Hopp til hovedinnholdet

Novelle: "Det er slitsamt utan deg"

Øye (colourbox.com)
Øye

Der var du igjen, ser du ikkje? Eg har jo auga mine lukka, så dukkar du opp som han eg elska overalt på jord. Du dukkar opp inne i hovudet mitt uansett kva eg gjer i denne verda som liksom skal vere så bra. Har tenkt sånn på deg etter sist eg såg deg liggje der på sjukehuset.

Novella er skreve av Caroline

Øye (colourbox.com)
Øye

Du trur vel eg har gløymt deg alt, men tru meg, eg gløymer sjeldan ting som har hatt ein stor del med livet mitt å gjere. Eg prøver og sove om kveldane, men døgnrytmen min er heilt i ubalanse fordi eg ikkje har hatt så det lett i det siste. Det er jo nokon gonger eg faktisk har det bra, men da er det alkoholen som hjelp meg. Det får meg liksom til å gløyme ting.

Saknar deg, eg eigentlig men tviler sterkt på at du saknar ho som eg er, ho du kalla eit laust kvinnfolk fordi eg har andre kompisar, du takla ikkje det du. Du har jo tønnevis med alle dei der jentevenane dine, falske brunkrem-bøtter heile gjengen, det er jo fakta og det veit du godt og det gjer ikkje deg til noko betre menneske ved å kalle meg ting. Du som var han som ofte gjekk ut og drakk, vil kalle deg ein alkoholikar, men det blir også feil å kalle deg det. Skulle fortsett tru flaska var din beste venn.

Det er fortsett kaldt i leilegheita vi bur ilag i. Du pleidde og varme meg, men du er blitt så kald no. Det er slitsamt utan deg. Eg har hatt mange kranglar med venane mine i det siste, eg veit ikkje kvifor men det berre er slik det er blitt. Eg har sjeldan nokon å vere med heller. Har jo mamma og pappa men begge to bur jo så langt unna når eg trenger dei mest. Eg treng nokon å snakke med, ant enn alkoholen som eg stadig proppar i meg. Alt går berre nedover no.

Uansett; tenkjer sånn tilbake på alt vi gjorde saman; gjekk turar hand i hand, kyssa i regnet, såg skrekkfilmar der eg fekk gøyme meg bak deg, ha, også den gangen du hadde kjøpt deg ny bil og du sa det var greitt å la meg få prøve køyre den, sjølv om eg ikkje har lappen på eit sånt køyretøy enda. Eg er jo nett fylt 17 år, men eg kan lett handtere ein bil. Ser det for meg, eg; når du kasta nøklane til meg og sa: berre køyr du, jenta mi. Eg var jenta di. Eg hadde det så bra, vi hadde det så bra.

Det er sånn eg vil ha ting, det e sånn eg vil ha deg. Du, som er han som alle ville ha, men som berre eg fekk. Du med dei brune augo, det halvlange, mørke håret og den perfekte klesstilen som ikkje er for stilfull eller for slaskete. Folk sa jo at vi passa så godt i lag, høyrde du ikkje etter? Dei sa vi var så utrulig søte saman. Saknar smilet ditt òg i grunn, du er jo så utrulig pen, guten min! Berre du vaknar snart.

Alkoholen har hjelpt meg mykje i det siste, dei siste tre månadene du ikkje har vert her. Det er så tomt utan deg, det er så tomt ved sidan av meg i sofaen om kveldane. Det å feste har jo blitt ein vane for meg no, før så rørte eg verken alkohol eller røyk, det veit du vel? Eg har funnet ut at røyken roar nervane mine, det hjelper meg veldig. Eg orker ikkje å stresse, så eg tenner meg ein liten ein no. Flammen på lighteren minner meg om glimtet i auga dine når eg tenkjer meg om.

Sist eg var hos deg, var det så tungt. Tårane tok nesten knekken på meg. Det å sjå deg ligge der, fanget i din eigen kropp. Eg takla det ikkje, men eg måtte vere sterk som alltid. Hater at både du og andre folk skal sjå meg gråte, det kunne jo hende at du vakna. Eg skal jo besøkje deg om ikkje så lenge heller, eg må jo det. Klarer ikkje å få deg ut av tankane mine uansett. Eg ber, kvar dag om at du skal vakne. Eg har tru på deg. Det har eg alltid hatt.

Eg kan fortsett sjå det føre meg. Den siste festen vi var på. Herregud, gut, du freaka meg ut jo! Eg sa du skulle stoppe å drikke, men eg var openbart berre luft for deg. Som om eg ikkje betydde nokke, eg veit eg betydde nokke for deg. Du sa jo du elska meg. Det var den spritflaska si skuld. Alt saman. Du drakk for mykje rett og slett, fy søren, eg syns verkelig du burde skamme deg, men igjen så vil eg ikkje miste deg. Eg håper du overlever, eg treng deg sånn.

