Vi har akkurat starta på vidaregåande, og i helga var eg på fest med venninna mi. På festen vart eg kjend med ein fyr som verka veldig hyggeleg. Vi klina litt, men utover kvelden kjende eg at eg hadde fått i meg for mykje å drikke.

Ifølge venninna mi gjekk eg inn på eit rom for å legge meg. Ho gjekk på do. Eg må ha fått heilt blackout, for eg hugsar ingenting av kva som skjedde etter det. Då eg vakna, hadde eg ikkje klede på meg, og eg merkte at eg hadde vondt i underlivet. Eg fekk heilt panikk. I ettertid fekk eg høyre frå venninna mi at ho hadde sett guten eg flørta med tidlegare på kvelden, gå inn på rommet. Ho hadde prøvd å kome seg inn, men døra var låst, og ho trudde vi berre klina.

No har eg ei utruleg ekkel kjensle inni meg. Eg skjønner ikkje kva som har skjedd. Kan eg ha vorte utsett for ei valdtekt? Eg ville verkeleg ikkje ha sex med han. Eg kjenner meg så utruleg dum, og eg aner ikkje kva eg skal gjere.

«Cathrine, 17»

Kva seier lova?

Ei valdtekt kan vere meir enn at nokon ved vald eller trugande åtferd tvinger ein person til seksuell omgang.

Om nokon har seksuell omgang med ein person som er «medvitslaus eller av andre grunnar er ute av stand til å motsette seg handlinga», utan at det ligg føre vald eller truslar i tillegg, er det òg ei valdtekt. Dette står i straffelova § 291.

Døme på tilstandar der ein person ikkje er i stand til å motsette seg handlinga, kan vere at personen søv eller er overstadig rusa. Ein kan sjå på det som at ho eller han har mista kontrollen over evna til å seie nei. Ein svært rusa person kan kanskje sjå vaken ut, men likevel vere så rusa at ho eller han faktisk ikkje klarer seie nei.

Seksuell omgang gjeld ikkje berre samleie, men òg samleieliknande handlingar, onanering, beføling av bryst og kjønnsorgan osb. Du kan lese meir om kva som reknast som seksuell omgang på dinutvei.no.

 


Dette er kortverjsonen av kampanjefilmen #ikkegreit. Se hele filmen her.

 

 

Mange veit ikkje heilt kva valdtekt er

For mange unge er valdtekt det same som fysisk vald og overfall frå ein framand. Fakta er at berre éi av ti valdtekter er overfall av ein ukjend person. I dei fleste høva er overgriparen ein kjend, kjærast eller ein venn.

Det er viktig å hugse at vald ikkje berre er fysisk vald som slag og spark, men òg bruk av press, makt og tvang. Seksuell omgang med nokon som søv eller ikkje er medviten – og dermed ikkje kan seie nei eller gjere motstand, er òg valdtekt.

Meld frå til politiet

Det er politiet som må vurdere om det du har vorte utsett for, er ei valdtekt. Dersom du mistenker at du har vorte utsett for ei valdtekt, er det viktig at du kontaktar politiet, og at du får gjennomført ei medisinsk undersøking så fort som mogleg for å sikre eventuelle bevis.

Respekter dine eigne og andres grenser

Valdtekt på fest skjer gjerne mellom ungdom som kjenner kvarandre frå før, og det er som regel alkohol eller andre rusmiddel involvert. I nokre situasjonar kan det vere vanskeleg å skilje mellom flørt og ønske om sex. Er ein rusa, er det endå vanskelegare å tolke signal frå andre.

Hugs at alle står fritt til å ombestemme seg når som helst. Å ha klina med nokon treng ikkje tyde at ein skal ha sex. Respekter signala frå den andre – eit nei kan òg seiast med kroppsspråk. Om du er i tvil om den andre vil ha sex, er det best å stoppe.

Sei frå om det du har opplevt!

Mange opplever skuld og skam etter å ha vorte utsett for eit seksuelt overgrep. Nokre klandrar seg sjølv for at dei ikkje torde gjere meir motstand, sa nei tydeleg nok, for at dei drakk for mykje, eller for at dei flørta med personen tidlegare på kvelden. Det er aldri di skuld om nokon tvinger seg til seksuell kontakt.

Sei frå om det du har opplevt! Snakk med foreldra dine eller ein vaksen du stoler på, dei vil hjelpe deg. Du kan òg kontakte nokre av hjelpetenestene som er lista opp under.

Skillelinje, ung.no

Treng du hjelp eller råd?

Helsesøster

Du kan snakke med helsesøster på skulen eller næraste helsestasjon for ungdom om alt som du strever med. Helsesøstrer fortel det ikkje vidare til nokon. Dei har teieplikt så sant det ikkje er fare for liv og helse.

Dixi ressurssenter

Dixi ressurssenter mot valdtekt er eit senter for utsette for valdtekt. Tilbodet er gratis, og dei tilsette har teieplikt. Telefon: 22 44 40 50,

e-post: dixi@dixioslo.no

Alarmtelefonen 116 111

Du kan når som helst ringe gratis til Alarmtelefonen for barn og unge på 116 111. Linja er open på ettermiddagar, kveldar, netter og i helger.

Hjelpetelefonen for overgrepsutsette: 80057000

Du treng ikkje seie kva du heiter eller kva du har opplevt. Dei som jobbar på Landsdekkande telefon for incest og seksuelt misbrukte er der for å snakke med deg, same kor mykje du ønsker å fortelje. Telefonen er døgnopen. Du kan òg kontakte dei på e-post: post@incest80057000.no.

Ung.no

På ung.no/oss kan du enten stille spørsmål sjølv – eller søke deg fram blant nokre av dei mange svara som allereie ligg der.

Her finn du òg ei stor oversikt over hjelpetenester som kan vere nyttige for deg.

Kontakt politiet eller oppsøk næraste overgrepsmottak

Om du har vore utsett for påtvinga seksuell omgang, må du tenke etter om du ønsker å melde saka til politiet. Om du ønsker å melde ho, oppmodar vi deg til å kontakte næraste politistasjon så raskt som mogleg. Ring politiets fellesnummer 02800 om du vil snakke med nokon i politiet.

Om du er usikker på om du vil melde saka, eller av ulike årsaker ikkje ønsker å snakke med politiet, er det likevel viktig at du oppsøker næraste overgrepsmottak for legeundersøking. Der vert du godt teken vare på.

Kjelder: Bufdir, KRIPOS, NKVTS, Lovdata

*Spørsmålet i innleiinga er basert på ulike innsende spørsmål til ung.no. Personen er fiktiv.