Hopp til hovedinnholdet

Novelle: "Forelska på ein måte vi ikkje snakkar høgt om"

Jente kysser (colourbox.com)

Eg ber på eit spøkjelse. Eit spøkjelse som ikkje liker dagsljos. Mitt spøkjelse veks seg større og større når ho får luske rundt i stilla. Spøkjelset er tungt å bere på, sjølv om ho ikkje veier noko. Mitt spøkjelse er min hemmelegheit.

Novella er skrevet av Milla

Offentleg og kvalitetssikra
Jente kysser (colourbox.com)

Det var så gale, så gale. Det visste du, det visste eg. Det var noko som ikkje skulle ha skjedd, men eg veit at vi ikkje kunne noko for det. Vi var berre forelska på ein måte ein ikkje kan snakke høgt om. Det var da ikkje vår feil?

Eg kyssa deg. I det eine sekundet følte eg meg fri, spøkjelset mitt blei borte bare i eit sekund, og eg hadde aldri følt meg sånn før. Følte du det sånn? Uansett kor mange gonger eg vaskar meg er du fortsatt permanent innstøpt i hauden min.

Eg elskar deg. Min kjærleik for deg er av den typen som ein berre får oppleve ei gong i livet. Ei frydefull trist kjærleik. Du gir meg så mykje, og uansett kor mykje eg har prøvd å benekte det, er du i blodet mitt. Kanskje det er derfor eg prøvar å kutte deg ut?

Kvar dag ser eg deg. Ser du meg? Eg veit at du ser meg, men ser du meg? Kvar gong vi snakkar med kvarandre, ser du meg da? Fordi eg ser deg. Eg ser deg så altfor mykje.

Du er i hovudet mitt. Du er tatovert inn i hjernen min og brent inn i augelokka mine. Alt eg ser er deg når eg lukkar auga, og kvar ein tanke eg tankar koblast til deg. Du er tvinna djupt inn i bena mine, orda du sa den gongen gir fortsatt frå seg ekko bak i nakken min. Du er ein del av meg, og eg kan ikkje flykte frå meg sjølv.

Eg ser deg med kjæraste på kjæraste. Aldri er du lykkelig, det ser eg òg. Du er så blind av eigen ulykkeligheit at du ikkje ser at kva som kan gjere deg lykkelig er rett framfor ansiktet ditt. Fordi eg kan gjere deg lykkelig, min kjære.

Synes du det er dumt? At eg blir sjalu bare eg tenker på at nokon andre har deg, når eg

ikkje ein gong har deg meg sjølv? Men, da skal du høyre: eg målar kjærleiken min for deg etter kor sjalu eg er. Å Gud, som eg elskar deg.

Nå sto ho der. Ho sto der inne og såg ut. Ute sto alle ho kjende. Mora, faren, alle. Dei andre lèt ikkje merke til at ho ikkje var som dei. Dei så det ikkje. Ho berre luska i mørket, voks seg stor på tomheita. Det kvite lakenet hennes ble med eit revet av, og ho var ute. Alle kunne sjå ho som ho eigentlig var. Avkledd. For fyrste gong.

Kva skjedde? Kva skjedde med deg? Vi pleidde å ha kvarandre, uansett kva. Nå er du borte, og eg veit ikkje kva eg skal gjere. Du var min einaste venn, du. Den einaste eg kunne snakke med om alt. Eller, i kvart fall nesten. Dette var ikkje noko eg kunne ha snakka med deg om. Dette var ikkje noko eg ville at noen skulle vite, nokon gong. Eit spøkjelse som skulle forbli akkurat det; eit spøkjelse.

Men du drog lakenet bort, og synliggjorde spøkjelset for alle. Alle vennane dine, lærarane, alle i bygda og resten av verda. Du snudde ryggen til meg med ein gong. Det var vel eigentlig det eg forventa òg. Kva anna?

Husker du kva eg sa til deg? Kva eg sa til deg når du sto der, føre alle? Det husker eg. Eg sa: «Du kan ta meg for ein masse; du kan ta meg for bedrag, for lureri, for alt mulig rart. Men at eg elskar deg, det kan du ikkje ta meg for. Eg elskar akkurat som alle andre, min kjærleik er like viktig som alle andres! Finn på noko betre!»

Veit du kva eg husker enda betre? Enda betre husker eg ansiktet ditt. Eg husker den opne munnen sin som sto som eit hull i det grå ansiktet ditt. Eg husker raudfargen spreie seg over nakken din. Eg husker den fastfrosne, velkjente figuren din som sto som ei statue i folkemengda.

Da skuleklokka gikk som eit skrik gjennom stillheita sto du der fortsatt, fastfrose og stiv. Dei andre gikk, skulen var ferdig og dei ville heim. Skulle ikkje du òg ønske at du berre kunne dra heim? Rømme i frå alt? Så lett er det ikkje, var det ikkje, og kjem det aldri til å vere.