Det er på tide og gå så eg skal gjere meg klar no. Eg liker hausten, men ikkje minner frå den. Eg tar på meg den tjukke boblejakka mi, og trakkar opp i dei varme vinterskoa mine, det er alltid kjølig om hausten veit du. No som brune, raude og gule blader flyg omkring og mange fuglar flyr vestover igjen. Hausten er litt mystisk. Mystisk fordi det byrjar og bli mørkare iblant oss og fordi det er ein årstid som har så flotte fargar.

Eg tenkjer stadig på når eg såg deg bli ført inn i den kvite sjukebilen no når eg går nedover vegen til sjukehuset som ikkje er så langt unna; Når eg satt attmed deg der du låg og hald hardt i handa di. Du skalv så mykje, men du hadde festa blikket ditt i mitt. Hudfargen din var litt rar, i alle fall ansiktet ditt, som om heile deg stoppa opp og blei blå. Det skremte meg sånn.

Eg var jo edru, for å passe på deg. For eg rørte jo aldri alkohol før. Ikkje før du kom i sjukesenga. Det var da fekk eg eit nytt syn på det, at det var noko bra ved å drikke. Blålysa på sjukebilen var på, sirenene også. Det lagde så mykje styr. Eg satt der og tvihaldt på handa di med tårar i auga og håpa på at du ville klare deg. "åh kom igjen! Ropte eg til deg. Du har vert der så lenge no, eg vil sånn at du skal klare deg.

Eg skal besøkje deg no, snart. Går jo nedover gangen til sjukehuset, så eg må gjere meg sterk. Sterk nok til å ikkje gråte når eg skal sjå deg. Eg klarer og smile, ikkje mykje, men litt. Det er berre fordi eg kan sjå røde, brune og gule blader på bakken som flyg med vinden. Dei er fri, og har eit enkelt og kort liv. Dei er heldige.

Sjukehus er noko eg misliker. Det er så mykje rart som skjer der, og ikkje minst ekle ting som legene gjer, eg kan ikkje fordra blod så det faller meg naturleg at eg aldri skal bli lege eller sjukepleiar i den grå kvite bygningen der i alle fall! Det er tomt i gangen, ein av dei mange gangane. Her er det berre nokon legar som går nedover i same retning som meg, berre fortare.

Eg står utafor rommet der du ligg heilt aleine. Eg vil berre inn å halde deg i handa di å håpe at alt skal gå bra. Eg bestemmer meg for og gå inn etter å ha stått utafor døra i nokre minutt. Der ligg du. Heilt stille. Det er så uverkeleg å sjå deg berre liggje der. Vil tru blada utafor vindauget med lyseblå gardiner helder deg litt med selskap, sjølv om du ikkje kan sjå det.

Eg byrjar og gå lenger inn i rommet der du ligg. Lenger og lenger. Heilt bort til senga di og kan sjå ned på deg. Du ser så fredfull ut, som om du ikkje har gjort noko gale i heile ditt korte liv. Vil du skal vakne så eg kan få sjå dei brune auga dine igjen. Kan du ikkje berre vakne? Eg er så trøtt men orker ikkje å sove, eg vil vere her når du vaknar. Eg setter meg rolig ned i stolen ved sida av deg med blikket mitt festa til auga dine som fortsett er lukka.

Det er ofte at eg sit fleire timar når eg er på besøk fordi eg vil vere her når du vaknar. Eg veit godt at det ikkje kjem til å bli så lett om du overlever. Alt kjem ikkje til å gå som på skinner vil eg tru og det er heller ikkje sikkert du kan hugse meg. Tvilar sterkt på at du både hugsar meg og alt vi gjorde på før du hamna i sjukesenga. Eg berre håpar, gjer eigentleg ikkje anna enn å håpe. Legene seier det er ein liten moglegheit at du ikkje vaknar men eg har tru på deg. Eg har tru på at du vaknar.

Æsj. Eg kan kjenne at tårane mine kjem snart, eg klarer ikkje å holde igjen. Eg tar tak i den klamme handa di, legger hovudet mitt ned på kroppen din, hjartet ditt bankar rolig. Du er så fredelig… Vi skal klare oss, guten min. Berre du vaknar no. Eg kviskrar til deg at eg veit du kan klare det, du må klare det. Vær så snill? Eg treng deg verkeleg, Joachim.

Trur ikkje eg klarer meg utan deg noko stort lenger. Det er i grunn godt og høyre hjartet ditt banke. Skulle tru det var noko du ville meg, hjartet ditt banka fortare og fortare. Eg kan faktisk kjenne noko som beveg seg, handa di trur eg. Eg ser ned på ho, men er ingenting eg kan sjå. Eg legg meg ned igjen og kan føle at hjartet ditt bankar enda fortare, kva er det du stressar med? Eg kjenner ei hardare rørsle ved handa mi. Det er ikkje eg som gjer det. Joachim!? Eg tittar opp på to brune auge!

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?