Eit budsjett er ei oversikt over alle planlagde inntekter og utgifter. Ved å sette opp eit budsjett får du betre oversikt over kva pengane dine går til, og du kan lettare sjå kva du brukar mest pengar på. Kanskje klarer du å lage ein plan for fast sparing også?

Hjelpeverktyg

Prøv Husbanken kalkulatoren Husbanken har laga. Her kan du velje forventa inntekt, og du kan enkelt bestemme korleis du vil fordele pengane.

Kor mykje er vanleg å bruke?

Synest du det er vanskeleg å lage ditt eige budsjett, kan referansebudsjettet til SIFO vere eit godt hjelpemiddel. Her får du ei oversikt over kva som er berekna for deg å bruke, basert på kjønn og alder.

Bruker du bankkort har nettbanken din oversikt som viser kva som går ut og inn av pengar for kvar måned. Dette kan vere til hjelp for deg når du skal sette opp eit budsjett.

FAKTA

Tene pengar? Spare pengar?

På ung.n har vi artiklar med tips om korleis du kan spare pengar og korleis du kan tene pengar :)

Lag ditt eige budsjett

Lag ditt eige budsjett, så får du betre oversikt over kor mykje du brukar.

Kor mykje pengar treng du?

Tenk igjennom kva du bruker å betale for kvar måned. Har du abonnement på mobil, på musikk- eller filmtenester? Går du på nokon faste fritidsaktivitetar der du må betale? Kor mykje bruker du på å kjøpe mat i uka? Kor ofte kjøper du deg klær og ting?

Lag ei oversikt over kva du meiner du må ha av klede og sko gjennom ein månad. Juster gjerne summane frå budsjettet SIFO har laga.

Å sette opp eit budsjett

Inntektssida – plussida

Her høyrer ikkje berre inntekter heime, men også kunnskap. Du kan for eksempel spare mykje pengar gjennom kunnskap om pris og kvalitet. Dette gjer du ved å ta vare på tinga dine, reparere, lage mat sjølv eller ta med matpakke og drikke.

Utgiftssida – minussida

Kvar vert pengane av, og kva får du ut av dei? Finn ut kva du brukar på dei ulike postane per månad. Det kan vere vanskeleg å berekne utgiftene til mat, klede og hygiene. Sjå då på berekningane som SIFO har gjort om dette, og bruk dei som ei rettesnor. Bruk kalkulatoren, og finn ut korleis budsjettet ditt ser ut.

Kor mykje treng du av bukser, genserar, T-skjorter, undertøy, ytterjakker, sko og så vidare, og kva vil dette koste? Sjekk prisar og lag oversikt over omlag kor mykje pengar du kjem til å bruke på dette.