Hopp til hovedinnholdet

Novelle: "Elvira"

Skjenker vin
Skjenker vin

Vi sat der. Stille. Ingen bevega seg. Alt ein kunne høyre var gjenlyden av stønna frå eit gammalt tomt hus. Vi såg kvarandre inn i auga. Lenge. Eg trur du kunne høyre at hjarte mitt pumpa blodet inn i kroppen i eit tempo utan like. Han sa ingenting.

Novella er skreve av Hanne

Offentlig og kvalitetssikret
Skjenker vin
Skjenker vin

Og stillheita låg som eit teppe over oss. Eit stort, tung, gammalt ullteppe som eg ikkje klarte å løfte av. Eg svelga, og lyden ga gjenklang inne i hovudet mitt. Han tok handa mi. Endeleg sa han noko, men hjerna mi regstrete ikkje kva orda betydde. Alt eg høyrte var stemma hans, langt, langt borte. Eg blenka og mens auga mine var igjen. Såg eg gårsdagen fara gjennom hovudet mitt. Eg opna munnen og forma leppene i eit ord som sat seg fast i ganen. Han såg på meg med det bedrøva blikket han pleide å gje meg når slikt skjedde. Og det skjedde ofte. Han røyste seg og gjekk. Som gjennom ei tåke såg eg ryggen hans forsvinne ut døra. Ei blåstripete skjorte som trakk seg vekk, og lot meg bli sittande igjen aleine i tomheita. Kjennsla av smerte og einsemd, som hadde låge i bakhovudet mitt som ei lita kløe, spreidde seg utover til resten av kroppen, til eg berre var eit stort gapande, kløande sår. Eit sår som banka og svei. Som om eg akkurat hadde helt salt i det. Og det var vel kanskje det eg hadde også. Eg gjekk stille inn på soverommet og la meg opp i senga. Eg håpa verkeleg at eg ville få fred i natt. Slik at eg kunne få sove.

Neste dag sat eg meg som vanleg i hjørnet bakerst i klasserommet. Eg hadde for lenge sidan gjett opp å prøva å seie noko. Kvar gong eg rekte opp handa eller prøvde å seie noko, var det alltid nokon som øydela. Det var som om eg berre var ein skugge, som tilfeldigvis hadde havna på pulten bakerst i klassa. Ingen la merke til meg, ingen såg meg, ingen visste at eg var der. Eg opna forsiktig norskboka. Eg bladde fram til bakerst i boka og fortsatte på ei tegning eg aldri blei ferdig med. Tegninga som skildra meg slik eg var. For tusnande gong sat eg å stirra på eit blankt kvitt A-4 ark. Heilt vanleg og heilt gjennomsnittleg. Og veldig vanskelig å legge merke til.

Det ringde ut for siste gong. Eg venta til dei andre hadde komt seg ut av klasserommet. Eg ville ikkje bli sittande fast i trengsla der ute. Og bli dradd inn i deira måte, deira liv og deira kjensler. Eg hadde meir enn nok med å prøve å tolke mine eigne. Eg gjekk sakte ut av klasserommet og inn i gongen. Eg hekta ned jakka mi frå knaggen med navnet mitt på. Elvira. Det sto på ein kvit lapp med store svarte blokkbokstavar. Eg hadde mange gongar lurt på kvifor akkurat eg hadde fått det namnet. Om eg hadde hatt eit namn som Victoria eller Kristina, ville då også eg hatt plassen framst i klasserommet, og vert den med dei finaste kleda, den mest populære, med den høgaste stemma? Eg blei aldri heilt sikker. Definerer verkeleg namna våre kven vi er? Og kven det er meininga vi skal vere?

Eg traska sakte heimover mot huset. Det sto som eit kråkeslott midt i blant alle dei kvite, nye, pene bygningane. Framfor meg på vegen kunne eg sjå klynger av flokkdyr om bevega seg sakte framover i ei unison takt. Det verka som dei aldri var aleine… Eg var alltid aleine. Eg opna sakte opp døra, så lydlaust som mogeleg, og vart ståande i inngongen og lytte. Men alt eg kunne høyre var pusten min, i sakte takt med hjartet som banka.

