Hopp til hovedinnholdet

Novelle: "Eit unntak"

Chili på gaffel (colourbox.com)
Chili på gaffel

"Velkomen heim! Det er taco til middag i dag." Mamma steig ut av kjøkenet med ein gong ho høyrde meg i gongen. "Eg vil ikkje ha, eg er ikkje svolten" svara eg og sat kursen mot rommet mitt. Taco midt i veka, då visste du at noko var i gjerde.

Novella er skreve av Marta

Chili på gaffel (colourbox.com)
Chili på gaffel

"Sikker? Det er jo favorittretten din."

"Sjølvsagt er eg sikker på at eg er mett. Hallo, eg kjenner min eigen kropp såpass, det er ikkje akkurat eit spørsmål om massen til sola!" Eg var irritert. Eg blei alltid irritert på ho, ho masa jo alltid. Spesielt om mat. Hadde eg åte så mykje som ho ville at eg skulle, så hadde eg vore ein ballong for lengst. Ein ekkel, feit og tung ballong som alle hadde vika i frå.

Mamma sukka. "Du er blitt så tynn i det siste, det er jo ikkje heilt sunt, vennen min. Kom no, et litt taco med meg. Det er så lenge sidan me har hatt eit måltid saman."

"Eg åt på skulen," kjefta eg tilbake og gjekk inn på rommet. Døra smelte høgare enn planlagd.

Eg slang sekken i frå meg på golvet og gøymde meg under dyna. Magen haldt fram med å senda protestar og truga med å streika viss den ikkje fekk mat. Eg likte det. Når magen gnog og kroppen ville ha næring, så nekta eg. Det gav meg ei kjensle av kontroll, ei kjensle av siger. Endeleg var det noko som eg verkeleg fekk til, noko som gav tydelege resultat, noko som eg ikkje tulla til. Det var flott, det var fantastisk. Blei hungeren for stor kunne eg jo berre sova den vekk. Eller ta ein kopp kaffi.

Utanfor kunne eg høyre mor mi setja seg ned ved middagsbordet. Klinka som kom avslørte at ho serverte seg sjølv. Så blei det stille ei lita stund. Skraping frå stolen, skritt som nærma seg. Banking på døra før ho blei opna utan invitasjon.

"Går det bra med deg?"

"Ja."

"Du veit, du kan alltid snakka med meg. Uansett kva det er, så forstår eg deg nok. Saman så kan me finna løysinga på problemet." Ho høyrdest så ynkeleg og redd ut. Som om ho var redd for å trø på ei mine. Og ho hadde delvis god grunn til å vera det òg.

"Det er ingenting å snakka om. Eg er ikkje svolten, berre trøytt." Eg la om tonefallet mitt, let stemmen min avsløra kor slitsam eg var.

"Er det pappa? Eg forstår at det sikkert ikkje er lett, med den nye familien hans og alt. Plutseleg har du to yngre søsken å forholda deg til, med ein tridje på veg."

Eg sukka inn i puta mi. "Nei, mamma. Det går greitt."

Ho var stille ei stund. "Me kan ta middagen seinare, når du har fått deg litt svevn, ok?"

Eg svara ikkje. Ho gjekk ut av rommet og lukka igjen dør. Det skapa ei fysisk grense mellom meg og ho som forsterka den psykiske. Distansen mellom oss hadde berre blitt større og større den siste tida.

Eg flykta i frå lukta av mat, klaginga frå magen og verkinga i musklane inn i svevnen. Svevnen var trygg, i svevnen var det ingen som plaga meg. Lukta av tacokrydder hang framleis i lufta då eg vakna. Mørkret utanfor vindauget fortalde at eg hadde sove vekk dagen. Svolten slo til som eit skot og no klaga magen høglydt. I stova såg mamma på TV. Eg reiste meg or senga og gjekk ut i gongen. Gjekk på kjøkenet, såg på maten som stod på bordet, tok meg eit glas vatn. Gjekk så og stilte meg i inngangen til stova.

Mamma såg på meg og smilte. "I humør for litt taco no?" Eg hadde ikkje lagt merke til kor sliten ho såg ut før no. Ho såg ut som om ho hadde blitt minst ti år eldre sidan sist eg studerte ho. Ei bølgje av sympati slo innover meg. Ho hadde det jo ikkje så lett ho heller. Etter skilsmissa hadde alt gått nedover for ho. I tillegg hadde ho nett fått vita at ho blei offer for nedskjeringa på jobben og var no på jakt etter ein ny. På ein så liten stad som dette var det ikkje så lett, spesielt når me ikkje hadde råd til å senda bilen på verkstad. For ei veke sidan så fekk ho tablettar frå legen så ho i det minste fekk ordentleg svevn om nettene.

Eg orka ikkje å stritta i mot. Skulda blei ei for tung bør og eg fekk lyst til å riva ned barrieren som stod mellom oss. Eg ville ingenting anna enn å krypa opp i fanget og fortelja ho at alt ville gå bra og alt ordna seg til slutt. Eg nikka. Me gjekk inn på kjøkenet saman. Mamma varma opp kjøtdeigen og tortillaen medan eg tok av plastikken på skålene og fylla karaffelen med fersk vatn.

"No har me det fint, har me ikkje?" Sa mamma seinare, då me såg på ein film med ei bolle popkorn på bordet.

"Mhm," svara eg.

Då tablettane endeleg slo ut og mamma sovna, sneik eg meg frå rommet mitt til badet. I dag hadde vore eit unntak, men det skulle ikkje skje igjen. Eg stakk to fingrar ned i halsen og den herlege meistringskjensla breidde seg sakte, men sikkert utover kroppen.

 

 

Mer om skilsmisse på ung.no

Mer om spiseforstyrrelser på ung.no

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?