Hopp til hovedinnholdet

Teikn på eteforstyrringar

Jente orker ikke mat (colourbox.com)

Lurer du på om du eller ein av vennene dine er FOR opphengd i mat og slanking?

Offentleg og kvalitetssikra
Jente orker ikke mat (colourbox.com)

Vanlege teikn på eteforstyrringar:

  • Ein er veldig oppteken av at maten skal vere sunn og kalorifattig (lettprodukt).
  • Ein sluttar å ete snop.
  • Ein unngår stadig fleire matsortar og tenkjer etter kvart: "Eg toler ikkje mat."
  • Ein kastar mat og gøymer mat i serviettar, lommer osv.
  • Ein kjenner stress og skyldfølelse etter å ha ete, og blir irritert rundt måltider.
  • Ein trur at ting blir betre om vekta går ned.
  • Ein avviser at noko er gale sjølv om dei rundt ein ser at det er mykje som er annleis.
  • Ein aukar ofte treningsmengda kraftig.
  • Ein uttrykkjer misnøye med kropp, fasong og utsjånad.
  • Menstruasjonen forsvinn eller blir uregelmessig. Somme får han ikkje i vanleg alder.
  • Humøret svingar, konsentrasjonen og hugsen blir dårlegare.
  • Ein unngår sosiale situasjonar der mat naturleg høyrer til, og prioriterer annleis enn før.
  • Ein har søvnproblem.
  • Ein har vekttap eller store vektsvingingar.
  • Ein er trøytt og svimmel.
  • Ein frys mykje, særleg på hender og føter, og har blåleg farge på hendene.
  • Ein har låg kroppstemperatur.
  • Ein har hovudverk og andre kroppslege plager.
  • Ein veg seg ofte.
  • Ein er generelt irritabel.
  • Ein utviklar rigide daglege rutinar.
  • Ein trekkjer seg tilbake sosialt.
  • Ein nektar for at ein er svolten sjølv om ein er det.
  • Ein har magesmerter og kjenner seg mett ved inntak av små mengder mat.

Snakk med nokon!

Det kan vere ein av foreldra dine, helsesystera ved skolen eller legen din. Det finst dessutan nettstader du kan sende e-post til, og hjelpetelefonar der du kan få tips eller råd om korleis du kan gå vidare.

  • Oversyn over helsestasjonar for ungdom
  • Klara Klok (hjelpeteneste på nettet)
  • Informasjons- og krisetelefon: 22 42 22 22
  • Telefonen i Oslo er betent måndag til torsdag frå klokka 9.30 til 15.30. Torsdagar er telefonen i tillegg open frå klokka 18.00 til 21.00. Dei som svarer, er kvinner som har personleg erfaring med eteforstyrringar. Alle kan ringje inn.


 

Kjelde: Helsenorge

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?