Hopp til hovedinnholdet

Novelle: "Skuggen"

En kvinne sitter på gulvet, litt krøket sammen og tydelig redd. Hun har et gulbrunt merke under det ene øyet. Foran kvinnen kan vi se deler av rompa og ene foten til en mann som holder ei flaske med drikke i den ene hånden. (www.colourbox.com)

"Ho kan ikkje flykte… innerst inne vil ho ikkje heller. Det var ikkje han, det var alkoholen."

Novellen er skrevet av Tobias

En kvinne sitter på gulvet, litt krøket sammen og tydelig redd. Hun har et gulbrunt merke under det ene øyet. Foran kvinnen kan vi se deler av rompa og ene foten til en mann som holder ei flaske med drikke i den ene hånden. (www.colourbox.com)

Den stive lukta var eit damplokomotiv gjennom lufta. Ei god lukt. Dufta av deodorant innimellom bensinlukt. Ho fekk sitte på med han etter skulen på fredagane. Seine kveldar med solnedgangen i ryggen. Dei snille auga ho va så glad i, blå som diamantar. Fjerne minna frå ei god tid, er no blitt til oske i munn hennar.

Ho sitt der i mellom tomme ølboksar og chipsposar, stille og roleg, lita som ei mus. Om ho ikkje bevegar seg, kanskje det vil gå over? Blåflekkane kryp nedover armane hennar. Frå skuldra og ned til handa. Den same handa ho har ringen på. To år i år. No sitt ho og tenkjer på alt ho kunne gjort annleis.

Ei kald tåre renn nedover kinnet hennar. Dråpe frå ei blomstrende blåveis. Gul og blå i all si prakt. Tåra renn nedover eit kinn som ein gong var mjukt og behandla med våte kyss. No minna det meir om ei slagmark. Kulda dansa vals kring i rommet. Ho kryp saman enda meir i håp om at ho skulle få forsvinne. Forsvinne og ikkje eksistere meir. Kvar dag kjendest det ut som ho mista ein bit av seg sjølv. Tanken om at med ein gong døra går opp, er det ein ny runde. Ho kan ikkje flykte… innerst inne vil ho ikkje heller. Det var ikkje han, det var alkoholen.

Det elles mørke rommet blir lyst opp av månen. Lyset treff dei raude solbleika gardinene som er i full dans. Vindkast gjennom eit opent vindauge ho ikkje har lukka. Uret på veggen tikkar kraftig. Tikka gjorde henne berre meir uhagleg, men ho maktar ikkje gjere noko med det. Tikk takk tikk takk. Dei gjer ikkje hovudverket hennar noko betre. Blandinga får skuggane til å vandre igjen. Alt ho maktar er nokre pillar. Boksen snart tom, enden av vegen. Ho taumar dei ned med ei munnfull vodka og prøver å fokusere på stillheita.

Stillheita blir brått slukt av ein dundrande motor og høglydt bass. Djevelens orkester. Ho er nesten borte no. Ho eksisterer ikkje lengre der ho sitt. Kulda. Smertene. Minna. Alt borte no, berre frykt igjen. Skuggane står omkring ho no, stille, klare til å fortære ho. Bassen hamra på veggane som om heile huset var eit slagverk. Rett før den forsvinn like fort som den kom. Saman med dei andre lydane. I det ho trur stillheita senker seg igjen rives ytterdøra opp. Inn kjem den største skuggen av dei alle.

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?