Hopp til hovedinnholdet

Novelle: "Simon"

Trist gutt (colourbox.com)

- Korleis føler du deg, Simon?

Korleis eg føler meg? Eg har det fint, eg. Skulle eg ikkje hatt det kanskje? Det er ikkje synd på meg. Det er aldri synd på Simon. For han taklar jo alt. Ja, det gjer eg.

- ”Fint, takk,” svarte eg som ein ordentlig mann, med fornuftig og roleg stemme. Det blei stille.

Novellen er skrevet av Tiril

Trist gutt (colourbox.com)

Eg sprang. Eg kunne føle dei glafsande ulvane rett bak ryggen på meg. Men eg sprang. Vi sprang på ein undeleg lang veg. Landskapet rundt oss endret seg heile tida. Men vi sprang på den same vegen. Eg var så redd. Eg sprang. Eg visste at viss eg ikkje sprang, ville ulvane ete meg heil. Så eg sprang. Og eg visste at dei aldri ville slutte å springe etter meg.

Rommet var forholdsvis lite.

Når man sit på eit slikt sted, kan man ikkje unngå å undre seg over ting. Den viktige mannen sit kanskje på den andre sida av veggen. Kanskje berre nokre meter unna. Eg var ikkje nærvøs. Mest sannsynleg var det berre ein vanleg skjekk. Ein sånn som du tar ein gong i året. Ein rutine. Det var noko fint med det ordet. Rutine. Det hørtes på ein måte så trygt ut. Eg var ikkje ein av dei tryggje personane, så eg synes det var fint med slike ord. Rutine. Men eg var ein viktig mann, det kunne ingen leggje skjul på. Eg var også alltid effektiv. Det er sånn eg vil vere. Eg sløser ikkje med tida. Det eg gjorde no, er også viktig. For eg sat på legekontoret og venta. Ja, det var ein rutine.

- Simon Berner Ludvigsen! No er det klart.

Flott, tenkte eg. Menneskane rundt meg tenkjer nok, "å, sjå på han! Han ser viktig ut. For en flott mann. Simon Berner Lundvigsen. Eg gåt gjennom den lange korridoren. Det sit menneskar på benkar og stolar langs dei grå veggane. Legen, med ein turkis frakk, står i enden. Han viser veg. Med hevet rygg og bestemte og tryggje skritt går eg mot han.

Ei lita jente ser trist opp på meg

. Ho har ein hemmelegheit. Som berre ho veit. Eg blir med det same redd. Og då eg ser framfor meg, anar eg ingen ende i den lange, grå korridoren. Eg er svimmel. Eg mistar fatninga. Den turkise prikken, eg kan skimte, kjem mot meg. Det er uklart. Menneska rundt må tru eg er galen. Kva har skjedd med den flotte mannen i dress? Jo, han er berre redd, og det skjønnar dei. Dei tenkar, huff, stakkars mann. Han trong hjelp. Men sånn er da ikkje eg! Eg vil ikkje! Men utan at eg vet det, har eg ropt om hjelp.

Han ser på meg. Ser meg djupt inn i augo.

- Korleis føler du deg, Simon?Korleis eg føler meg? Eg har det fint, eg. Skulle eg ikkje hatt det kanskje? Det er ikkje synd på meg. Det er aldri synd på Simon. For han taklar jo alt. Ja, det gjer eg.

- "Fint, takk," svarte eg som ein ordentlig mann, med fornuftig og roleg stemme. Det blei stille. Vi kunne ikkje vere stille. Då sløser vi bort tida! Eg tok ansvar no og sa:

"Du ringte meg, doktor Larsen. Så, kva er det?" Det blei stille igjen. Han såg på meg og rettet litt på den mørke stolen og kremta. Eg visste det var noko han ville fortelje. Men eg lata som eg ikkje visste noko som helst. Det såg sikkert best ut.

"Vi har fått svara frå sjukehuset, Simon." Svara frå sjukehuset. Det der hadde eg nesten gløymt. Men det var vel ingen grunn til gå å tenkje på det. Var det, vel? Eg prøvde å fortsette med å sjå spørjande og roleg ut. Men eg ana ein liten frykt djupt inni meg. Ein frykt som eigentleg hadde hadde vore der frå den stund eg sat foten min inn på legesenteret.

Frykten om at eg kanskje visste kva som ville skje.

Men eg sa til meg sjølv at sjølvsagt visste eg ikkje det. Eg fann ein slags tryggheit i det.

"Du veit, Simon, det er ikkje eit val nokon av oss har tatt. Sjølvsagt vil man vere forutan alt negativt i verda. Men sånn er ikkje livet.

"Eg skjønnar ikkje kva du meinar," men det gjorde eg. Klart eg gjorde det. Og det visste han.

