Hopp til hovedinnholdet

Novelle: "Knust glas"

”Faen!!” Eg ropte ordet ut så høgt eg makta medan eg slo knyttnevane i pulten av all kraft. Ekkoet gjalla i murveggane og nokre blyantar og noko anna småbøss datt i golvet. Eg seig ned i senga, og kjende at eg trengte å rope igjen.

Novellen er skrevet av Ola

"Faen!!!", ropte eg, denne gongen enda høgare, og det gjorde godt inni meg.

Men eg kunne framleis ikkje forstå korleis ho kunne gjere noko slikt mot meg, og øydelegge alt det vi hadde hatt saman. Tre år hadde vi vore i lag, tre lange år. Hjartet mitt gjorde eit lite hopp kvar einaste gong eg såg henne, og det gjer det framleis. Ho var den første jenta eg kyssa, og vi gjekk saman inn i dei vaksnes rekker. Eg såg opp på biletet som sto oppe på pulten min. Det var det finaste biletet eg hadde av henne, eg hadde brukt over hundre kroner på å kjøpe ei fin ramme til det.

Eg kan godt hugse når eg tok det. Det var midtsommar, og vi hadde bestemt oss for å overnatte ei natt ute på ei av øyane i skjærgarden rett utanfor der eg bur. Det var berre oss to, og vi hadde ein "uforglemmeleg aftan", som dei seier. Vi hadde med oss masse reker og anna god mat, og vi sat og åt til langt på natt. Vêret var upåklageleg, det var vindstille og ikkje ei sky på himmelen. Og då vi var ferdige med å ete, gjekk vi og sette oss på svaberget nede ved sjøen. Der blei vi sitjande i timevis, heilt stille, medan sansane våre jobba på spreng for å få med seg alt som var verdt å sanse. Det var som om vi var i ein slags transe, begge to var vi heilt styrte av den utrulege stemninga. Det var då eg tok det, biletet som no står pent ramma inn på pulten min. Etter ei lang tid med berre ro, kikka eg plutseleg bort på henne. Ho sat der ved sida av meg, heilt urørleg, og kikka opp mot himmelen. Ansiktet hennar mista litt av det spesielle uttrykket ho hadde då ho såg at eg fiska opp fotokameraet frå bukselomma, men det vart likevel eit flott bilete.

Vi opplevde fleire slike stunder saman, men den kvelden ute på øya er den eg hugsar best. Vi gjekk ofte lange turar saman i helgane. Vi tok med oss kvar vår hund, nokre bollar og litt varm sjokolade og var ute i skogen heile dagen. Vêret spela inga rolle, vi hadde det alltid fint når vi gjekk tur. Medan hundane sprang vilt rundt i buskar og kratt, gjekk vi sakte og roleg, hand i hand. Vi kunne snakke om alt mogleg mellom himmel og jord når vi var ute og gjekk, men nokre gonger berre gjekk vi der heilt stille, og tenkte våre eigne tankar.

Men no var det altså over, alt det fine vi hadde saman, blei plutseleg borte, og forholdet vårt var fortid. Ei lita, salt tåre rann nedover kinnet mitt, før den enda som ein liten våt flekk på skjorta mi. Eg begynte alltid å gråte når eg tenkte på henne no, kvar einaste gong. Eg vart aldri glad lenger, som eg brukte å bli før. I staden kjendest det som om eg hadde eit stort tomrom inne i meg etter henne, som blei større og større for kvar dag eg ikkje var saman med henne, og for kvart einaste sekund eg tenkte på henne. Kven skulle fylle det store tomrommet? Ville det bli lega med tida, eller ville eg alltid ha eit arr etter henne?

Eg sakna det å vere saman med henne, men det som plaga meg mest, var det at eg ikkje kunne forstå kvifor ho hadde gjort det slutt. Det einaste ho sa til meg var; "Eg trur det må bli slutt no. Eg har ikkje lenger dei same kjenslene for deg, eg trur eg kan trengje litt forandring". Og da eg sa at eg meir enn gjerne kunne forandre meg for hennar skuld, så berre rista ho forsiktig på hovudet og gjekk. Det var så mykje eg skulle ha sagt til henne før ho gjekk, men eg fekk ikkje sagt eit einaste ord. Eg blei berre ståande heilt urørleg og sjå etter henne der ho gjekk, og då ho var ute av syne, sprang eg heim så fort eg kunne og låste meg inne på rommet mitt.

Eg blei på rommet mitt resten av den kvelden, og eg har låst meg inne på rommet mitt kvar einaste kveld etter at ho gjorde det slutt. Eg takla det berre ikkje, eg kunne ikkje gjere anna enn å liggje i senga og tenkje på henne. Eg gret mykje, og det hende ikkje sjeldan at eg ropte ut stygge ord av all kraft. "Kvifor?" var eit spørsmål som gjekk igjennom hovudet mitt stadig vekk. Eg hadde enno ikkje funne noko svar. Var det noko eg hadde gjort eller sagt som ho ikkje likte? Var det kanskje den nye guten i C-klassen? Ho har jo prata ganske mykje med han i det siste, men ho kan vel ikkje ha gjort det slutt berre på grunn av han? Eller?

Tanken på at det kunne vere ein annan gut som hadde øydelagt for oss, gjorde meg enda meir sint og frustrert enn eg hadde vore før. Eg reiste meg brått opp frå senga, lukka opp vindauget, greip tak i biletet og sleppte det utanfor. Eg angra allereie det første sekundet etter at eg sleppte det, og eg ropte eit forvilt "NEEEEIIIIIII!!!!" idet eg såg at den dyre ramma blei knust mot asfalten tre etasjar lenger ned. Eg blei ståande i vindauget ei lita stund og sjå på at biletet blei vått av regnet. Skulle eg gå ned og hente det som var igjen av det, eller var det kanskje best å la det bli liggjande der nede? Eg bestemte meg etter ei stund for å gå ned og hente det, eg fann ut at eg var for glad i det til å la det liggje i regnet og bli øydelagt, men eg kjøpte ikkje noka ny ramme til det. Eg tørka berre vekk litt av vatnet før eg putta det i ein konvolutt og la det innerst i den nedste skuffa i skrivebordet mitt. Eg måtte berre prøve å gløyme henne for ei stund, eg kunne ikkje gå rundt og sutre i all ævelengd. Men det er ikkje alltid så lett å gløyme…

(Publisert i Magasinet UNG nr 2/1999)

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?