Hopp til hovedinnholdet

Eg er forelska i ein gutt i klassa. Problemet er at han gir meg så utruleg forvirrande signal!

Jente 14 år
 

Spørsmål
Hei. (: Eg er forelska i ein gutt i klassa. Veldig forelska, faktisk. Syns berre han er heilt fantastisk... Problemet er at han gir meg så utruleg forvirrande signal! Sånn føler i alle fall eg det. Altså; Omtrent midt i sommarferien så begynte eg og han å snakke ilag på msn, og vi hadde lange samtaler der vi snakka om det meste. Eg begynte jo etter ei kort stund å få følelsar for han, og det virka som om han likte meg òg. For sjølv om ein gut vil vere venna med deg, så er det ikkje heeilt normalt å sende nesten 150 meldingar på ein måned. Eller? Så begynte vi på skulen igjen, og begynte jo å sjå kvarandre kvar dag igjen. På skulen verken såg han på meg eller snakka til meg, og eit par-tre dagar sa han heller ikkje noko til meg på msn, og sendte heller ikkje meldingar. Eg snakka ikkje til han/tok ikkje kontakt heller; ville jo ikkje mase på han og sånn... Men som sagt, etter nokre dagar, så begynte han å snakke til meg igjen (msn), akkurat som han hadde gjort før, og han sendte òg nokre meldingar; ikkje så mange som før, men likevel. Sånn var det fram til eit par veker før haustferien, då snakka han liksom sjeldnare og sjeldnare til meg, og samtalane var ikkje så lange og innhaldsrike lenger. I haustferien reiste eg til Spania, for å vere der dei neste to vekene. Snakka berre med han eit par gongar på msn veka før eg reiste, og den første veka eg var vekke, så var han aldri på msn. Då var eg sikker på at han hadde blokka meg, og blei jo litt deppa pga det. Men så, ein dag, var han på msn igjen, men då var han "opptatt", så syns ikkje eg kunne snakke til han da. Og dei neste par gangane han var på mens eg var i Spania, så sto der alltid "borte/opptatt", så blei ikkje til at eg snakka med han mens eg var vekke. Kom igjen i frå Spania i helga, så møtte han jo igjen no på mandag. Det var såå godt å sjå han, eg hadde jo sakna han. Men samtidig så var det veldig trist òg, i og med at det virka som om han plutselig dreit langt opp i meg. Men eg syns jo òg det var litt merkelig då, for eg hadde aldri sagt noko til han om at eg likte han på den måten, og vi var liksom aldri noko meir enn vennar. Gode vennar hadde eg intrykk av. Og det virka jo som om han likte å snakke med meg, for vi har en del felles interesser, samme humor, osv... Trudde jo han likte å snakke me meg, men eg tok vel feil der. Tirsdag, så hadde vi sånn framføring i musikk, der vi skulle fortelle om eit band. (Det bandet eg hadde om er ei av våre felles-ting...) Når eg var ferdig å framføre, så gikk eg opp igjen for å sette meg på plassen min da, og han satt ganske rett bak meg. Då viste han liksom "tommelen-opp" og smilte til meg. Skikkelig smilte. Og eg blei så glad. Men reknar med det var berre pga bandet. (?) Og så er det ein ting; han ser på meg. Det trur eg nesten bestemt. At han ser på meg meir enn det som eg normalt å sjå på eit hvilket som helst anna menneske, på ein måte. Kan jo vere at eg innbiller meg det, men eg brukar å ha ei viss peiling på sånt da... Veldig mange gongar når eg ser på han, så ser han tilbake. Han ser sjølvasgt fort vekk igjen, men det gjer jo eg òg. Blir berre så usikker på han, for han gir så forvirrande signal! Arrwh. Det er jo godt mulig eg innbiller meg og overdriver den der sjåinga hans, men... Det er jo vanlig at ein ser mykje på den ein likar, or what? F.eks. i gymmen i går; gymlæraren sto i midten å forklarte noko, og eg sto på den eine sida og han gutten på den andre. Eg såg på han, og han såg rett tilbake, såg meg inn i augene (trur eg) i eit langt sekund eller to. Ikkje såå lenge rett nok, but still... Eg ville ikkje sett sånn på nokon eg ikkje likar! Men det kan jo hende at sånne blikk er naturlige for han å sende til alle og ein kvar og kvensomhelst? Merkelig. Men så, i dag i siste time, så var eg på gruppe med han og ein til, i 'hangman'. Han sa ikkje ein dritt til meg, og såg nesten ikkje på meg i det heile. Virka som om han nesten ikkje la merke til at eg var der; eller som om han ikkje VILLE legge merke til at eg var der. Skjønnar du kva eg meinar med forvirrande signal...? Alt eg vil vite er om han i det heile vil vere vnna med meg, og om han ikkje eingong likar meg såpass. Eg vil berre vite at han ikkje hata meg, og om vi kan vere venna sjølv om han ikkje er 'forelska' i meg liksom... Eg vil rett og slett vite kva han tenkjer og føler, når han ser på meg; om det er likegyldig og tilfeldig, som om han ser på kven som helst andre; eller om han likar meg. I det heile. Om han i det heile bryr seg LITT om meg, som ein venn i det minste. For det syns eg at eg fortenar. Men korleis skal eg finne ut det? KORLEIS? Ein kan vel ikkje berre plutselig slutte å like ein venn? Det bli liksom litt merkelig... Og vi snakka jo så masse før. Hjelp meg, værsåsnill... Vil så gjerne i alle fall vere venna med han, for er ingen andre eg har kunna snakke så 'bra' med som då eg snakka med han på msn og sms. Ingen andre som har så masse til felles med meg... Tenkte på om eg skulle berre spørr rett ut eingong han er på msn; - kva har eg eigentleg gjort, sia du ikkje gidde å snakke med meg meir? (eller noko liknande, og gjerne slenge på; dumme meg trudde vi var venna, men der tok eg vist feil.) Trur du/dokke det er ein idè? Då er det i alle fall sjanse for at eg får eit ærleg svar. Men så kan det jo òg hende at han ikkje eingong gidd å svare. Og då... veit eg ikkje kva eg skal gjer. Vil ikkje at han skal syns eg masar på han. Men; kva skal eg gjere, eigentleg? Med alt det her? Sorry at de blei såå masse, men trengte å få ut litt følelsar. Og håpar på eit ærleg, bra svar som kan hjelpe meg litt, 'cause i'm stuck; rett og slett. Takk (:
Dette spørsmålet og svaret er mer enn ett år gammelt. Endringer i lovverk og regelverk kan ha skjedd etter den tid.
 

