Hopp til hovedinnholdet

Hvordan organisere skoledebatt? 

Gutt 15 år
 

Spørsmål

Hei Jeg er elevrådsleder og vår skole har nettopp gått inn for å invitere til skoledebatt i forbindelse med valget. Dette er helt nytt for skolen vår! Sender vi bare ut en invitasjon eller hva er greia? Og må evt kjøpe inn noe eller? Pluss pluss Hvordan holder vi et valg slik at elevene stemmer? Hvordan gjøres det på andre skoler? Takk på forhånd

Dette spørsmålet og svaret er mer enn ett år gammelt. Endringer i lovverk og regelverk kan ha skjedd etter den tid.
 

Svar
Hei,

og så kjekt å høyre at de skal arrangere skuledebatt! Det er både spennande og lærerikt. 

Skuledebattar kan arrangerast på ulike måtar, men her kjem nokre praktiske tips: 

I god tid før debatten: 
- Send ut invitasjon til alle dei ulike partia. Det kan vere lurt å ta kontakt med ungdomsparti, eventuelt spørje voksenpartia om å sende unge representantar. Dette er mykje kjekkare for skule-elevar å høyre på unge representantar enn dei gamle politikarane
- Finn ordstyrar: nokon må leie debatten. Kanskje ein av lærarane er flinke til det? Det må vere ein person som er rettferdig og som er flink til å passe på at ingen bryt reglane for ein debatt. 
- Finn tema som elevane er interessert i! Spør gjerne elevar i god tid før debatten kva som er viktig for dei. Det er kanskje ikkje så interessant for elevar å høyre på ein debatt om formueskatt eller andre tema som ikkje er så relevant for dei. 
- Når ein har ei liste med tema kan ein bestemme seg for kanskje 4-5 tema. Desse kan det vere lurt å sende ut til debattantane i god tid før sjølve debatten, slik at dei kan førebu seg godt. 
- Spør lærarane om dei kan jobbe litt med elevane i klassen, til dømes i samfunnsfag, med å førebu spørsmål dei vil stille. På den måten kan de vere sikre på å få gode spørsmål.

Like før debatten:
- Ordne alt det praktiske - sett fram plassar med navneskilt til alle deltakarane, og sørg for at alle har mikrofon. Her er det lurt å sette partia "frå venstre til høgre," altså langs det vi kallar den politiske aksen. På denne måtane kan elevane lære litt om kva som er "høgresida" og "venstresida" i norsk politikk. Dersom de ikkje veit så mykje om dette er det berre å spørje ein lærar. 
- Sett fram vatn til alle debattantane 
- Sørg for å ha ein person som kan ta imot alle politikarane som kjem og hjelpe dei med å finne vegen til det rommet de skal bruke. 

Gjennomføring av debatten: 
Eit typisk oppsett av debatten kan vere slik: 
- Opningsinnlegg til alle partia på 1-2 minutt, alt etter kor lenge debatten skal vere. 
- Tema 1 - diskusjon (her har ordstyrar gjerne nokre spørsmål førebudd, så går debatten livleg av seg sjølv)
- Tema 2, 3, 4 osv, alt ettersom kor lang tid ein har
- Spørsmål frå salen 
- avslutningsreplikk til alle politikarane, der dei kan få snakke i eit minutt til slutt 
- Takke politikarane for at dei kom, og gjerne gje dei ei lita gåve (blomster er typisk) 

Etter debatten
- Gjennomføre valg - Dette kan løysast på fleire ulike måtar, og kanskje lærarane kan vere med på dette. Det viktigaste er at de finn ein måte der de kan vere 100% sikre på at kvar elev berre kan stemme éin gong, og at han/ho berre stemmer på éit parti. 
- Telle opp stemmene - her kan elevrådet fungere som teljekorps, og telle opp alle stemmene. Dette kan ta litt tid, så det er kanskje lurt å sei at resultata frå skulevalet blir annonsert seinare på dagen eller neste dag. Heng gjerne resultata opp på ei informasjonstavle osv slik at alle kan sjå kva resultata vart. 

Dette er nokre tips, men de kan sjølvsagt bestemme heilt sjølv korleis de vil gjennomføre det. Det viktigaste er å sørge for at både politikarane og elevane er godt førebudd, slik at ein kan få ein god debatt med gode spørsmål som elevane bryr seg om. 

Håper dette svaret var til hjelp. Lykke til med debatt! 

Vennlig hilsen 

UngInfo i samarbeid med ung.no 

UngInfo er et informasjonssenter for alle under 27 år. 

Fikk du svar på det du lurte på?
Jeg synes også du bør lese:

Elevråd - elevenes talerør på skolen

Elever jobber sammen (colourbox.com)

Alle ungdomsskoler og videregående skoler skal ha elevråd. Er det noe du ikke er fornøyd med på skolen din? Ta det opp med elevrådet, eller still selv som elevrepresentant.

Les mer


Spørsmål og svar som ligner


Tilbake til spørsmål og svar om Valg, demokrati og samfunn
Tilbake til spørsmål og svar
Les artikler om valg, demokrati og samfunn