Hopp til hovedinnholdet

Hvordan bli utenriksminister i USA?

Jente 16 år
 

Spørsmål

Hei. jeg lurer på om det er mulig for meg som er Norsk statsborger å flytte til usa, bli amerians statsborger og bli politeikker, utenrikminister osv for USA? og må jeg ha en viss utannelse for å bli politikker i usa? må jeg være norsk statsborger for å kunne representere norge i fn?? hvordan kan man bli utenriksminister i norge eller i usa?

Dette spørsmålet og svaret er mer enn ett år gammelt. Endringer i lovverk og regelverk kan ha skjedd etter den tid.
 

Svar
Hei

Takk for spørsmåla dine!

For å først svare på statsborgarskap i USA, så er det å bli amerikansk statsborgar ein lang og krevande prosess. Dei mest grunnleggande krava er at du må ha budd lovleg i USA i minst fem år, i tillegg til å vise kunnskap om landet og språket gjennom ulike testar. Det er med andre ord ein lang prosess, men det er mogleg. 

Når det kjem til å jobbe med politikk i USA sjølv om du ikkje er født der, så er det mogleg. Det mest kjende eksempelet på det er skodespelaren Arnold Schwarzenegger som opphaveleg er frå Austerrike. Han fekk seinare dobbelt statsborgarskap, som vil seie at han både er statsborgar i Austerrike og USA, og engasjerte seg i politikk som guvernør i California. Han er òg eit døme på at du ikkje må ha ein viss utdannelse for å bli politikar i USA: han er tidligare skodespelar og bodybuilder. 

Det er altså mogleg å flytte til USA, få statsborgarskap og bli politikar, men det tar lang tid og krev mykje innsats. Å bli utanriksminister i USA er i teorien mogleg, men det er veldig få som er født utanfor USA som har fått ein slik posisjon. I tillegg kan eg nemne at for å bli president i USA må du vere født i USA (det står i grunnlova). 

For å kome tilbake til Noreg: for å representere Noreg i FN må du vere norsk statsborgar. For å bli utanriksminister i Noreg er det første steget på vegen å bli med i eit ungdomsparti. Finn ut kva parti som jobbar for dei sakene du bryr deg om, og start i ungdomspartiet. Der kan du lære utruleg mykje om korleis politikk fungerar, og seinare kan du bli med i voksenpartiet. Så er det berre å lære så mykje som mogleg, og prøve å få leiarposisjonar i partiet - og kanskje partiet ein dag kjem i regjering og gjev deg ei stilling som minister. 

Håpar dette svaret var til hjelp. Lykke til!

 

 

Vennlig hilsen

UngInfo Oslo i samarbeid med ung.no

UngInfo er et informasjonssenter for alle under 27 år.

Fikk du svar på det du lurte på?
Jeg synes også du bør lese:

Engasjert? Bli med i en organisasjon!

Ungdommer demonstrerer utenfor Stortinget i Oslo (foto: ung.no)

Hva brenner du for? Ønsker du å påvirke samfunnet rundt deg? Eller kanskje ser du etter nye venner? Å engasjere seg i en organisasjon gir mange fordeler.

Les mer


Spørsmål og svar som ligner


Tilbake til spørsmål og svar om Valg, demokrati og samfunn
Tilbake til spørsmål og svar
Les artikler om valg, demokrati og samfunn