Hopp til hovedinnholdet

Novelle: "Djupt inn i skogen"

Skummel hytte
Hytte skummel

Eg ser hytta. Det er nett som den ropar på meg. "Kom Camilla! Kom!" Eg går mot hytta. Den er gammal. Målinga er i ferd med å flasse av. Taket dett ned og veggane kollapsar.

Novella er skreve av Susanne

Offentlig og kvalitetssikret
Skummel hytte
Hytte skummel

Det kjem nokre folk som begynner å ta vekk dei rotne plankane frå hytta.

Etter kvart vert det reist ei ny, moderne hytte på den plassen som den gamle forfalne hytta stod.

Plutseleg ser eg nokon i vindauget bak den kvite gardina. Eg ser at det er ei jente. Berre litt eldre enn meg sjølv. Fjeset til jenta går nesten i eitt med gardina. Ho har brunt hår. Det ser ut som ho er redd for noko. Det er ein svart skugge bak den kvite i vindauget. Skuggen luskar seg innpå jenta i vindauget. Skuggen held noko i høgre hansa. Det blenkjer svakt i metall. Eg høyrer eit sårt skremt hyl...

Eg bråvaknar. Eg er heilt klam av sveitte. Heldigvis var det berre ein draum. Eg set meg opp i senga og ser på klokka på mobilen. Kvart på åtte. Eg legg meg ned i senga. Prøver å sove, men draumen sit som spikra fast i hovudet på meg. Eg kan like godt stå opp.

Eg går ut på det iskalde golvet. Det ligg klede over alt. Eg plukkar med meg nokre reine klede og eit reint handkle frå skåpet mitt og så går eg inn på det varme badet. Eg hoppar rett inn i den varme dusjen. Det er herleg å berre stå slik og kjenne det varme vatnet som renn nedover kroppen.

Eg held på å føne håret mitt. Eigentleg er det ganske fint. Det er gyllenbrunt og litt bølgete og oppklipt i forskjellige lengder.

Veslebror min, Julian sit og et frukost når eg kjem inn på kjøkkenet. Eg trur eg vil ha toast i dag. Eg set på toasthjarnet og begynner å lage til toasten.

Brått slår draumen ned i hovudet på meg. Eg ser bileter av den kvite jenta i vindauget. Ho skrik. Ho skrik høgt og sårt. Eg får vondt av ho. Draumen fortset. No ser eg at det er ein mann med ein kniv. Mannen er svart og har mange rosa arr i fjeset. Han har svart hår og svarte stikkande auge.

Det kjem eit skrik frå jenta i vindauget. Kniven borar seg inn i ryggen på jenta. Igjen og igjen. Jenta ser på meg. «Forsvinn» seier ho lågt. «Ikkje kom hit Camilla! Han kjem til å oppdage deg!» «Spring! Han kan sjå deg!»

Eg er redd. Korleis veit ho namnet mitt? Eg funderer ikkje lenge, men tek til å springe. Eg spring og spring. Eg spring så fort eg kan. Eg snublar dett, skrapar meg opp.

«Camilla!» Det er Julian. «Du sovna,» seier han

«Gjorde eg?» seier eg forskrekka. Eg kan ikkje hugse at eg sovna. Jo, no hugsar eg det! «Ja, det gjorde eg. Eg hadde mareritt, trur eg.»

Eg ligg på golvet i ei forvridd stilling. Eg reiser meg opp frå det kjølige golvet og set meg ved kjøkkenbordet.

Toasten smakar ikkje særleg godt. Julian lagde den ferdig då han ikkje klarte å vekkje meg. Han har teke salami inni. Noko som eg ikkje kan fordra!

*

Eg sit i bilen og høyrer på musikk mens eg tenkjer på draumen. «Ikkje kom hit» hadde jenta sagt til meg. Kva meinte ho med det? Eg grøssar. Vil ikkje tenkje på det.

Det tikkar inn ei melding på mobilen. Det er Thea. Ho lurer på om eg har det kjekt på hytta. Eg er jo ikkje kome til hytta endå, men eg har det i allefall ikkje kjekt. Eg svarar at eg kjedar livet av meg.

