Eit ønske om å ha sex

Samtykke til sex er å uttrykke eit ønske om å ha sex. Det kan anten skje gjennom ord, ved at ein seier at ein vil ha sex eller seier ja når nokon spør, eller ved at ein viser det med kroppen.

Om den du skal ha sex med vrir seg unna, trekker seg tilbake, eller på annan måte uttrykker at ho eller han ikkje vil ha sex, har personen ikkje samtykka. Det same gjelder om den andre personen seier nei.

 

 

Lytt til den du har sex med

Når du har sex med nokon, er det viktig at du lytter til den andre for å forsikre deg om at både to vil det same.

Verkar det som den andre liker det de gjer og vil fortsette?

Om den du har sex med ikkje verkar heilt med, eller ikkje viser gjennom lydar og kroppsspråk at ho eller han liker det, bør du stoppe opp og spørje om de skal fortsette.

EIN KOPP TE: Samtykke kan faktisk samanliknast med det å spørje nokon om dei vil ha ein kopp te (Video: TV2 Skole).

Lov å ombestemme seg

Seksuelle handlinger skal aldri skje mot vilja til nokon. Når de har sex, skal alle ha moglegheit til å ombestemme seg når som helst. Sjølv om de har starta på noko, treng de ikkje å gjennomføre.

  • De kan kysse og begge står fritt til å ombestemme seg.
  • De kan ha oralsex og begge står fritt til å ombestemme seg.
  • De kan ha samleie og begge står fritt til å ombestemme seg når som helst.

Tvang er straffbart. Om du tvingar nokon til å gjennomføre ein seksuell aktivitet, er det eit seksuelt overgrep.

 

FAKTA

KORT FORTALT

  • Samtykke til sex er å uttrykke eit ønske om å ha sex.

  • Om nokon sier nei, vrir seg unna, eller på annan måte uttrykker at dei ikkje vil ha sex, har dei ikkje samtykket.

  • Ein person som søv, eller av andre grunnar ikkje kan gi uttrykk for at den vil ha sex, kan ikkje samtykke.

  • Om du tvingar nokon til å gjennomføre ein seksuell aktivitet, er det eit seksuelt overgrep.
  •  

    Ein som søv kan ikkje samtykke

    For å kunne samtykke, må ein person være våken og medviten. Du begår eit seksuelt overgrep om du har sex med ein som søv, eller som er så full eller rusa at vedkommande ikkje kan ikkje samtykke til, eller motsette seg sexen.

    Alle seksuelle handlinger, som til dømes berøring av kjønnsorgan og bryst, oralsex, fingring eller liknande, mot ein som ikkje kan samtykke eller motsette seg det, er ulovleg.