Mensen, første gong

Mange jenter lurer på når dei skal få mensen for første gong. For svært mange kjem mensen når ein er 12-13 år, men det er veldig store skilnader. Enkelte kan få mensen så tidleg som når dei er 9 år og andre kan få den så seint som når dei er 17 år.

Teikn på at mensen snart kan komme

Det er fleire teikn på at mensen snart skal komme. Mensen kjem når fleire andre pubertetsteikn har komme godt i gong. Det vil seie at ein har vakse mykje, har begynt å få bryst og fått hår på kjønnsorgana og under armane. Det er også normalt at ein har begynt å få utflod, ofte får ein utflod eit par år før mensen.

Når skal ein kontakte lege?

Dersom ein ikkje har fått mensen når ein er 14 år og det heller ikkje er teikn til at puberteten har starta (begynnande utvikling av bryst og litt kjønnshår), kan ein snakke med legen.

Det same gjeld dersom ein ikkje har fått mensen, men har fått teikn på pubertet og er 16 år. Då kan legen ta blodprøver og sjekke mengda av kjønnshormon. Før dette er det ingen grunn til at ein skal undersøke kvifor mensen ikkje har komme.

Korleis er utfloda?

Utflod er ei væske som blir laga av celler i skjeden, og er med på å reinse og gjere miljøet i skjeden optimalt. Det er veldig varierande kor mykje utflod kvar enkelt har. Ofte kan ein sjå utflod i trusa som kan vere alt frå kvit til litt eggkvit. Utfloda luktar ikkje så mykje, men kan lukte litt surt. Ein skal aldri vaske seg inne i skjeden då skjeden reinsar seg sjølv, og utfloda er ein del av denne reingjeringa. Dersom utfloda er litt brunaktig, kan det vere teikn på at mensen er på veg.

Kva er mensen?

Mensen er blod og slimhinne som livmora kvittar seg med. Denne slimhinna har vakse i livmora frå siste gong du hadde mens. Ho er der for at eit befrukta egg skal kunne feste seg og vekse. Dersom egget ikkje blir befrukta vil slimhinna døy og bli støytt ut, og ein får mensen. Mensen kjem 2 veker etter ei eggløysing. Ein menstruasjonssyklus er tida frå første dag i ein mens til første dag i neste mens. Mensen varer vanlegvis mellom 25-35 dagar.

Kor ofte kjem mensen?

Dei første åra ein har mensen er det veldig vanleg at mensen kjem uregelmessig. Det betyr at mensen kan komme oftare enn ein gong i månaden, som annakvar veke, eller sjeldnare, med fleire månader mellom. For å få litt oversikt over menstruasjonssyklusen, kan det vere lurt å notere dagen du får mensen i ein kalender. Det finst også appar for å registrere dette.

Kor mykje mye blør ein?

Kor mykje og lenge ein blør, varierer veldig mykje frå person til person. I gjennomsnitt kjem det som regel rundt ein halv desiliter blod i dei dagane mensen varer. Nokre jenter får berre nokre små dråpar med blod eller ein liten brun flekk i trusa. Det kan gjere at ikkje alle forstår at det er mensen dei har fått. Blodet kan vere i fleire ulike fargar, alt frå lys oransje til raudt, brunt og nesten svart, og alt er heilt normalt. Det er også normalt at det kan vere klumpar i mensen. Blodet luktar litt som metall. Det er også veldig varierande kor lenge mensen varer, alt frå 3 dagar til over ei veke.

Enkelte får litt plager

Enkelte jenter blør veldig mykje og kan bli slappe og trøytte fordi dei får lav blodprosent når dei mister så mykje blod kvar månad. Då kan ein tur til legen med ei blodprøve vise om dei treng ekstra tilskot av jern.

Ein del jenter kan føle seg litt uvel i dagane før og rett etter at mensen har komme. Dei kan ha hovudverk, vondt i magen og ryggen, føle seg oppblåste i magen og vere litt trøytte. Enkelte kjenner også at dei er meir følsame og græt lettare eller blir litt fortare sinte.

Kva kan hjelpe

Dersom ein har mykje menstruasjonssmerter hjelper det godt med vanlege smertestillande tablettar. Snakk med helsesøster eller legen om du ikkje kjenner at det verkar. For nokre jenter er desse smertene så fæle at det går ut over livet i kvardagen. Då kan hormonell prevensjon hjelpe med å gjere det betre. Ein må ikkje ha hatt sex for å begynne med prevensjon.

Bind og tampongar

Når ein har fått mensen, må ein bruke bind eller tampongar. Dei finst i ulike storleikar og merke. Storleiken er tilpassa kor mykje du blør. Ein kan bestille prøvepakke frå produsenten, eller kjøpe inn ein pakke med truseinnlegg eller mellomstore bind å ha på lur når ein tenker at mensen snart kan komme. Det er også mogleg å bruke menskopp, men det er nok mest vanleg når ein er litt vand med å ha mensen.

Hygiene

Det er viktig å vere nøye med hygienen når ein har mensen. Det er fordi gammalt mensblod gir grobotn for bakterievekst og kan lukte litt vondt. Skift bind eller tampongar minst kvar 4. time som hovudregel. Det går bra å sove heile natta med bind eller tampong, men det er viktig å skifte rett før ein legg seg og rett etter at ein står opp. Vanleg underlivsvask ein til to gonger om dagen er nok. Vask deg på vanleg måte med klut eller dusj, men ikkje skyl eller vask deg inne i skjeden, då skjeden reinsar seg sjølv. Ein skal heller ikkje bruke sterk eller parfymert såpe, men vaske seg med vatn eller eventuelt intimsåpe nedantil.

Fortelje det?

Mange jenter ventar veldig på å få mensen og er stolte og glade når mensen kjem. Snakk gjerne med venninner eller søsken som er eldre og har erfaring, om det er noko du lurer på. Dei fleste synest det er heilt greitt og vil gjerne hjelpe med råd. Nokre gruar seg og synest det er flaut å fortelje at dei har fått sin første mens, fordi dette er noko nytt. Hugs at for foreldre er mensen ein vanleg ting, dei veit at det er noko som kjem når du har komme i puberteten. Du kan prøve å seie det som ein heilt vanleg ting, og så kan du be dei kjøpe bind eller tampongar, skrive det på handlelappen eller be om pengar til å kjøpe sjølv.

Dersom det er noko du lurer på, kan du snakke med helsesøster på skulen din eller med nokon på helsestasjon for ungdom.

Helsesøster, ung.no