klamme hender medan dei passerer Hennes&Mauritz-plakaten på hjørnet. Latteren virvlar i vinden og fortel kva ekte lukke er. Framfor eit falsk reklame-glis vandrar to perfekte menneske.

(Publisert i Magasinet UNG nr 2/2000)

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?