Hopp til hovedinnholdet

Novelle: "På venterommet"

Stoler venteværelse

Eg sitter og stirrer ut i lufta med eit tomt blikk. Føler meg hjelpelaus og forvirra. Mamma kan ikkje hjelpe, pappa kan ikkje hjelpe, ingen kan hjelpe meg. Eg må ta eit val, aleine. Eg stryk lett over magen min. Tenk at eg har noko levande inni der – eit foster.

Novella er skreve av Åse-Linn

Offentlig og kvalitetssikret
Stoler venteværelse

Eg har sett det på tv. Unge mødre. Eg tenkte aldri over korleis dei hadde det, kor vanskeleg det var å fortellje det til foreldra sine og korleis det var å vere aleinemor fordi eksen hadde reist med ein gong han fekk vite det. No veit eg alt om det. Eg huska eg og mamma snakka om det for lenge sida. Eg huska eg satt å fortalde små kloke ord om at eg ikkje skulle få born før eg iallefall var 29. Den gongen var eg 12, no er eg 15.

Eg flyttar blikket mitt til ei lita jente med nøttebrunt hår og små viltre krøllar. Armen hennar er gipsa. Det stikk inni meg av misunning. Eg kunne verkeleg ønske at eg var ho akuratt no. Liten, søt og ingen bekymringar i livet, bortsett frå den brekte armen då, som hindrar ho i å få leike. Eg var slik før, ikkje no. Stor, dum og med mange beskymringar i livet..

Ca 1 meter i frå den lille jenta sit det ei ung kvinne med ein baby i fanget. Kvinna har langt gyllent hår og ein hudfarge, så bleik som ein kveldsgrå murvegg. Likevel er det noko med denne kvinna. Noko med auga hennar. Dei er fylt med kjærleik, godhet og glede. Ho møter blikket mitt og smiler til meg. Eg smiler tilbake, litt falskt. Eg har ikkje slike auge, eg har tomme, forvirra og redde auge.

Eg flyttar blikket mitt enda ein gong, og no stoppar det på den runde klokka som heng på veggen. Den eine kanten på klokka er ødelagd. Det er altså den samme klokka som hang her sist gong eg var her. Då hadde eg forstua foten min kraftig på ein fotballkamp. Kunne ønske det var derfor eg var her. Med ein forstua fot istaden for ein ballong mage.

Klokka er 10 på 11. Det er 10 minutt til eg skal inn til fastlegen og ta eit valg. Valget om: Abort eller beholde bornet. Eg kjenner brått kvalmen, kvalmen eg har hatt dei siste dagana. Eg må kaste opp. Eg går med raske skritt mot døra der det står WC på, og kryss fingrane for at det ikkje er do-kø. Det er det heldigvis ikkje. Eg er aleine. Rommet er lite og forhåpentlegvis lydtett. No har kvalmen nådd halsen, eg bøyer meg ned og kjenner ei kjend og vond lukt. Eg skyller ned og går ut frå det lille rommet. No er den vonde lukta erstatta av ei anna. Noko muggent, akuratt slik eg føler meg – muggen.

Eg småskynd meg bortover til venterommet. Eg har bestemt meg og vil få det overstått. No med ein gong. "Lise Halvorsen?" ei kjend stemme roper namnet mitt. Fastlegen. Eg følgjer etter ho inn til kontoret. Blikk følgjer meg og eg føler meg liten og ynkelig. Skjønner alle kva eg skal?

Eg står på det lille rommet igjen, jentedoen, og ser på mitt eige speilbilete. Eg burde vere glad no, glad og letta over å ha tatt eit val, men det er eg ikkje. Det er noko i hjartet mitt som er tomt. Eit lite tomrom. "Eg er berre 15 år", hadde eg sagt med låg stemme til fastlegen. Ho sa ho forstod, men det gjor ho ikkje. Ho forstod ikkje kor vanskeleg det hadde vore å ta sitt livs største val på venterommet.

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?