Eg ser ut av vindauget. Det er mørkt. Snøfnugga krasjar i glasruta. Eg stirrar i ruta til auga mine vert såre. Snøfnugga samlar seg opp også dett han ned igjen. Eg er trøytt. Til slutt glir eg inn i drøymeland.

Eg ser den kvite jenta i vindauget. Ho ligg som ein død. Det blonde håret hennar ligg fram i ansiktet. "Eg sa du ikkje skulle komme hit Camilla, men her kjem du jo," kviskrar ei stemme. Eg trur det er jenta i vindauget som kviskrar. "Reis heim igjen," fortsetter ho med ei trist stemme. Eg prøver å spørre ho kvifor, men eg får ikkje fram ein lyd. Det er nett som om munnen min er limt igjen. Eg tek handa mi opp mot munnen min. Kjenner. Eg kjenner ingenting. Berre glatt hud! Eg får panikk. Eg prøver å rope etter hjelp, men det kjem ingen lyd.

Plutseleg kjenner eg ei hand på skuldra mi. Den er hard og knoklete. Den held godt fast. Eg er livredd. Eg prøver å riste meg laus og det går. Eg snur meg for å sjå kva det var. Eit hyl inni meg blir sperra inne. Det er eit skjelett. Eg spring og spring. Eg ser meg over skuldra. Skjelettet kjem etter meg. Det blenkjer i eit avlangt metallstykke i handa til skjelettet. Det er ein kniv!

"Spring Camilla, spring! No kjem han! Du skulle hørt på meg!" ropar ei stemme som eg har hørt så mange gangar før. Det er stemma til den kvite jenta. "Ikkje gjer den samme tabben som eg gjorde før han myrda meg. Eg sprang inn i ei hytte og låste døra etter meg i håp om at han ikkje skulle komme seg inn, men som du har sett gjorde han det," fortsetter jenta. Ho høyrest trist ut. Eg ser ein kvit skugge framfor meg. Eg bryr meg ikkje om den, men fortsetter å springe. Eg snublar og dett så lang eg er. Det har begynt å regne. Det er kaldt og det har samla seg søledammar på bakken. Eg tenkjer at no er alt håp borte. Så kjenner eg ei varm hand trekke meg opp på beina. "Ikkje ver redd. Eg skal hjelpe deg." No ser eg at det er den kvite jenta i vindauget. Eg nikkar. Ho er ikkje så bleik no. Ho har normal hudfarge og ser veldig snill ut. Ho er cirka like høg som meg.

Skjelettet er like bak oss no, så vi byrjar å springe. Jenta klatrar opp i eit tre. Ho drar meg opp då ho er oppe. "Eg heiter Charlotte," smiler ho.

"Eg heiter Camilla," seier eg.

Charlotte smiler. "Eg veit det."

Skjelettet er rett under oss. Det ser seg rundt med dei svarte holene sine. Det har ikkje oppdaga oss.

"Det var han som myrda meg," seier Charlotte bittert. "Når han er ute i drøymar er han skjelett og inne er han menneske, men når han er i verkeleg verden er han kun menneske. Du såg han då han myrda meg," fortsetter "Har du lyst til å våkne frå draumen?" Kviskrar ho.

"Ja," kviskrar eg tilbake.

"Då er du nødt til å hoppe ned på bakken med hovudet først," seier ho

"Må eg?! Det vil eg ikkje!" eg er livredd. VIL verkeleg Charlotte hjelpe meg, eller er ho på lag med knokkel-mannen?

"Ja du må. Det gjer ikkje vondt. Eg lovar," seier Charlotte. "Eg ventar på deg oppe på fjelltoppen der oppe," seier ho og peikar.

Så hoppar eg ...

Julian og eg vert slengt fram i setet foran oss. Det gjer vondt. Julian byrjar å grine. Eg han fått vondt i hovudet. Air-Bagen har blåst seg opp. "Gjekk det bra med dykk? Camilla? Julian?" ropar mamma.

"Det gjekk bra med meg, men eg veit ikkje om det gjekk bra med Julian," seier eg bekymra. Julian har slutta å grine. Han sit heilt stille. Eg veit ikkje om han lever. Eg leitar etter puls. Finn den ikkje. "Mamma? Kvar er det pulsen er?"

