Hopp til hovedinnholdet

Jente 12 år får ikkje ha kontakt med pappa etter skilsmisse. Ho har søskjen hos pappa som ho gjerne vil ha kontakt med, men får av mamma berre lov til å ha kontakt med halvbroren, ikkje halvsøstera. Kva kan ho gjere?

Annet 13 år
 

Spørsmål

Hei eg er 12 år og har familie men mamma å pappa er skilt privat grunn men så god grunn til at eg IKJHE har kontakt med han men eg har og ein bror og ei søster på pappa sin side har kontakt med broren men søstera mi får eg IKJHE låv av mamma å ha på snapp å eg er kjempe lei meg får d hu er ein kjempe bra person men mamma skal «beskytte meg» eg blir bare så sint å frustrert har prøvd å snakke me hu men hu bare sier nei kva skal eg jøre??

Dette spørsmålet og svaret er mer enn ett år gammelt. Endringer i lovverk og regelverk kan ha skjedd etter den tid.
 

Svar
Hei

Hei - og takk for at du skriv til oss. Når du ikkje kan ha kontakt med pappa så kan eg forstå at det blir ekstra viktig å ha kontakt med ikkje berre halvbroren din, men halvsøstera di óg. Mamma på si side vil nok som du skriv "beskytte" deg. Så har de to vorte usamde om dette og det verkar som praten har gått i stå.


Veit du om nokon vaksen du trur kunne hjelpe dykk å prate i lag om dette på ein god måte - utan at det blir krangel? Tante, besteforeldre eller andre? Dersom det ikkje er mogleg å få til, kan du prate med helsesøster på skulen. Ho kan prate med deg og mamma i lag. Eller du kan foreslå for mamma at de tek kontakt med familievernkontoret. Der kan de få hjelp til å prate i lag slik at de båe får sagt det de tykkjer og meiner og kome fram til ei løysing som er ok for deg og trygg nok for mamma.

Lykke til!

 

Helsing familieterapeuten ung.no

 
Fikk du svar på det du lurte på?

Spørsmål og svar som ligner


Tilbake til spørsmål og svar om Skilsmisse
Tilbake til spørsmål og svar
Les artikler om skilsmisse