Hopp til hovedinnholdet

Novelle: "Gøymsel"

Jente er trist og sitter alene (colourbox.com)

Det ringde ut etter siste time, og det strømma elevar ut på gatene. Nokre sprang rett i henda på foreldra sine, medan andre møttest for å følgje kvarandre heim. Blikket mitt stansa ved ei jente so blei omfamna av mor si sine armar. Kjærleik.

Novella er skreve av Marie

Jente er trist og sitter alene (colourbox.com)

Eg gikk over skuleplassen, men sakte nok til at eg merka blikk kvile på meg medan eg gjekk. Kanskje var det det bustete håret mitt? Eller dei alt for små skoa mine? Eg visste ikkje. Dei kunne umogleg vite kass byrde eg bar, den var for godt skjult under smilet og dei blå auga mine. Eg måtte smile.

Utafor skuleporten stod Isak og venta på meg. Han hadde det vanlege søte smilet om munnen sin, det krusete håret stod rett til vers og den mørke huda var nydeleg gyllenbrun. Han var verkeleg ein sommarfugl i vinterland.

- Hei Mia! Skal vi gå?

- Ja, svarte eg og sprang han i møte.

Vi skiltes som vanleg med den store enga ved sida av huset. Så vakker den er. Det var midtsommar og på den varmaste tida av året. Eg hadde på meg kjolen min, den same som eg brukte i går, og dagen før der. Utapå hadde eg ein tynn kardigan, også den same som i går. Eg hadde så lyst å ta den av meg, men eg kunne ikkje. Eg kunne aldri vise huda mi. Då kunne folk sjå.

Den raude bilen hennar kom som vanleg i 100 og svinga inn på tunet. Eksospotta small og døra fall nesten av. Panikken spreidde seg og frykten for å ha blitt sett satte seg i brystet. Eg nærmast stupte ut i graset og vart so liten so eg kunne og følgde ho med auga. Ho myste utover enga, såg etter noko, eller nokon. For eit sekund trudde eg vi hadde augekontakt og at livet mitt var over. Men ho snudde ryggen og slamra igjen den rotne døra etter seg. Her var tilfluktsstaden min. Då klassekameratane mine kom forbi og lurte på kva eg gjor på, svarte eg alltid det same. Gøymsel. Dei gjekk berre vidare. La ikkje merke til tårene mine, eller dei mørke skuggane på armane mine.

Eg gjekk mot huset, matboksen i handa og gnagsår på hælane. Taket var slitt og vindauga falleferdige. Rønne. Då eg nærma meg inngangen høyrde eg allereie flasker som knuste, stolar som vert kasta vegg i mellom og ei skrikande damestemme. Eg grua meg alltid til dei første knirkande skritta inn i huset og møte det oversvømde blikket til mamma. Ho såg på meg med forakt, men oversåg meg. Eg gjekk med raske steg opp trappa og satt meg på senga.

Frå vindauget høyrde eg lyden av barnelatter. Då eg såg ut trakk det i munnviken, åh så eg kunne ønske eg kunne leike med Isak og søskena hans. Isak såg opp på meg og vinka, han smilte frå øyre til øyre der han stod. Lykkelig, og utan ein minste bekymring.

Eg lo. Men angra i siste sekund. Døra smalt opp og inn braste ho. Greip meg i armen og slengte meg på senga, som alle andre gangar, for full til å bry seg om at dei hadde sett. I handa hadde ho delar av ei tom ølflaske. Eg visste kva som kom. Det einaste som hjalp var å berre liggje der, late som eg ikkje kjende noko. Men denne gongen var det verre. Slag på slag, medan ho kjefta og brøla. Det svartna for meg, men så rista ho meg så hardt at eg fekk synet tilbake nokre sekund. Dette var ingen mamma. Ein mamma skulle vere sånn som dei andre hadde, klemme deg, hente deg på skulen, trøste deg om du grein og kalle deg jenta si. Ein mamma skulle ha jentekveldar, synge nattasangar og lese bøker. Lage frukost og middag. Bry seg om deg.

Eg forstår ikkje, kvifor har eg ikkje ein slik ein. Er eg ikkje god nok? Kva har eg gjort gale? Eg trudde ikkje gud gjorde feil. Men tydelegvis, slapp eg usynleg forbi.

Bak all smerten, bak all brølinga høyrde eg ein svak lyd av sirener. Kjappe harde trinn i trappa, og ein lettelse då eg vart røska unna det forferdelige kvinnemennesket.

- Stakkars lille jente. Så så, no skal alt bli betre.

Det var ein mannsstemme.

Utanfor stod heile nabolaget, skrekkslagne. Blant dei stod Isak, gråtkvalt og raud i ansiktet. Han hadde ikkje visst. Ingen hadde visst.

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?