Eg såg på deg. Husker du det? Eg så på deg med auge som blinklys i mørket. Du såg ikkje på meg. Du turte ikkje. Orda rundt oss låg som spindelvev, ikkje enda døyd, og eg trur at både du og eg ikkje var klar for nokre fleire ord med ein gong.

Eit minutt. Fem minuttar. Tjue minuttar. Vi sto der. Begge to sto vi der, utan nokre ord. Spindelvevet var borte for lenge sia, alle dei andre orda hadde forsvunne med vinden. Nå sto vi igjen med ein øredøyvande lyd av ingenting.

Så sa du noko, noko som tok oss begge med overrasking. Med ein stemme som sprang stilla sa du: «Eg vil ikkje». Eg trur ikkje du heilt vet kva du sjølv meinte med det, men det gjorde eg. Eg skjønte kva du meinte. Eg skjønte at du òg hadde eit spøkjelse bak deg. Eit sint, skummelt og sterkt spøkjelse som du ikkje visste kva du skulle gjere med.

Det er ingen ting i hele verda som gjer meg så nedslått som du gjer meg. Den dagen gjorde du meg tristare, og gladare, enn eg nokon gong hadde vore før. Smilet som vanlegvis følgde deg over alt vart erstatta med eit trist uttrykk. Den frosne stillinga di hadde smelta, og ein kunne sjå det renne nedover kinna dine i lange perlerekker. Med kvar perle som falt stakk det eit svert i gjennom hjertet mitt.

«Ein skal ikkje skamme seg for den ein er», sa eg sakte. Orda hadde forma seg i munnen min, og var ute før eg visste kva som hadde skjedd. Du så opp på meg, husker du det? Du opna eit blankt auge og så på meg før fyrste gong. Aldri før hadde du sett på meg. Ikkje på den måten. Ikkje på ekte.

Eg fortsette: «Livet er ein reise kor du skal lære deg å kjenne deg sjølv. Du skal reise og utforske dei mørkaste og lysaste delane, og lage eit kart. Kva så vis du finn ut at din måte å elske på ikkje er den normale måten?» spurte eg med gåseteikn.

«Vi hadde et liv saman, du og eg. Nå har eg berre skamma. Eg veit ikkje kva eg skal gjere, det veit ikkje du heller, men eg veit at uansett kva vi gjer så gjer vi det samen!»

Ho sto der ho også. Ho sto der og lukka auga, fordi ho følte at det var nokon som var i ferd med å kviskre ut det kvite som ho hadde gøymde seg bak heile livet. Det rykka. Det rykka enda meir, og ho sto der hjelpelaus utan å kunne gjere noko.

Eg så deg i auga. Dei var ikkje blanke lenger, nå viste dei berre hjelpeslausheit. Sakte tok eg eit skritt framover, husker du det? Eg tråkka inn i din sirkel, sjølv om auraen din ga klar motvilje. Eg tok deg på skuldra, og med eit så eg at kroppen din begynte å slappe av.

Auga dine så ned i eit halvt sekund før de så opp igjen. Forsiktig tok du tak i handa mi, og eg følte med eit at du og eg var èin. Du hadde endelig møtt deg sjølv. Vi trengte ingen ord, alt som skulle vore sagt var alt sagt.

Bar. Heilt bar. Det var på ein måte ei lettelse, å ikkje gjømme seg lengre. Å endeleg få vere seg sjølv, uten å dekke seg til. Ho tok eit skritt framover, tråkka over restane av det kvite lakenet som låg på bakken, og reiste hovudet høgt. Så seg rundt, lette etter andre som var lik som henne. Ho trengte ikkje sjå lenge, den ho lette etter var rett foran henne. Dei trengte ikkje si noko til kvarandre, ord var for fattige til å beskrive deres følelsar. Endelig kunne dei vera seg sjølv. Aldri fleire spøkjelse.

Du opna munnen din for fyrste gong sida utbudde ditt. Du sa: «Det er ingen rett og gale måte å vere forelska på». Og, du? Eg har aldri vore meir einig med deg enn eg var da.

Din for alltid, August.

 

Novella er skrevet av Milla

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?

Spørsmål og svar

Hvordan kan han komme ut til en gutt han liker?
Hei gutt 15 år Takk for at du tar kontakt og deler det du lurer på! Følelsen av forelskelse kan jo være helt magisk, likevel kan den også kjenn...
Er det lov å ha sex med helsesøsteren?
Hei Takk for at du skriver til Ung.no. Det er slettes ikke uvanlig å være forelsket eller ha ønske å sex med en voksen person en kjenner eller b...
Skjønner ikke hvem jeg er 
Hei Beklager sent svar!    Det er helt vanlig å være usikker og heller ikke ha vært forelska når man er 16 år :-) Noen blir forelska hele ti...