"På halsen nedanfor haka og litt opp til høgre eller venstre," mamma har tårer i augene. Ho er redd for at Julian skal vere død eller skada. Eg trur ikkje han er død, og eg håpar ikkje han er død. Eg prøver ein gong til å leite etter pulsåra og denne gongen finn eg han. "Han lever," seier eg letta.

"Takk og lov!" utbryt mamma. "Vi må prøve og finne oss ein stad å overnatte. I bilen kan vi ikkje vere." Heldigvis for oss er pappa lege, så viss det skjer noko med nokon av oss er det ikkje så farleg. Eg prøvar å finne mobilen min, men eg kan ikkje finne han nokon stad. Eg ser ned på golvet og oppdagar den. Eg tek den opp. "Helvete!" ropar eg. "Mobilen min er kverka." Mamma og pappa ville ikkje ta med sine, og Julian har ikkje mobil. Han skulle få til ti årsdagen sin om to år. "No kan vi ikkje ringe etter hjelp ein gong." Mamma svarar ikkje.

Pappa har gått ut for å opne bagasjerommet. Han kjem tilbake med uteklede. "Få på dykk klede," "Eg skal vekkje Julian," seier han.

"Kvifor krasja vi?" spør eg pappa.

"Eg veit ikkje kva det var, men eg såg ein skikkelse som sprang ut i vegen rett foran bilen, så eg var nøydt til å svinge av vegen og det endte opp med av vi kolliderte med eit tre," svarar han.

Eg vert stum. Eg tenkjer på mannen i draumen. Kan det vere han som sprang ut i vegen?

Det er slutta å snø, men det er allikevel kaldt. Det er bekmørkt ute, så eg skrur på hovudlykta mi. Foran meg er det ein djup mørk skog med høge svarte grantrær. Eg er glad for at eg har mykje klede på meg. Eg har spent på meg skia. Det har dei andre og. Pappa klarte å vekke Julian. Han er heilt stille. Han seier ikkje noko. Det er ikkje likt til å vere Julian. Pappa seier at han er i sjokk. Heldigvis klarar Julian å gå. Han har berre eit kutt i hovudet som er dekka med bandasje.

Vi byrjar å gå inn i den mørke djupe skogen.

Det er kaldt inni hytta. Mamma har funne omnen, og no held ho på å kveikje i. Eg ser meg rundt i hytta. Det er støvete og skittent. Eg leitar etter stearinlys og finn det. Eg går inn i stova til mamma og får ei fyrstikkøskje, så går ut på det kalde støvete køkkenet og kveikjer lyset. Eg ser meg kring. Det er meir støvete her inne enn i stova. Eg finn ein omn på kjøkkenet og legg i ved og tenner på fyrstikka. Ein rar lyd kjem inne frå omnen. Det kjem ut mykje sot. Eg høyrer eit svakt dunk. Eg hostar. Eg snur meg for å sjå kva det var som dunka. Det ligg noko svart inni peisen. Ei ugle! "Mamma! Det ligg ei ugle i peisen!" ropar eg.

"Ta den ut då Camilla. Er den levande?" spør mamma.

"Nei," seier eg og ser på den døde ugla.

"Det er ei avis her inne så du kan bruke til å ta den ut med."

Eg går og hentar avisa og tek med den døde ugla ut i snøven.

Kva var det? Såg eg noko? Var det nokon der? "Hallo?" seier eg forsiktig. "Er det nokon der?"

Ikkje noko svar. Eg er heilt sikker på at det var nokon der! Eg tek til og tenkje på draumen igjen. Det går kaldt nedover ryggen på meg. Eg skundar meg inn i hytta. Vil ikkje vere aleine. Eg går inn i den kalde stova til mamma og alle dei andre. Mamma og pappa held på med å rydde i rommet. Julian er på veg inn i eit anna rom. Pappa har fyrt opp omnen på kjøkkenet. Eg set meg på ein stol. Eg frys.

Julian er likbleik då han kjem springande grinande ut frå eit rom. Han spring rett bort til pappa og held om han mens han peikar mot rommet han kom ut frå.

