Hopp til hovedinnholdet

Novelle: "Monster?"

Jente skur av vekkerklokka nesten i søvne. Ser misfornøyd ut.

- Du kan ikkje ha heimskule for da får du ikkje vere med andre og det er viktig å vere sosial. Mora seier det alltid med ei slik undrande stemme, som om Cille er den som er dum her. Ho er aldri sosial uansett.

Novellen er skrevet av Sunniva

Offentlig og kvalitetssikret
Jente skur av vekkerklokka nesten i søvne. Ser misfornøyd ut.

Riiiiing!!!

Vekkerklokka ringer, Cille gnir seg i auga og undrar seg over kvifor skule finst.

Ho har lyst til å begynne på heimeskule, har alltid hatt lyst til det. Men mora seier alltid det same:

- Du kan ikkje ha heimskule for da får du ikkje vere med andre og det er viktig å vere sosial.

Mora seier det alltid med ei slik undrande stemme, som om Cille er den som er dum her. Ho er aldri sosial uansett.

Hadde ho fått ein sjanse til å vere med andre, så hadde ho i det minste vore litt sosial. Men det er ikkje så lett.

Kvar dag går Cille til skulen åleine og kan høyre latter og skravling av ei gruppe elevar langt bak seg. Kvar dag sit ho åleine i lunsjen. Kvar dag spring folk vekk ifrå henne. Kvar dag snakkar folk om kule ting utan henne. Kvar dag blir ho utelaten. Cille er ikkje ein del av gjengen, er ikkje ein del av noko som helst eigentleg. Ho er alltid i skuggen.

Ho har det ikkje heilt forferdeleg, men nokon gongar blir ting berre litt mørkt… Kvar dag kjem ho heim og klagar til mamma om at alle på skulen er monster som ikkje eingong klarar å sjå henne, langt mindre snakke til henne. Dei veit ikkje kva ho er laga av. Men det er ein tanke som alltid har stått fast i bakhovudet hennar. Kva om det er ho sjølv? Kva om ho er monsteret???

Det er ein ny dag, ja tenk ein ny dag allereie. Cille set seg ved den usle pulten sin som er bakarst i hjørnet av det dystre rommet. Alle har funne plassane sine. Ho ser seg rundt i det store rommet, læraren kjem inn i klasserommet, men det er ikkje berre han som kjem. Ved sidan av han står det ei høg jente. Ho har gyllent blondt hår og masse sminke på seg. Læraren forklarer at ho heiter Vilde og at ho er ny og skal gå der på skulen ilag med dei dette siste året på ungdomskulen.

Timen går som vanleg, Læraren snakkar om masse greier, alle skriv og noterer i bøkene. Innimellom ser Cille på Vilde, den nye jenta.

- Timeskift!

Læraren tek bøkene under armen og går mot døra.

Cille går og hentar bøkene sine til neste time da ho plutseleg kjenner nokon prikkar ho på ryggen. Ho skvett til, lurer på om ho i det heile skal gidde å snu seg for å sjå kven det er. Det er sikkert berre læraren som vil ta ein "prat" med henne igjen fordi ho aldri følger med i timane.

Men ho snur seg likevel.

Det er Vilde den nye jenta som vil snakke.

Snakke med henne?! Nei ho må ha teke feil.

- Hei, seier Vilde, med eit stort smil om munnen…

Sist oppdatert:
21.01.2019
Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?