Den vonde kjensla

Har du nokre gonger gått rundt med ei vond kjensle inni deg? Eller kanskje har du mange bekymringar, noko du grublar mykje over, eller tankar som kan verte plagsame? Når ein har det slik, kan ein kjenne seg veldig åleine. Alle har vel hatt den kjensla ein gong, ein har grubla og uroa seg over noko, kjent ein klump i magen eller uro i kroppen, og ikkje visst heilt korleis ein kan finne ut av det. Det er i alle fall vondt å gå med vonde tankar, sterke kjensler og eit problem som kjennest umogleg å løyse.

Vil ikkje snakke med nokon

Mange ungdommar som skriv til ung.no, skriv at dei har det vondt, og at dei ikkje vil dele dette med nokon rundt seg. Når ein strever, er det heller ikkje sikkert andre personar rundt legg merke til det. Kanskje veit ikkje venner, familie eller lærarar så mykje om kva du strever med. Det kan vere mange grunnar til at ein ønsker å halde vonde ting for seg sjølv, men nokre gonger kan det vere lurt å snakke om det som er vondt, med nokon ein stoler på.

Mange som skriv til ung.no, seier dei ikkje ønsker det, og det er forståeleg at ein er skeptisk eller ikkje har så lyst til å snakke med nokon. Nokre har kanskje spørsmål som «kva skal eg seie?» «vil dei ta det på alvor?» «Vil det berre gjere det verre?»

Det er vanleg å vere litt skeptisk eller grue seg til å snakke med nokon om vonde ting, det kan gjelde venner, familie og dessutan andre vaksne som helsesøster, lege eller psykolog. Både vaksne og ungdom kan ha det slik, at det vert vanskeleg å opne seg heilt i samtalar, og at det eigentleg berre gjer at ein vert meir fortvila og lei.

Noko er ekstra vanskeleg å dele med andre.

Det kan spesielt vere ting som vi skammar oss over, eller som gjev oss skuldkjensle. Det kan òg vere at ein har vorte krenkt eller skadd av nokon, eller at ein sjølv har såra eller skadd nokon. Når ein har gjort noko ein ikkje får lov til, eller som ein kjenner er gale, er dette ofte ting ein ønsker å skjule for andre. Vonde ting som skjer på skulen, heime eller på fritida, kan òg vere ting ein prøver å halde for seg sjølv.

Er det til hjelp å snakke med nokon, då?

Ja, det er til hjelp. Det er vondt å sette ord på og tenke på det vonde, men vi veit at det er til hjelp å snakke med nokon og dele det med andre. Om vi har bekymringar, ting vi grur oss til eller grublar mykje på, får vi sortert litt i tankar når vi set ord på dei. Når vi snakkar med nokon om det, kan vi òg få støtte og råd om kva vi kan gjere. Når vi har vonde kjensler, hjelper det òg at ein annan person kan forstå og lytte til korleis vi har det. Det gjer at vi kjenner oss meir rolege, og at vonde kjensler vert lettare å bere.

 

 

Samtaleterapi; film 1,Kan det hjelpe deg?, Norsk tale og tekst from NKVTS on Vimeo.

 

 

Korleis seie det til nokon?

Å snakke med nokon om eit nytt og litt vanskeleg tema er ikkje så lett, ofte kan det verste vere å kome i gang. Når ein har fortalt litt, går det ofte lettare, og det kan kjennest godt å få det ut. Om det er vanskeleg å starte samtalen, kan ein byrje med å seie akkurat det. Det kan til dømes vere: «Eg må fortelje noko eg synest er litt vanskeleg å snakke om.» Då vil den andre personen lytte godt og kanskje hjelpe deg i gang med nokre spørsmål.

Uttrykk det på andre måtar

Nokre synest det kan vere lettare å forklare seg og «snakke» om det som er vondt på andre måtar. Nokre skriv, til dømes historier, dagbok eller brev, og synest det er lettare å forklare seg slik. Andre teiknar eller uttrykker det på andre måtar. Eg veit òg at mange ungdommar synest det er lettare å snakke med nokon i ei anna setting enn på eit kontor, til dømes om ein gjer noko saman, går ein tur eller liknande. Tenk gjerne over kva du trur passar best for deg.

Jente hos psykolog (colourbox.com)

Vil eg verte teken på alvor?

Å fortelje om noko vanskeleg til nokon er ekstra tungt om ein kjenner den andre ikkje forstår eller tek det på alvor. Om ein fortel om vonde opplevingar eller tankar til nokon ein stoler på, vil dei fleste prøve å forstå og ta det på alvor. Om du ikkje vert teken på alvor og ikkje kjenner du vert forstått, er det lurt å finne ein annan person å snakke med. Sjølv om det er tungt å opne seg på nytt, er det verd å prøve det. Det finst nokon som vil forstå deg og ta deg på alvor.

Kven kan eg snakke med?

Det er mange alternativ når ein treng nokon å snakke med. Det kan vere foreldre, søsken eller andre i familien. Kanskje har ein òg andre vaksne ein kjenner som ein har tillit til, som ein venn av familien, nabo, trenar eller andre. Dei som jobbar på skulen, kan òg hjelpe. Det kan vere lærar, rådgjevar eller helsesøster.

Det finst god hjelp om ein strever med vonde tankar og kjensler, og når ein deler det med nokon, kan ein saman finne ut kva som vil vere god hjelp vidare. Oppsøk gjerne helsesøster, fastlege, Helsestasjon for ungdom eller Psykisk Helseteneste der du bur.

Eg snakkar med nokon, men det hjelper ikkje

Det er tungt å søke hjelp om ein ikkje opplever at det skjer ei endring som ein ønsker. Om du har kontakt med til dømes helsesøster, lege eller psykolog, er det bra om du klarer seie frå om at du ikkje kjenner det har vore ei positiv endring for deg. Det er viktig å fortelje om det, då kan ein saman finne ut kva som kan vere god hjelp vidare. Kanskje finn ein nye og betre måtar å jobbe saman på? Om ein snakkar med nokon og det ikkje hjelper, kan ein òg gå til ein ny person.

God hjelp skal gjere at ein merker ei endring i rett retning og har tru på at det vil verte betre. Det kan òg ha å gjere med kontakten ein får med personen ein snakkar med. Nokre gonger kan han kanskje betrast, eller det kan vere lurt å prøve noko nytt. Ikkje ver redd for å snakke med andre eller gå til ein ny vaksen som du kan snakke med.