Hopp til hovedinnholdet

Novelle: "Siste november - berre ei veke"

gråter (colourbox.com)
Gråter

Siste november. Står det ei jente i fjøra. Ho har berre på seg ein tynn nattkjole.

Novella er skreve av J..

gråter (colourbox.com)
Gråter

Let vatnet vaske over føtene sine, bølgjene rekk over okla når dei skyljer inn over steinane. Vinden og regnet piskar henne i ansiktet, men det ser ikkje ut som om ho merkar det. Ho står med armane rett ut til sida, og med lukka auge. Om munnen set eit lite smil.

Det ser ut som om ho berre ventar på å lette i frå bakken, på at vinden skal ta henne med seg langt, langt bort. Og ho smilar.

Ei veke. Ei veke, sa han.

Eg viste ikkje kva eg skulle sei, så eg begynte å le.

Mamma begynte å grine. Eg trur at doktoren syntest eg var litt rar; det var jo ikkje akkurat noko å le for da.

Eg tok mamma i armen. Vi gjekk heim igjen.

I dag var det torsdag. Om ei veke var det torsdag.

Eg gjekk inn på rommet mitt, og sette meg på senga, sat å tenkte litt.

Ei veke var eigentleg ganske lite. Eg skulle i alle fall sjå siste episode av "Frustrerte Fruer" kom eg på. Og kanskje eg skulle shoppe litt? Nei, kva var vitsen med det liksom? Eg la meg på senga, og drog mobilen opp i frå lomma. Trykte meg inn på "kontaktar" og pila meg ned på Thomas. Lurte litt på om eg skulle ringe.

Eg trykte på ringeknappen, og la mobilen inn til øyret. Det ringte tre gongar, så høyrde stemma hans:

- Hallo? Det kribla i magen min, og eg kjente raudmen bre seg oppover halsen.

- Hei, det er meg, Linn, svarte eg. – Eg lurte berre på om du blir med på kino på laurdag?

Det var stille ei stund, før han sa:

- Ja, det kan eg vel.

Magen min tok salto, og eg måtte smile for meg sjølv.

- Skal vi møtast utanfor kinoen klokka åtte då? Klarte eg å hoste fram.

- Ok.

Det var stille ei stund, eg høyrde pusten hans i den andre enden.

- Ha det, då, kviskra eg.

- Ha det. Han la på.

Laurdag kveld sit vi utanfor kinoen. Thomas og eg. Eg og Thomas.

- Går det bra med deg, eller? Han hostar ned i skjerfet sitt, kikar så vidt opp på meg.

- Jaaaa…. Svarar eg, dreg litt på det.

- Blir du… blir du… bra igjen?

- Nei. Eg ser han inn i auga, stemma mi er forbausande sterk.

- Men… Han ser litt hjelpelaus ut, litt redd.

- Ei veke, kviskrar eg.

Siste november vaknar eg tidlig. Det er torsdag.

Ute regnar og bles det, og eg begynner å fryse berre eg ser ut. Mamma sit ved kjøkenbordet når eg kjem ned, med avisa framfor seg og ein kaffikopp i handa. Ho kikar opp og smilar då ho får auge på meg.

- God morgon, jenta mi, seier ho, og reiser seg opp og gir meg ein klem.

- God morgon, mumlar eg inn mot skuldra hennar.

Mamma set seg ved bordet igjen. Eg set meg på andre sida av bordet.

- Kva skal du gjere på i dag då? spør mamma.

Då går det ikkje lenger. Eg eksploderar i ein foss av tårer. Synet mitt blir uklart, og salt vatn dryp ned på buksa og genseren min. Mamma kjem bort og held rundt meg.

Vi står slik lenge, lenge.

Siste november står det ei jente i fjæra. Jenta heiter Linn.

Vinden og regnet piskar henne i ansiktet. Ho står med armane rett ut til sida.

Ho smilar. Berre englane veit kva ho smilar for.

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?