Hopp til hovedinnholdet

Novelle: "Ganges salte tårer"

Tåre

Fem vakre pianofingrar glir forsiktig over kulen i panna. Dei er tynga av gull og edle steinar. Neglene er nylakkerte. Ein skulle tro at dei tilhørte ein fin frue. Men verkelegheita er annleis.

Novellen er skrevet av Stine

Tåre

Ved nærmare påsyn trekkast merksemda frå fingrane til kulen.

Såret stikk dypt og fargen står til kvinna sine blodrøde naglar. Kuttet badar saman med sine mange venner i ein sjø av blåmerk. Anisha lèt reinsevatnet renne over slagmarken. Den dannar bekker som sameinar seg med dei salte tårene hennar litt lenger nede. Den nyfødde elva minner henne om Ganges. Om fortida, om tryggleik, om veslebror sine høye, frydefulle jubelskrik da han tok sine fyrste symjetak og elvas velkjente brusande livsglede. Tida før han kom.

Så lenge tankane hans er eit anna sted, liker ho ham.

Så lenge han etar maten hennar, rakkar ned på sjefen og skjeller ut nyheitsreporteren liker ho ham. Men når kvelden er gjest i huset, og mørket faller som fløyel over hustaka trenger han nye ofre. I det den hårete armen hans snirklar seg rundt magen hennar og handa spaserer nedover ryggen forandrar alt seg. I det ho avviser ham og dreper manndomen hans har dei høgare makter kasta sjela hennar inn til løvene. I stunda som følgjar er ho hans fange som han holdar med eit fast jerngrep.

Monstret er ikkje nådig.

Det kastar seg over henne og er ikkje kresen når det gjelder våpen. Ein beltespenne, eller saltsyre, så forskjellige, men begge gjer same nytte. Offeret bit tennene saman så dei bare er millimeter frå å knusast til eit kvitt pulver. Smertehiksta korar stønn av tilfredsstilling frå motparten. Lidinga hamrast gjennom kroppen hennar som elektriske støyt, mens dei etterpå, når alt er omme, går over til å løype seige, lange maraton. Sjølv om mishandlinga varierer, er resultatet alltid det same. Og det varer heilt til han har fått tilfredsstilt sine behov. Mens det står på gjentek ho ein bønn inni hovudet sitt. Ho håpar at den rette guden mottar den. Etterpå svimar ho av av utmatting og av smertene, mens den feite grisen ligg og sovar mens han gir frå seg høglyta snork. Uhyrets ansikt bærer eit grotesk preg av sjølvtillit og ro.

I det augneblikket ho kjem til bevisstheit igjen, da det gjer aller mest vondt, undrar ho på om ho ikkje bør protestere for å sleppe forspelet som fører til eit reint smertehelvete.

Men det tar ikkje lang tid før ho veit at ho ikkje kan tilgi seg sjølv om ho ikkje gjer motstand. Det går imot alle hennar moralske prinsipp som dotter av ein fattig slavearbeidar. Viss det er ekstra ille får ho mest lyst til å ende det heile. Ho skammar seg bare ho tenkjer tanken, men ho kan ikkje fornekte at han er der. Samtidig føler ho seg utrygg utan ham. Ho får panikk av å vere aleine. Ho gråtar og saknar ham, og hjertet hennar løypar løpsk av støkk. Tross alt er det hennar ektemann. I hans hole hand kjenner ho sin plass i huset. Utan ham veit ho ikkje kvar ho skal gjere av seg. Dei er eit tospann – saman, bare dei to. Ho elskar ham. Saman er dei mindre aleine. Men når herren kjem heim att inntak ho rollen som underlegen på ny.

Blålysa kastar seg rytmisk mellom husveggane.

Dei dansar i takt med ulande sirener. Røyken er tykk og kvelande. Han er slu som ein rev, og smyger seg innunder alle smotthol. Ein alarm går inne i hovudet på Anisha, men kontakten er brote mellom hjernen og kroppen. Etter kvart begynnar tårene å renne og like etter følgjar ein voldsam hostekule. Lyden av ein kraftig dunking på inngangsdøra. Nei det er ikkje ektemannen. Det er fleire skritt og dei er raske. Ikkje dovne. Døra opnas, to menn stormar inn. Dei snakkar, ho prøver å lytte, prøver å forstå, men ho klarer ikkje. Plutselig stoppar dei. Fire vidopne øygne stirer på henne. Det går eit ljos opp for dei sortkledde, og dei endrar taktikk. Redningsmennene nærmar seg henne raskt, men ansiktsutrykkane er forandra. Dei vil ha henne med. Men ho kan ikkje. Ho har ikkje lov. Ho har lova å være trufast til monstret. Men dei vil ikkje gi seg. Ordet brann kjem opp. Og dei seier at dei ikkje vil gjere henne noe vondt. Ho visste ikkje eingong at noen visste at ho var her, at ho eksisterte. Han har vært nøye på det. Ho var hans dyrebare løyndom. Motvillig prøver ho å reise seg. Men kroppen er svak. Forslått og underernært. Dei vil hjelpe henne. Lyfte henne. Ho vil ikkje. Ho er redd. Det holdar at han gjer det. Ho vil ikkje at framande menn skal ta på henne. Mennene får ein idé. Dei har ikkje mye tid. Men skal dei redde henne må dei ha ei dame opp dit. Nå. Ein kvikk beskjed over radioen, og eit par sekunders ventetid seinare står det ein dame i døra. Eit øygnekast bort på den vesle i kroken, og ho oppfattar situasjonen. Heltinna seier noen trøystande ord til Anisha som endeleg går med på å bli bori ut av blokka som har utvikla seg til eit flammande mordvåpen.

Dagslyset er blendande og uvant

. Synet av blå himmel og andre menneskjer er slåande. Likevel følast det trygt. Det minner henne om India. Flokken smilar til henne og jublar når dei får øygne på henne. Bortsett frå eitt ansikt som er grått og truande. Ho hadde gløymt han. I noen få herlige sekundar hadde ho ikkje tenkt på han. Ei bør var teken av skuldrene hennar. Ho vil ikkje takle ham akkurat nå. Igjen svimar ho av. Denne gongen av sjokket og utmattinga. Anishas øydelagde kropp blir lagt på ei båre. Ho blir skuva inn i bilen og kjørt bort. Inn i den levande byen. Tilbake står ein opprørt ektemann som spør og graver dagens heltar og heltinner om kona hans si lagnad.

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?