Hopp til hovedinnholdet

Novelle: "Fangenskapet"

Jente fanget i kjeller (colourbox.com)

... Mørket falt på, ho sjekka om han sov før ho lista seg ut av rommet. Ho hadde ingen personlege eigendelar igjen, dei fleste hadde han øydelagt ...

Novellen er skrevet av Ronja

Jente fanget i kjeller (colourbox.com)

Ho gjekk rundt huset og studerte det tre meter høge plankegjerdet og gardsplassen nøye. Ho måtte klare det denne gongen. Namnet hennar vart ropt innanfrå, og ho skunda seg inn. No stod det berre att å lage ein god plan, ein plan som han ikkje kunne gjennomskode.

Ho hugsa ikkje når ho sist var utanfor eigedommen. Det var i alle fall ikkje dette året, kanskje året før? Han hadde jo vore så snill i starten, kjærleg og respektfull. Men berre i starten, allereie eit år etter dei hadde gifta seg var alt endra. Han var blitt ein slu og manipulerande person, som elska å ha makt. «Hadde han vore det heile tida?» tenkte ho. Ho var berre 1 meter og 40 centimeter, dette var kanskje ein av grunnane til at han var så kontrollerande mot ho. Ho var så lita og skjør at han utnytta ho, fordi ho ikkje var sterk nok til å gjere noko tilbake.

Med ein gong ho kom inn igjen starta han å kjefte på ho. Rope og skrike på kor udugeleg ho var, og kor dårleg ho var på å lage mat. Om ho ikkje skjøna at han ikkje kunne ete rester frå i går til middag. Ho hadde jo hatt tid til det, sidan ho hadde vore heima og gjort ingenting heile dagen, meinte han. Ho stengde kjeftinga hans ute, slik ho alltid gjorde, og byrja stille å lage middag. Då han var ferdig med å ete, tok ho oppvasken medan han kvilte etter middagen. «No var det nok, ved midnatt skulle ho rømme», tenkte ho. Ho klarte ikkje meir av dette, orka ikkje tanken på å bli undertrykt lenger.

Mørket falt på, ho sjekka om han sov før ho lista seg ut av rommet. Ho hadde ingen personlege eigendelar igjen, dei fleste hadde han øydelagt. Dessutan hadde ho lite tid på seg. Under kjøkkenskapet under vasken hadde ho klart å gøymd vekk eit par hundre dollar. Ho fann dei fram, tok på seg ein jakke og lista seg ut døra. Kom ho til å klare det denne gongen? Ho hadde allereie tatt seg sjølv i å tenkje på framtida.

Det var musestille ute, ikkje ein lyd å høyre, utanom ein hund som gjødde i det fjerne. Skritta hennar virka høglydte i den stille natta. Snart hadde ho kryssa gardplassen. Ho snudde seg ein siste gong før ho skulle klatre over gjerdet. Det skulle ho ikkje ha gjort. No stod ho og såg rett inn i magen på ektemannen sin. Ho lyfta blikket sitt. Ansiktsutrykket hans var vanskeleg å tyde, han virka skuffa, men mest av alt sint. Han tok tak i håret hennar og drog henne med seg inn i huset og ned i den kalde, mørke kjellaren.

Ho måtte ha svimt av, for det neste som skjedde var at ho vakna på det kalde steingolvet. Klokka kan ikkje ha vore meir enn fire om morgonen, mannen kom ikkje til å koma før om eit par timar endå. Det hadde han i alle fall gjort førre gong dette skjedde. Kva var det ho hadde gjort feil, kva var det som hadde gått gale? Ho visste ikkje, men der og då gav ho opp håpet om å rømme.

Det var eit smalt lite vindauge på den eine ytterveggen, framfor det var eit gitter. Ho tok av seg sjalet sitt, knytte den eine enden fast i gitteret, og den andre rundt halsen. Med tanke i hovud, no var det slutt på all elende.

Novellen er skrevet av Ronja

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?