[Les artikkelen på bokmål]

Novella er ei forholdsvis kort forteljing. Ho skildrar gjerne ein enkelthending eller små klipp frå livshistoria til ein person. Handlinga i ei novelle spenner som regel over eit kort tidsrom, og det er få personar med. I novella kan mykje berre være antyda - du treng ikkje skrive alt rett ut, men heller gi små hint.

Som personane i andre typar forteljinger, møter også hovudpersonen i novella eit problem eller ein konflikt. I mange noveller bygger ein spenninga opp mot eit høgdepunkt nær slutten. Dette høgdepunktet er ofte samtidig eit vendepunkt der konflikten eller problemet får ein overraskande og uventa løysing og slutt.

 

Typiske trekk

  • Ofte åpning utan ei innleiing: ein går rett på sak, gjerne midt i ein situasjon.
  • Handlinga skjer over eit kort tidsrom.
  • Teksten byggjer seg opp gjennom ein konflikt eller ei uro, til dømes eit problem som truar eller ein angst hos hovudpersonen.
  • Konflikten toppar seg i eit kritisk punkt, ofte kalla spenningstopp, høgdepunkt eller klimaks.
  • Denne spenningstoppen fører ofte samtidig til eit vendepunkt i hovudpersonen eller handlinga.
  • Slutten er ofte overraskande.
  • I novella skriv ein som regel i eg-form (1. person) eller i han/ho-form (3. person).
  • I mange novelletekster finn du repetisjonar: det kan til dømes være handlinger som skjer fleire gonger, eller det kan være ord/uttrykk som forfattaren nyttar fleire gonger.
  • Ofte mykje bruk av kontrastar i språk og skildringer.
  • Innhaldet i teksten kan være ei blanding av handlingsreferat, scene/replikkveksling og skildring.
  • Konsentrert: Stoffet skal være intenst og kortfatta, og engasjementet stort. Skriv økonomisk og overlat ein del til lesaren å forstå sjølv.

 

Konsentrert og kortfatta

Fordi novellen skal være kort, må forfattaren velgje bort alle hendinger og detaljar som ikkje er strengt naudsyntee. Kvar opplysning som står igjen, blir dermed tilsvarande meir betydningsfull. Det usagte gjer lesaren nyfiken, og vi suge inn i historia fordi fantasien vår diktar opp det som ikkje blir skrive. Den konsentrerte formen gjer at:

  • Få personer kan delta i handlinga.
  • Du må ikkje brette ut person- og miljøskildringa di i stort format. Vær gjerrig med ordea når du skriv ei novelle!
  • Prøv å ta fram typiske, karakteristiske detaljar om personem/personane du skriv om. Bruk få og velvalde ord som seier mykje om vesentlige sider ved menneskea som er med i historia di. Tving lesaren til å "lese mellom linjene", det vil seie at lesaren sjølv må finne eller dikte opp det du vel å ikkje skrive.
  • I mange noveller finn du særs korte setninger. Mange uttrykk har dessutan ikkje heil eller "normal" setningsoppbygning.

 

 

Vanskeleg å skrive noveller?

Både ja og nei. Det tar tid å mestre sjangeren, og mange som skriv gløymer ofte å leggje inn ei utvikling i historia. Personane skal gjerne erfare noko viktig og vesentlig i liva deira. Skriv du om personar, miljø og hendingar du er har eit forhald til, vil det gjere teksten meir truverdig - og lettare for deg å skrive.

Sjølv om novellesjangeren har mange typiske trekk, kan du skrive om nær sagt alt mogleg. Du treng ikkje starte eller slutte på ein bestemt måte, men det du har lest om her er teknikkar som er mykje nytta. Ta deg gjerne tid til å lese noveller andre brukarer har skreve her på ung.no, så vil du sjå at verkemidlea varierer ein del. Men grunnmønsteret vil du mest sannsynlig finne att i dei fleste tekstane. Spør også på biblioteket ditt, så kan dei som jobbar der hjelpe deg med å finne fram til novellesamlinger som passar deg.

Det viktigaste er å halde interessa til lesaren oppe gjennom heile novella, og at han/ho føler at han/ho sit igjen med noko etter å ha lest ho ferdig.

Lykke til!

 

Kjelde: ung.no, Inge Folkestad og NDLA