[Les teksten på bokmål]

Problemet kan vere at du ikkje alltid veit heilt sikkert kvar du vil trekkje grensene.

Kan foreldra eller søskena dine kome inn til deg utan å banke på? Har vennene dine lov til å krevje at du skal fortelje dei alt? Kor langt får kjærasten din gå før du seier hit, men ikkje lenger? Kanskje er det slik at somme av dei rundt deg synest dei har rett til å kome nærmare enn du har lyst til?

Da skal du hugse at det er du, og du åleine, som bestemmer. Derfor er det viktig at du tenkjer igjennom slike ting og veit kva du vil.

Andre ser ikkje grensene dine

Eit anna problem er at andre ikkje ser grensene dine - eller ikkje bryr seg om dei. Kvifor blir det slik? Kanskje fordi du ikkje seier ifrå tydeleg nok. Mange gonger må du hjelpe andre til å "sjå" dei usynlege grensene - til dømes dei som gjeld kroppen din.

Kanskje opplever du at nokre menneske trakkar over grensene dine sjølv om du seier tydeleg ifrå. Det er eit faresignal som du skal vere på vakt overfor.

Hugs også at andre menneske har sine grenser - anten dei er kameratar, kjærastar eller berre kjende. Er du flink nok til å oppfatte grensene deira? Alle menneske har sine private område. Der får ingen lov å trengje seg på.

Lag dine eigne rom

Du har rett til å ha slike "eigne rom," både rundt deg og inni deg. Poenget er ikkje nødvendigvis at grensene skal vere så strenge. Poenget er at du set dei, fortel andre menneske kvar dei går - og forlangar at dei blir respekterte. Og at du respekterer dei grensene som andre menneske set.

Det handlar om forelsking og seksualitet, om mobbing og maktbruk, om kva som er OK og kva som ikkje er det. Kort sagt handlar det om å få det bra saman med andre menneske - på skulen og i fritida.

Lær deg å kjenne dine eigne grenser

Det kan vere vanskeleg å vite kvar du skal setje dine eigne grenser. Ofte kjenner du dei ikkje godt nok heller. Lag eit bilete for deg sjølv - kanskje det kan hjelpe. Teikn tre sirklar og plassér deg sjølv i midten. Sirklane er forskjellige grenser for intim kontakt:

  • I den inste sirkelen har berre dei lov å vere som du vil ha heilt nær kroppen din og sjela di. Kanskje kjærasten din? Kanskje ingen?

  • I den neste sirkelen plasserar du dei du er glad i, dei du synest det er naturleg å gi ein god klem.

  • I den ytste sirkelen kan det vere kameratar og kjende, personar som du vil ha eit vennskapeleg forhold til.

Utanfor sirklane hamnar dei du ikkje vil ha noko med å gjere, og dei du ikkje liker.

For hugs: Det er du som bestemmer kven du vil ha kvar.