Svar
Hei.
Dette var et langt og innholdsrikt brev, skjønner at du er litt forvirret og jeg skulle virkelig ønske at jeg kunne gitt deg svar på alt, men det kan jeg nok ikke. Jeg tenker når jeg leser det du har skrevet at det er fullt mulig at han er like forvirret som det du er. Du venter jo hele tiden på at han skal ta kontakt, det kan jo godt være at han går og venter på det samme fra deg. Dersom ingen av dere tar noe initiativ, så vil heller ikke noe skje. Jeg synes at du skal vise han litt tydeligere at du liker han. Vær vennlig, snakk litt, smil og ta kontakt. Dersom han avviser deg vil du jo forstå hva han tenker, men jeg tror egentlig ikke at han vil det. Dersom du føler at du får lite respons på at du tar initiativ, kan du spørre han om hva det er slik du nevnte. Men jeg synes at du skal gi han en sjanse først, altså at du tar første steg og viser at du er en venn. Vi kan ikke alltid gå og vente på at andre skal ta kontakt - skal noe skje må vi ordne dette selv. Så ta en sjanse, jeg er sikker på at du har mye å vinne.

Vennlig hilsen helsesøster
Fikk du svar på det du lurte på?

Spørsmål og svar som ligner


Tilbake til spørsmål og svar om Forelskelse
Tilbake til spørsmål og svar
Les artikler om forelskelse


Quiz: Hva vet du om alkohol?

Hvorfor skal man være forsiktig med hvor mye man drikker?