Hopp til hovedinnholdet

Novelle: "Eg er maskert"

lys
Rodt lys

Eg har aldri vore så nervøs før i heile mitt liv. Sveittedråpane renn nedover ryggen min som sju edderkoppar på vill ferd for å redde sitt eige liv. Eg skal ut i ljoset, ut der alle kan sjå på meg, studere og vurdere alt eg gjer. Kva om eg er redd, kva om eg ikkje får fram eit einase ord av det eg skal seie? Det kjem aldri til å gå.

Anonym

lys
Rodt lys

Scena der ute, rett bak sceneteppa, er som ein stor arena, der eg kan gjere kva eg vil, berre eg held meg til det som står skrive i manuset, livets manus.

Før var det ikkje sånn, det vart mykje lettare og tryggare då. "Gutane i gata leikte som gutar alltid gjorde, i hordar. Småpikane heldt saman to og to." (Sigrid Undset – Smaapiker) Ein vart aldri forlate aleine, og ein vart alltid minst to same kva.

Eg er heilt aleine, har ikkje noen som seie til meg kva eg skal gjere, einaste eg har er maska.

Eg er maskert. Når eg er maskert, føler eg at eg kan vere meg sjølv, eller den som eg ønskjer at eg er. Eg er ein skodespelar som spelar mange ulike rollar. Shakespeare sa ein gong dette: "All the world’s a stage. And all the men and women merely players: They have their exits and their entrances; and one man in his time plays many parts." Heile verda er ein scene og alle menneska er skodespelarar i eit stort stykke som heiter livets gong.

Då vart tida inne, det er min tur, min sjanse.

Men eg tør ikkje. Eg blir dytta ut på scenen. Eg står i ljoset og ser utover folkemengda. Det kjenst rart, er mogleges noko med ljoset, det har ein slik bindande effekt. Eg klarar ikkje motstå det. Det er som om eit eller anna prøver å seie meg noko, men kva er det?

Det kjenst som om kroppen min ikkje heng saman, som om eg ikkje er eit heilt menneske, men eit garnnøste som sprett rundt i kvar einaste krok i heile salen.

Det er ikkje eit nøste ein gong, men ein lang snor. Eg burde kanskje føle meg splitta og øydelagt, men kjenslene er sterkare og betre enn nokon gong. Same kjenslene som dei eg fekk då eg ein gong vann pengar på speleautomaten utanfor Rimi. Eg vann mange gangar, og spelte endå meir enn det eg vann.

Plutseleg skifta ljoset farge, det er dystert og ikkje særleg morosamt lengre.

Eg kjenner meg liten, utruleg liten. mørk og skremmande stemme høyrer eg langt vekke. Men eg tør ikkje spørje kva han seie. Stemma blir høgare og høgare. Eg føler meg endå mindre, vil berre grave meg ned i ingenting. Eg vil ikkje stå på scena meir. Eg klarar ikkje meir.

Ljoset skiftar igjen, no til kalde fargar, ein form for blåtone.

Eg har lyst å skrike ut, berre kaste ifrå meg maska og springe ut bak sceneteppa og heim til ho mor. Men eg kan ikkje, eg klarar ikkje flykte frå ljoset. Det har ein utruleg makt over meg, ein form for tiltrekningskraft som trekkjer meg nedover og får meg til å føle meg einsam og verdslaus.

Ljoset blir så endra, til ein raud farge.

Musikk kjem på og stemma er vekke. Eg klarar å reise meg opp. Dei spelar ein kjend Beatles song som heiter "My Sweet Lord" eg kan songen så eg syng med. Plutseleg vart det heilt svart. Den mørke og skumle stemma kom tilbake. Høgare og høgare. Eg prøvde og helde meg for øyrene, men eg kan ikkje bevege armane. Eg fall mot golvet med eit smell. Eg slenge meg rundt i ring på golvet. Stemmen blir endå høgare. Eg kan kjenner pusten, kven er det?

Ljoset kjem sakte på.

Men kvar er eg? Eg kan ikkje bevege armane mine, ikkje beina heller. Kva har skjedd? Kvifor er ikkje eg på scena framleis? Ein mann bøyer seg over meg, og kviskrar i øyret mitt "Tom, du må hugse å ta medisinane dine" eg ser ned på handledda mine, dei er hovne og litt blå. På handa har eg eit armband der det står "Psykriatisk avdeling." eg skjønnar framleis ikkje noko. Etter ein stund går legane ut frå rommet eg ligg på. Ei dame går forbi døra mi og mumlar noko stille: "Det er ikkje alle som klarar å meistre utfordringane i kvardagane." ho går inn til meg, slepp laus henda mine og går roleg ut døra igjen.

Det einaste eg vil no er å komme heim til mor. Eg lata att auga mine og tek på meg maska. Eg er ikkje meg, ikkje deg heller, men eg er maskert.

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?