Hopp til hovedinnholdet

Novelle: "Ho og pepper"

Ho var imponert. Ho var verkeleg imponert. Over seg sjølv. Ho var imponert over at ho torde. Dette var fjerde kvelden ho stod slik. Ho visste det var galt å spionera på folk på den måten. Men ho kunne ikkje noko for det.

Novellen er skrevet av Gry

Trangen til å få vita meir… Dessutan hadde ho alltid meint at det låg i stjernene kva som kom til å skje. Alt var bestemt på førehand, så eigentleg kunne ikkje menneska styre gjerningane sine. Det var forresten ei god unnskyldning når ho hadde gjort noko som foreldra hennar ikkje likte.

Det var ingen utanom ho sjølv som visste at ho dreiv og spionerte. Foreldra hennar trudde at ho var i lag med venene sine. Og venene trudde at ho hadde familiekveld heime. Det var herleg å gjera noko som berre ho visste om.

Ho var alltid blitt sett på som ein litt mystisk person. Det mørke håret hennar, gjekk i bølgjer nedetter ryggen. Augo hennar skjulte løyndomar, sa nokon. Augo hennar var mørkebrune, nesten svarte. Andre meinte at ho hadde magiske evner. Vel, ho likte å vera for seg sjølv. Likte å lesa bøker om mystikk og uforklarlege hendingar. Ho hadde ei slags eiga verd. Det var ein av grunnane til at ho drøymde seg bort så ofte. Ein annan grunn var Pepper.

Der var han! Ho kunne sjå omrisset av han i det mørke atelieret. Så skrudde han på lyset. Han hadde på seg den same frakken som han hadde hatt kveldane før. Det var ein lysegrå og skiten arbeidsfrakk. Den stod i tydeleg kontrast til det skinande lyse håret hans. Det såg så silkemjukt ut. Ho følte lysta til å stryka fingrane gjennom det…

Spenninga bygde seg opp i henne medan ho såg på han. Det var heilt stilt. Det låg ein slags tryggleik i mørkret her ute. Det var eit venleg mørke. Mørkret i sommarnetter var ikkje skremmande. Det var beskyttande. Nokre få stjerner var synlege på himmelen. Men ho såg ikkje på stjernene. Ho såg på han.

Han var like mystisk som ho. Det var ikkje mykje ho visste om han. Ho visste at han var kunstnar. Han arbeidde med skulpturar. Somme var laga av leire, andre av keramikk, og dei finaste var laga av ein slags marmor. Det var om lag det einaste ho visste om han, sjølv om dette var fjerde kvelden ho spionerte på han. Ho visste ikkje eingong kva namnet hans var. Han vart berre kalla "Pepper". Det var vel kunstnarnamnet hans. Ho kunne ikkje forstå kvifor han kalla seg det. Å, kor ho elska det uforklarlege.

Pepper stod i djup konsentasjon. Ho kunne tydeleg sjå korleis andletet var stramt i eit alvorleg uttrykk. Det var langt ifrå noko fløyelspusandlet. Han hadde ein utsjånad som ikkje likna nokon andres. Andletet hans var utruleg vakkert på ein heilt uvanleg måte. Til gjengjeld var det sikkert berre ho i heile verda som meinte det. Alle andre gjekk rundt og kalla han "stygge-Pepper". Ho kunne ikkje forstå dei. Uforklarleg…

Meiselen låg fint på plass i handa hans. Han skulle begynne på ein marmorfigur. Han trekte pusten. Djupt, kunne ho sjå. Ho elska han. Difor gjekk ho heim. Ho visste at ho aldri kunne få han, ho som var så spesiell.

Han sat på huk. Dette var den fjerde morgonen han sat slik. Han hadde litt skuldkjensle fordi han dreiv og spionerte på denne måten. Men han klarte ikkje å stå imot. Berre eit vindauge med tynt glas, skilde dei.

Ho sat med ryggen til. Sat og las i ei bok. Det mørke håret flomma nedetter ryggen hennar. Det var som natta. Trygt og beskyttande. Ein kunne gøyma seg der om ein fare truga.

Ho var det vakraste han nokon gang hadde sett. Kva ville folk ha sagt dersom dei visste at han, av alle menneske, sat her og spionerte på verdas vakraste jente. Nei, han kunne like gjerne gje opp. Han kunne like gjerne berre gå attende til det usle atelieret sitt. Han kom aldri til å få henne likevel, han som var så stygg. Folk kalla han jo berre "stygge-Pepper". Han gjekk

(Publisert i Magasinet UNG, nr 1/1999)

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?