Ver merksam når vener forandrar seg

Det kan vere at ein ven eller ei veninne byrjar å oppføre seg annleis enn han eller ho plar. Kanskje venen din ikkje vil vere med på dei same tinga som tidlegare, eller plutseleg blir mindre interessert å vere til stades på skulen?

Kanskje venen din har opplevd noko vanskeleg, dramatisk eller trist, og ikkje greier å seie noko om det, men blir meir stille, sintare, tristare og meir utolmodig? Eller kanskje trur venen din seg til deg med beskjed om at du ikkje må seie det til nokon.

 

Bry deg

Dersom du ser at nokon har det vanskeleg, kan du vere til god hjelp berre ved å bry deg. Du kan til dømes spørje korleis han eller ho har det, og finne ut av om det er noko du kan gjere for dei.

Om venen din ikkje er klar for å dele problema sine med deg endå, er det også noko du kan vise at du aksepterer og respekterer. Det kan uansett vere godt for venen å vite at du er der for han eller henne om det trengst.

 

Vanlege, men vonde kjensler

Mange kjenner innimellom på kjensler som kjærleikssorg, einsemd, utilstrekkelegheit, tristheit og manglande sjølvtillit eller sjølvkjensle. Somme kan gruble over meininga med livet og andre litt store og filosofiske spørsmål.

Det er normalt at kjensler svingar og forandrar seg - og det er heilt naturleg at kjensler kan vere veldig sterke nokre gonger, for så å endre seg ganske raskt att.

 

FAKTA

Det går an å be om hjelp på vegner av ein ven, og det går an å gjere det anonymt. Ta kontakt med helsesjukepleiar, rådgjevar på skulen eller ein helsestasjon for ungdom dersom du er uroa. Dei har teieplikt.

Når det ikkje går over

Har du ein ven som har vore trist på grunn av kjærleikssorg i fleire månader og ikkje klarer å fungere normalt igjen, kan det vere ein god idé å snakke med nokon som veit kva som skal til for å kome vidare. Prat også med nokon vaksne om andre bekymringar du har eller har hatt for ein ven over tid.

Kanskje ser du at venen din ikkje har det bra heime, kanskje er han eller ho tristare enn vanleg, eller kanskje mistenkjer du at venen din har eteproblem, rusar seg eller har hatt ei vond oppleving? Eller slit venen din med ein fysisk eller psykisk sjukdom som gjer at livet er ekstra vanskeleg?

Ikkje gå med bekymringa eller tankane om dette åleine dersom problema ikkje går over. Snakk med ein vaksen du har tillit til.

 

 

Sei at venen din bør oppsøkje hjelp

Du kan også oppfordre venen din til å oppsøkje hjelp, eller tilby deg å bli med til ein som venen din kan prate med. Det kan vere ein forelder, ein lærar, rådgjevar på skulen, helsesjukepleiar på skulen eller ein vaksen på helsestasjon for ungdom.

De kan også stille spørsmål til våre fagpersonar på ung.no/oss. Du kan også ringje mental helses hjelpetelefon eller ta kontakt med Kors på halsen.

Sjølv om venen din har trudd seg til deg og bede deg om å ikkje seie noko vidare, kan du søkje hjelp hos nokon ved å be om råd samtidig som du held namnet på venene din anonymt. Helsesjukepleiar har teieplikt.

Sei til venen din at du er bekymra

Det er ikkje alle som ser at dei kan trenge hjelp for å kome seg gjennom problema, eller har erkjent at dei har eit problem. Derfor er det viktig at du som ven bryr deg. Du kan til dømes spørje: "Korleis har du det eigentleg?" eller "Korleis går det med deg?" Beskriv det du ser eller tenkjer.

Du kan til dømes seie at du er bekymra fordi venen ikkje kjem på skulen, et lite eller seier lite. Prøv å seie det du ser utan å tolke for mykje. Det er betre å seie: Eg blir litt bekymra når eg ser at du ikkje et lunsj og ikkje orkar så mykje i gymmen, enn å seie at du trur at venen har eteforstyrring. Det er også betre å seie at du tenkjer på venen når han ikkje er på skulen, enn å seie at venen har skulevegring. Du kan også til dømes seie: "Kanskje du kan snakke med helsesjukepleiar eller nokon andre? Eg kan godt bli med deg."

 

Negative tankar og vanskelege kjensler

Alle kan ha det vanskeleg med tankar og kjensler i periodar. Nokre gonger kjennest det ekstra ille, og for somme går ikkje desse kjenslene og tankane over av seg sjølv.

Omtrent kvar femte ungdom opplever at det er litt ekstra strevsamt. Varer det over tid, kan det vere ein psykisk sjukdom under utvikling, og då er det viktig å få hjelp av nokon profesjonelle.

Du skal vere ven, ikkje terapeut

Mange ungdomar tek veldig mykje ansvar for vener som har det vanskeleg. Det er bra å bry seg, men dersom nokon fortel deg om alvorlege problem, er det viktig at du snakkar med ein vaksen du har tillit til. Du kan ikkje vere den som åleine skal bere venen si byrde. Du kan støtte og lytte, ikkje behandle.

Det viktigaste ein ven med problem har behov for, er at du er føreseieleg som ven. At du held avtalar, at du er som før, at de kan finne på vanlege ting saman og vere saman utan at problema får for mykje fokus. Set grenser for det som er greitt og ikkje greitt for deg å få høyre om eller bli dregen inn i. At du tek kontakt framleis, sjølv om venen ikkje er heilt som før, er viktig.

Ver litt tolmodig og prøv å tole at venen har det litt vanskeleg. Det er ingen som kan ta bort det vanskelege for folk. Det må ofte behandling til og venen må sjølv jobbe med problema med profesjonell støtte undervegs. Held du fram med å vere den venen du var før, er det det beste du kan gjere.

Tør å spørje!

Mange vegrar seg for å spørje fordi dei er redde for å gjere ting verre. Det er mykje betre å spørje enn å late som ingenting.

Nokre synest det kan vere vanskeleg å snakke om kjenslemessige ting, men hugs at det ofte er den enkle måten som er den beste: "Er du lei deg?", "Korleis har du det etter skilsmissa?", "Tenkjer du mykje på mor di som døydde?" Dette kan vere greie spørsmål som gjer det enklare å ta opp kjenslemessige tema.

Kanskje kan du også seie: "Eg vil du skal vite at eg gjerne høyrer på deg dersom du vil snakke".

Ofte kan det å gjere noko med andre vere godt for personar som har det litt vanskeleg. Føreslå derfor å gjere noko hyggeleg saman med venen din, og sei gjerne: "Vi kan godt gå ein tur i kveld" eller: "Blir du med å spele fotball" eller: "Skal vi sjå ein film?". Snakk også om heilt vanlege ting som skulen, vener, fritidsinteresser, musikk og så vidare.

 

Tenk på kva du ville ha likt

Tenk etter korleis du følte det då du var ordentleg nedfor sist. Kjenn på kjensla. Kva ville du at dei rundt deg skulle gjere då? Hugs også at folk sjeldan treng råd i slike situasjonar. Dersom ein vil ha råd, ber ein gjerne om det.

Det dei aller fleste treng, er at du lyttar, at du spør og viser at du prøver å forstå. Det er så lett å fortelje om erfaringane sine med noko som liknar, eller å gje råd raskt. Prøv å unngå det om ikkje venen etterspør det.