"D-d-det er n-nokon d-der i-i-inne!" gret han.

Pappa løftar Julian opp og set han på fanget til mamma. Så går han inn i rommet som Julian var inne i. Eg høyrer banning der innefrå. Når han kjem ut att er han bleik. Eg kjenner at det er uro i lufta. Pappa er redd og det er ikkje så ofte han er redd. Han seier noko til mamma. Ho lagar store auge. "Kom ungar. Vi går ut og lagar oss litt mat," seier mamma.

Vi teke med oss stormkjøkkenet og ved ut. Mamma lagar til bålet mens eg kuttar opp grønsaker som vi skal ha i grønsakssuppa.

Pappa har spikra igjen vindauget og døra som var på rommet. Det er blitt varmt i hytta no. Vi har vaska og det har eigentleg vorte ganske koseleg. Eg skal til å legge meg. Julian har allerede lagt seg. Han søv tungt. Eg ligg og tenker på kva Thea gjer på no. Ho er vel på hotellet i Thailand og badar og solar seg og flørtar med gutar, mens eg ligg her i ei gammal hytte djupt inn i skogen. Thea er så heldig!

Mamma og pappa og har lagt seg no. Eg får ikkje sove. Eg finn fram iPoden min frå sekken min og slår på musikk. Sakte men sikkert somnar eg ...

 

*

 

Eg vaknar av at Julian skubbar bort i meg. Eg set meg opp, ser på han. Han søv. Eg trur han har mareritt for han er heilt sveitt i panna. Eg kjenner på panna hans. Han har i allefall ikkje feber. Han er kald. Eg vekkjer han.

"Åååh!" ynkar han seg. Han set seg fort opp og klemmer rundt meg. Han er redd.

"Kva er det for noko?" spør eg stille.

"Eg hadde mareritt," seier Julian og ser seg rundt.

"Kva var det du drøymde om?" spør eg forsiktig.

"Det var ei kvit jente som satt i eit vindauge i ei hytte og den hytta ligna masse på den hytta som vi er i no, så kom det ein skummel mann og stakk ho jenta med kniv. Etter at han hadde gjort det snakka jenta til meg. Ho sa at ho heitte Charlotte og at ho kjende deg og at vi skulle reise heim med ein gong!"

"Det er sant. Eg og har drøymt om det. Akkurat den samme draumen, berre at eg draumde vidare. Den siste draumen eg drøymte om Charlotte handla om at det var ein knokkelmann med kniv som ville ta meg. Charlotte hjalp meg med å komme meg vekk frå knokkel-mannen," seier eg litt redd. Tenk at eg og Julian drøymde den samme draumen!

Eg høyrer eit sterkt dunk frå rommet som pappa spikra igjen. Tenk viss dette er den samme hytta som i draumen? Det var jo tross alt noko der inne på rommet, sidan pappa spikra det igjen.

"Det er nokon der inne," seier Julian redd.

"Ver heilt stille," seier eg. "Kom bort til meg og prøv å legg det til å sove igjen." "Har du lyst til å høyre på musikk?" spør eg Julian.

"Ja," seier han. Eg set på musikken til oss begge. Litt om litt somnar vi ...

Eg går opp på fjellet for å møte Charlotte. Julian er med meg. Det tar ikkje lang tid å gå opp.

"Han ER her!" seier Charlotte.

"Kor er han, og kven er han?" spør eg. Julian klamrar seg fast i meg.

"Han som myrda meg er i hytta med dåkke," seier Charlotte litt høgt. Ho ser redd ut. "De må skunde dykk ut frå hytta! Det er ikkje trygt der lenger." "Hopp utfor klippen, så vaknar de."

"Var det du som var i det rommet som eg var i i går?" spør Julian litt forsiktig.

"Ja, eller det var skjelettet mitt." "Han som myrda meg for nokre år sidan er nødt til å gnage på knoklane mine for å overleve," seier Charlotte. "Han kan aldri gå langt i frå knoklane mine. Då døyr han." "Men no må de vakne," fortsetter ho.

Eg og Julian går mot klippen. Vi stansar med kanten og ser ned. Det er sikkert mange hundre meter ned.

