Hopp til hovedinnholdet

Novelle: "Svarte striper"

Graviditetstest (colourbox.com)
Gravid graviditetstest

Mia satt der heilt til det ringte ut siste time. Ho hadde svarte striper nedover kinna, og det lange, brune håret hennar var enda meir bustete enn det hadde vert tidlegare på dagen.

Nå måtte ho sei det til han.

Novella er skreve av Malin

Offentlig og kvalitetssikret
Graviditetstest (colourbox.com)
Gravid graviditetstest

"Nå vert det verkeleg krise", tenkte Mia og såg ned på den blå pinnen ho haldt forsiktig mellom fingrane. Det kunne ikkje vera sant. Ein fest, ei flaske med sprit og nå... ein blå pinne som lukta urin.

- Eg som bare er 15 år, kvifor skulle dette skje akkurat med meg? Sa ho til seg sjølv og kikka seg i spegelen. Ho var bleik og det lange brune håret sto til alle kantar. Da følte ho kvalmen komme igjen. Ho rakk akkurat å komme seg bort til do før ho kasta opp det vesle ho hadde fått i seg av frukosten. Kvalmen hadde vert der lenge, men i det siste hadde det blitt verre. Det var da ho hadde begynt å bli mistenksam.

Ho sat seg ned på golvet og begynte å gråte. Store tårer rant nedover ansiktet og det danna seg svarte striper av augesminka hennar. Det kalde kvite rommet med åtte doar og to vaskar var ikkje slik det skulle være lenger. Nå var det som om ho satt inne i eit mareritt som det ikkje gjekk an å vakne frå. Ho visste kven det var som hadde tatt del i dette. Korleis skulle ho sei det til han? Det kom til å øydelegge alt.

Han var to år eldre og gjekk andre året på vidaregåande. Han var kjempekjekk. Mørkt halvlangt hår og over 180 cm høg. Dei to som hadde hatt det så fint saman. Han var ikkje klar til å ha eit så stort ansvar, det var ho nesten sikker på, men mest av alt var ho usikker på om ho greidde det sjølv. Det fanst jo andre mulegheiter, men dei ville ho helst ikkje tenke på. Ho hadde slutta å gråte, og nå satt ho bare å stira tomt ut i lufta. Dei kvite veggane og lukta av dovatn gjorde ho enda meir uvel. Korleis skulle ho sei det til han? Ho stilte seg sjølv det spørsmålet minst tjue gonger, men fekk likevel ikkje noko bra svar. Det siste ho ville var å bli ei aleinemor som levde på trygd. Ho ville få ei bra utdanning og gifte seg før ho fekk barn. Nå var alle draumane hennar knust , og ho kunne like så godt kaste dei i do og dra ned når ho først satt her.

Skulen han gjekk på var bare nokre meter frå der ho nå sto. Ho kikka opp på den store gule bygningen. Ho visste ikkje korleis han ville reagere, men ho trudde kanskje han kom til å bli sint. Tenk viss han aldri ville snakke med ho igjen. Det gjekk sakte opp for ho kva som eigentleg hadde skjedd den siste timen, ho høyrte bilane susa av stad på vegen nedafor og lurte eit lite augeblikk på om ho like så godt skulle ha kasta seg ut foran ein av dei. Nå måtte ho igjen sette seg ned. Ho vart heilt fortumla og begynte å synge på "Cry" av Guns N Roses. Ho lot tonane gli ut i lufta mens ho song teksten

- Don’t you cry tonight, there’s a heaven above you babe! Don’t you cry tonight. Ho følte at ho såg ut som ein eller annan hippie der ho sat på det grøne graset og song av full hals, men ho følte at det hjelpte med å plassere tankane rett. Nå hadde ho plutselig litt meir mot inne, men likevel følte ho seg hjelpelaus.

Døra til klasserommet hans hadde den styggaste gul fargen ho nokon gong hadde sett. Det minna henne om oppkast og med eit blei ho kvalm igjen. Ho sprang bort til nærmaste søppelkasse og kasta opp til det lukta spy i heile korridoren, men det var ikkje det ho tenkte på nå. Det einaste som var inne i hovudet hennar var korleis han kom til å reagere. Han var snill som eit lam, men ho viste han hadde eit frykteleg temperament når han først blei sint. Tenk viss han blir så sint at han slår meg , tenkte ho og begynte å gråte igjen. Ho hadde ingen kontroll over tårane sine lenger.

Mia satt der heilt til det ringte ut siste time. Ho hadde svarte striper nedover kinna, og det lange, brune håret hennar var enda meir bustete enn det hadde vert tidlegare på dagen. Han kom bort til ho med ein gong han såg ho satt der og spurte kva som hadde skjedd, og han hadde eit forskrekka utrykk i ansiktet. Nå måtte ho sei det til han. Ho opna munnen og klarte så vidt å sei det ho skulle. Nå bare sat ho der og venta på at noko skulle skje. At han skulle bli sint og slå ho, eller at han skulle gå og aldri snakke til ho igjen. Men han gjorde ingen av delane. Han sat seg ned og haldt rundt ho. Han gråt. Ho kunne kjenne tårene hans langs kinnet hennar og pusten hans mot nakken sin. Så kviskra han til ho.

- Dette skal vi klare, Mia.

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?