Hopp til hovedinnholdet

Novelle: "Med gode minner i tankane"

Båt av høstløv (colourbox.com)

Even såg utover den vakre utsikta. Det var ute på denne klippa han hadde fridd til kjærasten sin, Nora. Han hugsa det så godt. Dei møttes for første gong på ein fest. Det hadde vore kjærleik ved første blikk. Eller kanskje det bere var all alkoholen. Saman blei dei uansett.

Novella er skreve av Eline

Offentleg og kvalitetssikra
Båt av høstløv (colourbox.com)

Ho hadde dei vakraste, blå auga og langt, blondt hår. Kven ville trudd nokon som var så vakker ville falle for ein som Even? Han såg utover havet. Det var solnedgang og sola spegla seg i vatnet. Det raude, gule og det blå blanda seg saman til noko heilt magisk. Det var akkurat slik det var den kvelden han hadde tatt ho med ut på klippa. Nora hadde sagt at ho elska utsikta og Even hadde sagt at ho var mykje vakrare enn den. Så hadde han gått ned på kne og tatt frem ei lita eske. Då han opna den, skein Nora sterkare enn diamanten i eska. Ho hadde sagt ja med det same og kasta seg rundt halsen hans.

Even flytta blikket litt lengre til høgre. Der kunne han sjå ein seglbåt. Han hugsa at etter han og Nora hadde gifta seg, kjøpte dei ein seglbåt. Dei hadde planlagt at dei skulle reise jorda rundt med den. Men så blei den liggjande i hamna. Ikkje fordi dei ikkje ville bruke den, men fordi noko anna kom i vegen. Even og Nora fekk sitt første barn. Lille Linnea. Even kunne ikkje tenkje seg at han kunne bli meir lykkeleg enn han var då. Han hadde gjort det betre på jobben og fått nok pengar til eit hus. Dei flytta ut av leilegheita i byen og inn i eit stort hus litt lengre ute på landet. Kjærleiken berre blomstra.

Der han stod ute på klippa, tenkte han på kor godt han hadde hatt det. Han ville bere gløyme det negative. Dei var ikkje verdt å tenkje på. Han skulle vere glad. Han hadde ikkje nok tid til å sørgje. Even såg forbi det spegelblanke vatnet, og forbi seglbåten. I det fjerne kunne han sjå eit par øyar. Dei låg så fredeleg i vatnet. Uforstyrra og fredfulle. Det budde folk på desse øyane. Isolerte frå problema her, men plaga av sine eigne. Even visste ikkje kva dei strevde med, og dei visste ikkje kva Even følte. Imellom dei var havet. Eit blått teppe som skilte dei frå kvarandre. Han såg forbi øyane og på sola som nesten var forsvunne ned i havet. Tida var snart inne.

Even snudde seg og såg mot bilen han hadde parkert ved vegen. Den han hadde kome i, etter å ha rømt frå mørket og einsemda i det store huset. Det var godt med den friske lufta der oppe. Han grov i hugsen etter fleire gode minner. Familieturar i parken, julaftan og andre høgtider. Å se Linnea vokse og mange små stunder som var verdt å hugse. Då han ikkje kom på fleire, snudde han seg mot utsikta igjen. Sola hadde forsvunne ned i det blå. Det var blitt mørkt og vinden auka. Alt det vakre var blitt trist. Han gjekk lengre ut på klippekanten og såg ned på dei skarpe steinane langt der nede ved vatnkanten. Så trekte Even pusten ein siste gong før han tok eit skritt ut i lufta, og fall nedover mot steinane.

I lufta på vegen mot døden, kunne ikkje Even la vere å tenkje på Nora og Linnea og korleis dei var blitt teke ifrå han. Han lukka auga og såg ein veg framfor seg. Så blei alt kvitt i snøstormen og bilen køyrde av vegen. Han kunne sjå seg sjøl og Nora inne på eit sjukehus. Ein lege hadde nettopp gitt dei den verste beskjeda om Linnea. Ho hadde ikkje klara seg. Han opna auga og vinden bles tårane vekk der han fall. Han lukka dem igjen og såg Nora. Ho gret og gret. Han hugsa den kvelden han hadde kome heim og funne Nora. Ho hadde gitt opp og hang der med tauet stramt rundt halsen. Med eit tomt blikk. Alt han elska var blitt teke ifrå han. Even opna auga og såg steinane nærme seg fort. Viss han bere kunne ha heldt seg til å tenkje på dei gode tinga i livet. Då kunne han ha døydd med gode minner i tankane.

Novella er skreve av Eline


Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?