"Vent litt," seier Charlotte. "Dette er kanskje den siste gongen vi møtast, så eg ville berre ynskje dykk lykke til, også må de sei til faren dykkar at han må ringe til politiet og sei at han har funne eit skjelett av ei ung jente." Charlotte smiler.

"Kvifor var det aldri nokon som fannt deg?" spør eg

"Alle trur det var eg som hadde drukna i Årdalsvatnet, men det var ikkje eg. Det var ei anna jente." sukkar ho.

"Åh, herregud! Er du Charlotte Moene?!" seier eg forskrekka.

"Ja, eg er nok det." seier ho og smiler. Ho kjem mot meg og Julian. Ho gjer Julian ein klem. Deretter klemmer ho meg. Eg klemmer ho tilbake.

Så hoppar vi ...

Eg bråvaknar. Det samme gjer Julian. Eg spring bort til pappa og vekkjer han. Julian vekkjer mamma.

"Vi må ut herfrå!" Julian gret.

"Kvifor det?" spør mamma forskrekka.

"Vi forklarar det seinare," kviskrar eg mens kler på meg uteklede i full fart. "Skund dykk! Eg meiner alvor, mamma!"

Julian drar i mamma og pappa. Han dreg dei med bort til døra. "Kle på dåkke!" seier han surt. Eg hjelper Julian på med kleda. Mamma har kledd på seg. Pappa har kledd på seg. Julian har kledd på seg. Eg har kledd på meg. Flott! Då er vi klare. Eg listar meg bort til døra. Legg hovudet inntil veggen og lyttar. "Hyssj" hysjar eg. Eg høyrer ingenting. Plutseleg ser eg ein mann i døra. Det er mannen frå draumen. Han er mørk i huda og han held noko i høgre handa. Ein kniv!

"SPRING!!!" ropar eg til mamma og pappa. Julian er allereide ute. Han spring så fort som han aldri har gjort før. Det kaldt ute. Det snør som aldri før. Mamma og pappa tek meg igjen. Vi spring og spring. Plutseleg snublar eg. Eg dett. Mamma og papp berre spring. No har dei teke igjen Julian. Dei har ikkje merka at eg ligg oppgidd igjen i den djupe kalde snøen med ein mordar som nærmar seg ...

Han står over meg. Det er som om augene hans svir hol i meg. Dei er svarte og stikkande. Arra hans lyser rosa mot meg. Han har på seg skumle klede. Det ligna på kleda som han mannen med ishakka i filmen "Fritt Vilt" hadde på seg. Eg ser han held kniven sin i høgre handa. Han løftar kniven opp mot himmelen som er full av snø og gjer seg klar på å myrde eit nytt offer. Eg tenker på Thea og på alle dei andre vennane mine. Kor leie seg dei hadde vorte om eg hadde blitt myrda her og no. Når eg tenkjer på dei er der som eg får ubegripelege krefter. Eg trekkjer til meg foten og av all kraft spenner eg til midt i skrittet på karen. Han jamrar høglytt. Han får så vondt at han gløymer meg ein liten augonblink. Det er synd for han. For no har eg plutseleg kniven i handa mi. eg spring mot han og prøver og stikke han. Det går ikkje. Eg ser på kniven. Han fekk jo veldig vondt i skrittet, så kanskje eg skal stikke han der? Det skadar i allefall ikkje å prøve. Eg stikk han. Eg trur i allefall at eg gjer det. Noko knip runndt armane mine. Det er mannen som gjer det. "Du skal dø!" ropar han. Eg sparkar av all kraft i skrittet hans igjen. Han krympar seg saman igjen. Eg tek tak i kniven som eg mista då han heldt meg fast i armane. Eg stikk han i skrittet. Denne gongen gjorde eg det verkeleg, for det kom blod på kniven. Eg spring min veg. Eg merkar ikkje at snøven piskar meg i ansiktet. Der framme ser eg lys. Når eg kjem nermare ser eg at det er mamma og pappa og Julian. Mamma klemmer meg. "Åh, takk og låv at du er like heil!"

"Vi må skunde oss!" Eg dreg tak i mamma. Vi spring for livet. Det er langt til nærmaste hus. Vi er slitne.