Eg gjekk sakte inn og hang frå meg kleda og sat frå meg sekken ved trappeoppgongen. Eg kika inn døra til stua og kunne så vidt høyre mamma snorkande på sofaen. Eg gjekk bort og tok den halvfulle vinflaska som sto på bordet ved sidan av og gjekk inn på kjøkenet og helte innhaldet ned i vasken. Mens eg sto der med vinflaska i handa kunne eg kjenne motløysa komme snikande. Kvar einaste dag var slik. Eg kom heim og ho var alltid der på sofaen. Men han var aldri her. Eg kjende at tårane pressa på i auga. Men nekta å la dei ta overhand. Det hjalp ikkje å gråte. Eg visste at det var slik livet var, og det var slik det alltid hadde vore og alltid kom til å vere. Eg gjekk tilbake i stua og breia eit teppe over mamma, før eg tok med meg sekken min og gjekk opp trappa til rommet mitt.

Eg lurte mange gonger på når eg mista det. Om eg nokon gong hadde det. Og om eg hadde det, kvifor eg mista det. Det verkar ofte som om det berre flaut vekk. Som ein stille båt på ein klar sjø, flaut det forbi utan at eg merka det. Grepet om livet, om skjebnen. Realiteten var ikkje lett å innsjå. Det hadde alltid vert slik. Og eg var blitt vand med det for lenge sidan. Eg forventa ikkje å bli latt merke til. Eller å bli elska… men mange gonger tenkte eg at det hadde vert fint. Om nokon kunne sjå meg.

Eg deisa ned på senga og trykte hovudet ned mot puta. Tett og hardt. Så eg nesten ikkje fekk puste. Eg holdt det der lenge, ville bevise for meg sjølv at eg var sterk nok. Kvifor veit eg ikkje. Eg kunne høyre at hjartet mitt banka. Det banka fort og hardt. Og eg kunne kjenne det i heile kroppen. Akkurat som om eg nett hadde sprunge hundremeteren. Raske harde dunk. Eg rulla meg over på ryggen. Når eg låg slik kunne eg sjå hjartet mitt banka. Som ein liten fugl inne i brystet mitt. Holdt i eit stramt, hardt grep, og som kjempa for å koma seg fri. Eg vart liggande slik ei stund. På ryggen, i senga, i det plakatdekte rommet mitt. Sakte sat eg meg opp i senga. Eg var svimmel av sult i hovudet. Eg venta eit sekund på at synet skulle klarne før eg gjekk ut av senga og bort for å skru på cd-spelaren. Led Zepplin pumpa ut av høgtalerane. Eg kunne sikkert ha skrudd volumet opp til hundre utan at ho på sofaen ville ha vakna. Eg opna vindauga på vidt gap. Det knaka i dei gamle, kvite, vindaugskarmane mens eg gjorde det. Vindauga var misfarga og slitte av tida. Og eg elska dei. Dei var liksom så anneleis. Fine.

Kvar gong tankane mine streifa minna frå den tida. Var det som om eit svart hol opna seg i magen min, og skulle svelge meg inn i skuldfølelsa og skammen. Eg kjende at rastlausa vibrerte i blodårane mine og at alle nervane i heile kroppen banka og ville rive seg fri. Då ønskte eg alltid at eg berre kunne sleppe fri frå alle følelsar, og berre la meg sjølv flyte vekk. Men så ville magien bryte. Og verda ville trenge seg på bak augelokka, og nekte meg å ignorere den. Og når verda vendte tilbake kunne eg sjå livet rase forbi foran auga mine. Det var i slike augenblikk at eg verkeleg innsåg kor liten og ubetydeleg eg var. At uansett kva eg gjorde ville det bli gløymt og tilintetgjort av historias gong.

Det banka på døra nede. Hardt og klagande. Eg visste at det var han. Eg orka ikkje gå ned for å opne. Eg hadde ikkje dei rette orda. Og eg kunne ikkje unnskylde kva eg hadde gjort. For eg visste at det var det einaste rette. Eg kunne ikkje la han få innblikk i korleis det var her. Og derfor hadde eg sendt han vekk. Den einaste som eigentleg såg meg. Og beviste at eg var til, måtte eg stengje ute. Elles ville alt vere tapt.

Frå vindauget kunne eg sjå det svarte håret, som var blitt rufsete etter at vinden hadde leika med det på veien bort. Etter ei lita stund gav han opp bankinga. Han tok to skritt tilbake og bøygde nakken bakover og såg meg rett i auga. Eg ville trekke meg vekk, men kunne ikkje. Han drog meg inn i dei store blå auga. Og eg kunne kjenne korleis følelsane for fram og tilbake mellom oss. Som radiobølgjer frå ein tv til ein satellitt. " Du kan ikkje gøyme deg for alltid." Han sa det på ein anklagande måte. Som om det var noko eg hadde valgt sjølv av eigen fri vilje. Men vi visste begge at om eg ville, så kunne eg.

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?