Hopp til hovedinnholdet

Novelle: "Eg er ein ganske annan enn du trur"

holder hender
Hender

Ho smiler til meg. Smiler med heile seg. Eg ler tilbake. Ler høgt. Ho ser på meg med glade auga. Fargar. Eg ser leppene hennar bevege seg. Dei smale leppene. Men eg høyrer ingenting.

Novella er skrevet av Amalie

holder hender
Hender

Eg bare ser. Ser korleis ho liksom kastar på engel-håret. Korleis ho må konsentrere seg for ikkje å velte den varme kaffikoppen. Ho tar handa mi. Eg tar hennar. Sola skin. Eg lenar meg mot ho og kviskrar; Gi meg ein sjanse til. Eg er ein ganske annan enn du trur.

Brått vaknar eg. Eg ser ut av vindauget. Regn. Store dråpar. Eg står opp. Golvet er kaldt. Frykteleg kaldt. Eg bevegar meg bort til stolen med kle. Merkebuksa ligg der og lyser. Klar for ein ny dag. Ein heil vanleg dag. Ved sida av ligg joggebuksa. Den mjuke og gode. Eg står lenge og bare ser på dei to. Ser. Tenker og ser. Til slutt tek eg på meg merkebuksa. Som alle andre dagar. Eg møter mitt eige spegelbilete. Ein gut med lange mørke jeans og den tøffaste genseren på skulen. Lyst hår og djupe auga. Eg er ein ganske annan enn du trur, kviskrar eg til guten bak spegelen.

Eg lar blikket fanga tinga i rommet. På pulten ligg ei bok. Ei tjukk bok. Kanskje ei skulebok. Side opp og side ned med litteraturhistorie. Men dersom ein ser nøye på boka, vil ein oppdaga at den handlar om noko anna. Ein song. Eit dikt. Berre nokon ord. Ord skrevet av ein gut. Ein annan enn han i spegelen.Eg gjøymer boka. Bort. Eg går ut på kjøkkenet. Det litle kjøkkenet med dei altfor store møblane. Eg smiler til litlesyster. Ho lyser opp. Eg blir glad. Brått kjem Ola. Ola med dei dyre skoa. Ola med pengane. Ola den tøffe. Eg sluttar å smile- Alt er fjernt. Eg seier nokke til litlesyster. Eg høyrar ikkje kva. Eg berre veit eg seier noko. Noko stygt. Eg ser at lyset i augo hennar sløkkje akkurat som når du mistar kuleisen din for fyrste gang. Den gode isen du har gleda deg til i fleire timar. Tøff du, høyrer eg Ole sei ein stad langt der borte. Det var som om nokon hadde tatt og opna opp magen min pg putta inn ein sekk med steinar. Store og tunge steinar. Eg ser på Ola. Han ler høgt. Høgare enn meg. Eg er ein ganske annan enn du trur, kviskrar eg. Men han høyrer ikkje.

Skoleklokka ring. Den ring lenge og høgt. Eg byrjar med eit å fryse. Eg er redd. Det var fyrste dagen eg skulle sjå ho etter hendnga. Hendinga eg ville gløyma, men som hadde festa seg til minnet og ikkje ville gi slepp. Hendinga dei andre i gjengen syntest var morsam. Fgjengen. Gjengen eg ikkje vil vere ein del av. Den verkelege eg.

Brått står ho der. Rett framfør meg i den store skolegarden. Berre eg og ho. Aleine. Ho ler ikkje som i drøymen. Håret hennar er ikkje så kvitt. Augo hennar ikkje spesielt glade. Ho tar ikkje handa mi. Eg kviskrar ikkje. Eg er ein ganske annan enn du trur, seier eg høgt. Ho smiler. Smiler med heile seg. Ho tar handa mi. Held den fast. Eg veit, seier ho. Sola skin.

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?