" Svara på prøvene viser at du berre har to ukar på deg, Simon. Det er dessverre ingen ting vi kan gjere." Doktor Larsen såg så ordentlig og beherska ut. Han var ein tygg og flott mann. Og det var ikkje eg. Eg nikka, smilte, og gikk. Eg stoppa i døra og såg meg tilbake. "Takk for beskjeden, doktor Larsen." eg retta på skjorta og gikk.

Det var som at menneska i gongen visste kva som hadde hendt.

Augo deira var fylt med sorg og trøyst. Eg trunge då ingen trøyst. Eg berre smilte til dei og gjekk ut døra. Eg blei møtt med regn. Haustregn. Vanlegvis synas eg at regn var forfriskande og vakkert. Men no følte eg ingen ting. Regnet var berre i vegen. Men eg slo ikkje opp paraplyen. Eg stod berre der. Utanfor legesenteret. Med våt frakk. Ein tåre trilla nedover kinnet mitt. Eg tørka den straks bort. Men så kjem fleire tårar, og snart stod eg i eitt med regnet. Kvifor grein eg? Tja, kven veit. Modige Simon. Modige Simon skulle ikkje grine. Derfor slutta eg. Eg begynte å gå heimover. Det hørtes veldig fint ut å si det.

Dei neste dagane levde eg på ein løgn.

Eg visste det og eg hadde det ikkje bra. Folk skulle nok tru det når dei såg meg utanfrå. Men inni meg var det ikkje slik. Eg søv ikkje om nettene. Eg var ikkje våken heller. Men er drøymte. Eg drøymte om det same kvar einaste natt. Ulvane.

No hadde eg vist det i fire dagar. Det var kveld og eg kunne like gjerne døy med det same, for livet hadde aldri vært verre. Eg visste ikkje kor eg skulle gjere av meg. No var eg galen. Galen og desperat etter å døy. Eg skreik. Eg skreik så heile huset høyrte det! Eg såg mot døra. Ho lille datera mi stod der og grein. Eg grein og no. Vi berre stod og såg på kvarandre og grein. "Far, du skal døy, og du veit det ikkje,"

Da sa eg ingen ting. Eg hadde mista stemmen. Og kanskje var det meininga, for ho hadde rett. Eg klarte ikkje lenger å helde noko tilbake. Masken min falt av og eg grein. Eg grein så mye. Aldri hadde eg grini så mye. For fyrste gong følte eg nærvær med meg sjølv. Eg gav berre slipp på alt. No kunne ingen seie at eg ikkje var modig. Men det betydde ikkje noko lenger. Eg slutta og tenkje. Sorga tok overhand.

Resten av natta låg eg og datera mi i senga og grein.

Grein og skreik om kvarandre. Vi tørket kvarandres tårar og grein endå meir. No hadde eg akseptert det. Og eg lot det kome. Heile mitt liv hadde eg gått og heldt på den følelsen. Og eg visste kva det handla om: kontroll.

Dagane gikk og eg brukte mesteparten av tida på å gå i parken like ved huset.

Eg så mye på naturen rundt meg. Nøyt kvart einaste augeblikk. Eg oppdaga ting som eg aldri har lagt merke til før. Eg viste takknemlegheit til verda. Det var så fint. Eg hadde blitt ein ny Simon. Og for fyrste gongen i mitt liv levde eg. I den siste uka, brukte eg mye av tida mi saman med familien min. Sønna mi kom heim frå England same dag. Det blir godt å sjå han. Eg såg han for meg leike på graset i parken. Han var så flink. Og frisk. Han leikte med systera si. I bakgrunnen såg eg mora deira. Ho smilte. Eg tenkte på allting som eg snart ville miste. Man veit ofte ikkje kva man har før man fyrst mistar det. Men no veit eg det. Og det var eg glad for.

Eg var sliten.

Kroppen min ville ikkje meir. Sånn var det berre. Eg ville vere heime når eg døyde.

Heile familien stod samla rundt senga mi.

"Vi kjem til å sakne deg, far." Grein han

"Simon…" var det einaste kona mi fikk fram.

"Det går bra, kjære. Ikkje ver redd tenk på det du har. Se rundt deg. Lev mens de gjer det. Vær så snill." Ho grein. Alle grein. Men det gjorde ikkje eg. For dette var ingen slutt. Eg var ikkje redd lenger. Så lukka eg augo og kroppen min blei tung.

"Farvel, far. Vi kjem etter."

Eg sprang. Ulvane glefset etter meg og utan at eg visste det, var eg ikkje redd lenger. Eg vende meg til dei og lot dei kome. Men då eg snudde meg var det ingen der. Frykten og redselen var borte. Eg sprang aldri lenger frå noko.

Den som ikkje lever nå

Lever aldri

Hva gjør du?

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?