Hopp til hovedinnholdet

Novelle: "Raude roser"

Rød rose (colourbox.com)

Eg visste aldri korleis eg skulle få sagt det. Det kom så brått på, og eg visste det ville øydelegge alt for deg.

Novella er skreve av Thea

Rød rose (colourbox.com)

Kunne aldri klart å sjå deg inn i dei klare blå auga dine om du hadde høyrt kva eg skulle sagt. For eg burde ha fortalt deg det frå starten av. Eg kunne spart deg frå det vonde, bare med nokon få ord, men eg kunne aldri redda deg.

Vi hadde allereie vori saman i litt over eit år. Tida hadde floge av sted og vi hadde skapt masse minner. Eg hugsar fortsatt den siste dagen eg såg deg. Du kom på døra mi, ringte på den kvite ringeklokka, kledd i nye, svarte bukser og ein fin, blå jakke. Vi skulle ut, eg hugsar ikkje kor eller kvifor. Det spilte ingen rolle. Ute var det kaldt, og den kvite snøen låg som eit teppe over dei lange vegane. Orda du smurde saman og ga meg i det eg kom ut døra, gjorde meg varm og lykkeleg. Du sa eg var nydeleg, enda eg nesten ikkje hadde noko hår. For du visste at orda betydde meir for meg enn dei høyrtes ut som.

Etter fleire månader inn og ut av sjukehussenga, var eg blitt vandt til det kvite. Alt var kvitt; veggane, taket, forhenget rundt senga, og lakenet. Dei einaste gjenstandane som ga farge i rommet, var dei raude rosene du hadde gitt meg. Og det var ikkje bare ein bukett med roser, det var fleire. Mange kvite roser, men dei raude var dei finaste. Det var dei som gav liv i rommet. Nesten kvar dag kunne eg liggje her og vente på deg, du kom alltid innom med fleire raude roser. Det var din måte å vise din kjærleik på, det hadde eg allereie skjønt. Til og med når eg låg på mitt siste, heldt eg tak i ein raud rose. Eg ville ikkje sleppe den. Ville heller ikkje sleppe deg, eller tida, for den saks skuld. Tida hadde atter ein gong floge av sted, og nå var det ikkje meir og lage minne av.

Du trudde eg ville bli heilt frisk, komme meg ut av sjukehussenga enda ein gong. Det var jo det eg hadde fortalt deg. Dei siste dagane hadde vi snakka på telefonen, for eg orka ikkje å sjå deg no. Eg sa eg hadde det bra, at eg nesten var frisk og at legene hadde tenkt til å sende meg heim igjen. Du trengte ikkje komme på besøk, for vi skulle jo snart sjåast igjen. Bare ikkje her, ikkje på denne jorda som vi var vendt til.

Den siste dagen vi snakka på telefonen, sa du enda ein gong noko spesielt eg ville ta med meg vidare i det korte, mørke livet mitt. Du sa du ikkje ville leve meir om eg ein dag forsvann frå deg. Då ville du vere med meg, kor enn eg gikk. Det verste var at eg visste du snakka sant, det gjorde du alltid. Korleis skulle eg få stansa deg frå å ta ditt eiget liv om eg allereie var død?

Så nå sto du der, framfor ei trekiste blant masse mennesker du ikkje kjente. Tårene trilla nedover dei varme, gode kinna dine. Du hadde det vondt, og eg kunne ikkje vere nær deg slik som før. Kunne ikkje hjelpe deg, kunne ikkje redde deg. Kunne ikkje trøste deg for min eigen død. Tida gjekk, du gret i fleire minutter og timar. Eg trur ikkje det gjekk heilt opp for deg at eg hadde loge om korleis det ville ende. Kyrkja var fortsatt full, mennesker satt og gret i strie straumar. Kvite og raude blomar dekorerte golvet rundt kista, som forresten sto open. Og nede i kista, der låg eg. Bleik hud utan nokon bevegelsar. Henda vart lagt oppå brystet mitt med ein raud rose. Du heiste hovudet opp mot taket. Tenkte på det siste du sa til meg. Sjølv om eg hadde loge til deg i løpet av heile forholdet vårt, ville du ikkje leve utan meg. Du såg på meg ein siste gong, før du tok fram kniven og gjorde dei kvite blomane raude med blodet ditt.



Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?