"Pappa? Kan du bære Julian? Han går så tregt." Eg kviskrar til Julian at han må prøve å drøyme om Charlotte. Han nikkar.

Julian sovnar fort.

Julian vandrar rundt i mørkret. "Charlotte!" ropar han av full hals. "Charlotte!"

"Ja?" seier ei mild stemme. Charlotte kjem ut frå mørkret.

"Kva skal vi gere no? Vi orkar ikkje å gå lenger," seier Julian

"De kan berre finne ein stad å sove. Grav ei snøhole. Kva som helst, men han kjem til å leite etter dykk når norgonen gryr," seier ho. "Følg med meg, så skal eg vekkje deg."

Julian og Charlotte gå opp på fjellet som han og Camilla var på natta før. Dei finn klippen som han og Camilla hoppa frå. "Eg kan bli med deg og vise veg kvar de kan lage ei snøhole, men foreldra dine kan ikkje sjå meg," seier Charlotte.

Så hoppar dei.

Julian vil ned frå ryggen til pappa. Han kjem bort til meg og kviskrar: "Charlotte viser oss veg til ein plass kvar vi kan lage snøhole. Der er vi trygge for han mannen."

"Kordan kan Charlotte vere her?" spør eg forbausa.

"Ho hoppa i lag med meg," seier Julian. "Der er ho!" ropar han og peikar.

"Kven då?" seier pappa.

"Nei, ingen. Det ar ikkje noko. Eg trur berre eg såg syner," seier Julian og held seg for munnen.

Eg går etter Charlotte.

Etter ei stund seier ho til meg og Julian: "Her kan de grave ei snøhole." "Men berre pass på at de har gått dykkars veg igjen innen i morgon tidleg. No går eg min veg," seier Charlotte og gjer meg og Julian ein siste klem. Så er ho borte.

"Eg tenkte vi kunne grave ei snøhole her," seier eg og tek til å grave.

Det er seint når vi er ferdige. Snøhola vert fin. Det er stor plass til alle oss fire. Eg set iPoden på alarm klokka tre om natta. Det er kaldt. Eg legg meg til å sove med øyreklokkene i øyrene.

Alarmen ringer. Eg frys. Eg har rim i håret. Heldigvis hadde eg på meg mykje med klede. Eg vekkjer alle dei andre. Det er mørkt ute, men vi har hovudlykter. "Vi må skunde oss!" seier eg. "Mannen med kniven kjem til å komme snart. Eg berre føler det på meg".

Endeleg! Etter mange timar trakking i snøen ser vi røyk som sig stille og roleg opp frå nokre piper langt der nede i dalføret. Eg tippar klokka er rundt elleve på føremiddagen. Vi spring nedover den bratte fjellsida.

Endeleg nede går pappa bort og bankar på døra til ei av hyttene. Døra opnar seg og det kjen ut ei gammal dame, sånn cirka i seksti åra tippar eg. Ho presenterar seg for Dagfrid, og ber oss komme inn i den vesle koselege hytta med torvtak saman med seg og mannen.

Vi tek av oss yttertøyet og går inn i den vesle varme hytta. Eg, Julian og mamma set oss i den brune slitte skinnsofaen mens pappa ringjer til politiet. Eg og Julian fortel ivrig om kva som har hendt dei siste dagane- og nettene. ?De trur sikkert vi er sprøe, men det vi seier er sant, enten de trur det eller ikkje,? avsluttar eg.

Helikopteret er komt for å hente oss. Vi tek farvel med det gamle paret, så set vi oss inn i helikopteret.

Nede på politistasjonen fortel eg og Julian nok ein gong om det som har hendt. Vi fortel også om rommet i den gamle hytta med levningane til Charlotte i. ?Charlotte sa til oss i draumen at vi ikkje skulle komme til hytta.? seier eg.

Etter eit par dagar er mannen som levde av levningane til Charlotte satt i fengsel på livstid. Same kvelden drøymer eg og Julian ein underleg draum.

Vi ser Charlotte flyr opp mot himmelen mens ho kviskrar: "Tusen takk! Tusen tusen takk for at de hjalp meg til å bli fri. Tusen takk Camilla og Julian." ...

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?