Hopp til hovedinnholdet

Novelle: "Regn"

Regndråper på vinduet (foto: Endre Hesthagen)
Regndråper

Eg står her.

På denne brua. Aleine. Gret. Tenkar på deg.

Alt. Ingenting.

Tenkar på korleis du var den einaste som forsto meg.

Novella er skreve av Frida

Regndråper på vinduet (foto: Endre Hesthagen)
Regndråper

Savn er som tortur.

Vondt. Fordi du ikkje kan stå attmed meg. Ikkje trøystar meg.

Redd. For korleis eg skal klare dette utan deg.

Men trygg. Fordi eg veit at me skal sjåast igjen.

Paradis. Ein vakker stad.

Lilla markblomar. Krystallklart vatn. Sola skin.

Der står du. Under regnbogen. Du. Eg.

Du seier at du har venta. På meg.

Du tar handa mi. Du er varm. Det har du alltid vore.

Vi kan endeleg vere saman.

Du tar meg inntil kroppen din. Du luktar deg.

Ingen annan lukt er betre.

Eg seier eg saknar deg.

Du seier det går fint. Vi kan vere saman no.

Det begynner å regne. Det regnar ikkje i paradis.

Du begynner sakte å duse vekk frå meg.

Klumpen veks i magen. Det gjer så ildt.

Eg får panikk.

- NEI IKKJE GÅ! EG BLIR MED DEG! EG ELSKAR DEG!

IKKJE FORLAT MEG IGJEN...

Dei lilla markblomane. Vekke.

I staden for var der gråstein.

Det krystallklare vatnet. Vekke.

I staden var der skitne sølepyttar.

Sola då? Den er vekke.

I staden for er der ein halvfull måne som ser ned på meg med eit skuggefullt blikk.

Og kvar er du? Ingen stad.

Spora dine er vekke. Eg har ingenting att.

Det einaste som holder meg i live, er tanken på at du ein gong eksisterte.

Dei vil at eg skal snakke med nokon.

Eg vil ikkje snakke. Eg vil berre liggje under dyna. Vente på å døy.

Men eg skal ikkje gjere det. Eg skal ikkje skuffe deg.

Det hadde vore egoistisk. Sjølv om det eg vil mest akkurat no, er å vere egoistisk.

Regn.

Eg elskar at det er så vått.

Eg huskar ein dag. Vi skulle ut å bade.

Men det begynnte å regne så mykje at vi ikkje kunne gå ut døra utan å verte

klissvåt.

Så eg sa vi måtte bli inne.

Du berre lo. Så tok du handa mi.

Drog meg ut i regnet. Eg vart gjennomvåt.

Du og. Men me brydde oss ikkje.

Du sprang etter meg.

Eg falt ned på det våte graset.

Du låg deg ned med meg.

Vi to. Låg i graset. såg opp på den regnfulle himmelen.

Eg går mot kyrkjegarden.

Forbi alle dei gamle gravsteinane. Bort til din.

Det gjer vondt kvar gong eg ser namnet ditt på gravsteina.

Eg tennar eit lys. Eit lys. For deg. For meg.

Eg tar det krøllete bildet av deg, opp av lomma.

Ser på det. Lenge.

Auga. Ingen auge skin så vakkert som dine gjorde.

Munnen. Ingen munn snakkar så klokt som din gjorde.

Hendene. Ingen hender er mjukare.

Alt. Det er du. Alt. For meg.

Eg gret. Eg er svak. Det veit eg.

Men kvifor skal eg gidde?

Du er jo ikkje her.

Eg sovnar på grava di. Drøymar. Om deg.

Lilla markblomar.

Krystallklart vatn.

Sola skin.

Der står du.

Under regnbogen.

Du. Eg

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?