Flytte heimefrå?

Er du under 18 år og vurderer å flytte heimefrå? Då er det lurt å tenke nøye gjennom korleis du skal klare deg økonomisk på eiga hand.

Når du er under 18 år, har foreldra dine / føresatte / verge ansvar for deg både økonomisk og juridisk. Det tyder mellom anna at du sjølv ikkje kan skrive under på bindande avtaler som ein husleigekontrakt. Er det spesielle grunnar til at du ikkje kan bu heime når du er under 18 år, har barnevernet ansvar for å hjelpe deg.

Er du over 18 år, er du i utgangspunktet sjølv ansvarleg for å finne deg ein stad å bu. Du bør òg ha ein plan for korleis du skal klare deg økonomisk. Med økonomisimulatoren Sjef i eget liv kan du få betre oversikt over korleis ulike økonomiske val påverkar sjansen din til å skaffe deg eigen bustad.

Du kan sjå på nettsidene til Husbanken for å sjekke om du har rett til bostønad.

 

FAKTA

Ferdig med vidaregåande – kva no?

Mange synest det er vanskeleg å vite kva dei skal gjere og kva dei skal verte. Utdanning er nøkkelen til ein jobb du har lyst på – det er trass alt viktig å jobbe med noko du trivst med når du skal jobbe med noko i mange år. Utdanning gjev deg viktig røynsle og førebur deg på krava som vert stilte til deg når du kjem ut i arbeid.

Om du treng råd og rettleiing, kan du få hjelp frå nokon på skulen din eller frå kommunen. Det finst fleire du kan snakke med om du er skulelei, treng hjelp til å fullføre eller har andre problem som gjer det vanskeleg å halde motivasjonen oppe.

Å fullføre vidaregåande skule legg grunnlaget for å velje vidare studiar og for å få eit yrke du trivst med når du vert vaksen. Har du utdanning, stiller du ofte sterkare når du søker jobb. Du får som regel òg høgare lønn.

Ingen NAV-stønad under utdanninga

Alle som er under utdanning, kan utnytte dei økonomiske ordningane dei har rett på hos Lånekassa. Du kan òg sjekke Legathandboka for å sjå kva andre stipend du kan søke på.

I tillegg til stønad frå Lånekassa er det mange som må ha ein deltidsjobb ved sida av skulen for å klare seg økonomisk. Studentar som ikkje kan jobbe ved sida av skulen av helseårsaker, må hovudsakleg ta kontakt med Lånekassa for å høyre om kva dei tilbyr. Må du avslutte studia av helseårsaker, må du ta kontakt med NAV. Les meir om det å ha ekstra utfordringar i utdanning eller på skulen på nettsidene til NAV. Studentar som ikkje har tid til å jobbe ved sida av skulen, vil uansett måtte klare seg på stipend og lån frå Lånekassa.

Studentar og elevar under 18 år skal hovudsakleg forsørgast av foreldre/føresette/verge. Dei kan i tillegg søke om stipend og/eller lån hos Lånekassa.

Foreldre/føresette/verge har òg plikt til å forsørge barnet sitt så lenge ho eller han går på vidaregåande skule eller er lærling. Plikta gjeld berre om foreldra/føresette/verge har økonomi til dette. Les meir om barnebidrag til barn over 18 år på nettsidene til NAV.

Økonomisk hjelp frå NAV til studentar vert gjeve berre unntaksvis, og Sosialtenestelova gjev klare retningslinjer som NAV må følge:

4.18.2.10 Studentar og elevar:

«Økonomisk stønad skal i utgangspunktet ikkje medverke til å finansiere høgare utdanning. Det er ein føresetnad at studentar vert sikra inntektsgrunnlag gjennom lån og stipend frå Statens lånekasse for utdanning, eventuelt gjennom eigne ordningar for utanlandske studentar.

Ein student kan ha krav på økonomisk stønad i påvente av utbetaling frå Statens lånekasse eller i nødssituasjonar. Om studenten ikkje har rettar i Statens lånekasse, kan det krevjast at studia vert avslutta, og at personen forsørger seg sjølv gjennom arbeid eller på annan måte. Unntaksvis vil det likevel vere rimeleg å innvilge økonomisk stønad, til dømes om personen berre har kort tid igjen til avsluttande eksamen.»

Utan jobb og skuleplass?

Står du utan skule eller jobb, bør du registrere deg som arbeidssøkar hos NAV. Bruk tid på registreringa, skriv kva du er god til og meistrar. Arbeidsgjevarar kan søke etter nye tilsette blant alle CV-ane som er registrerte hos NAV, og då er det viktig at du skriv ein god CV.

Du kan ikkje vente å finne drøymejobben med ein gong. All jobbrøynsle er verdifull og kan opne dører vidare. Om du ikkje trivst med arbeidsoppgåvene i den noverande jobben din, vil alle dei andre fordelane med å jobbe kome deg til gode. Betre økonomi, du er ein del av eit arbeidsmiljø, du medverkar til samfunnet, og du utvidar din eigen kunnskap.

Det vert mykje vanskelegare å få ein jobb dersom du går lenge utan jobb. Arbeidsgjevarar ser ofte etter «hol» i CV-en, det vil seie periodar der du verken har jobba eller teke utdanning. Det kan få arbeidsgjevarar til å tru at du ikkje har hatt interesse av å vere i arbeidslivet eller delta i samfunnet.

Sjå faktaboks for å finne ut korleis du skriv CV og jobbsøknad.

Sosialhjelp er siste utveg

Sjølv om du ikkje har tenkt å jobbe eller gå på skule, er du sjølv ansvarleg for din eigen økonomiske situasjon.

Sosialhjelp, eller økonomisk sosialhjelp, kan vere aktuelt, om du ikkje har andre høve til å forsørge deg sjølv. Du må vere aktiv arbeidssøkar for å kunne søke på økonomisk sosialhjelp frå NAV.

Det er òg aktivitetsplikt for personar under 30 år som får økonomisk sosialhjelp. Ein aktivitet kan vere at du må levere ein såkalla jobblogg som viser kva jobbar du har søkt på i løpet av ein månad. Ein annan aktivitet er å delta på kurs via NAV som skal auke sjansane dine for å få jobb. Økonomisk sosialhjelp er ei mellombels inntekt. Målet med stønaden er at du så raskt som mogleg skal kunne klare deg sjølv.

Økonomisk sosialhjelp er ein stønad som vert rekna som siste utveg, og alle andre høve for å få inntekt skal vere prøvde først. Hovudmålet til NAV er å få flest mogleg ut i jobb.

Gravid?

Er du gravid, kan du ha rett til eingongsstønad eller foreldrepengar frå NAV. Om du vert rekna som einsleg forsørgar av barnet, kan mellom anna overgangsstønad vere aktuelt. Les meir om kva stønader einsleg mor/far kan ha rett til på nettsidene våre.

Kontakt NAV om du ventar barn, og du vil få informasjon om kva rettar du har. Ring NAV på telefon 55 55 33 33, tasteval 3. Du kan òg kontakte NAV på chat (foreldrepengar, barnetrygd og kontantstønad) eller Facebook (foreldrepengar).