Dersom du har bestemt deg for å slutte med hasj eller marihuana, er det lurt å bruke tid på å førebu deg før du sluttar.

Gode førebuingar kan gjere prosessen enklare, og aukar sannsynet for at du klarer det.

 

Førebuingar før du sluttar

  • Bestem deg for når du skal slutte, og set ein dato.
  • Finn ut om du skal slutte på eiga hand eller om du treng hjelp frå nokon andre, til dømes gjennom samtalar og rettleiing.
  • Ha mindre kontakt med personar og stader som vil gjere det vanskeleg for deg å slutte. Lag ei oversikt over personar, stader eller ting som utløyser suget etter cannabis og som du bør unngå.
  • Snakk med nokon som kan stø deg. Det er lettare å slutte med cannabis dersom du har eit nettverk som kan stø og motivere deg. Fortel nokre utvalde personar at du prøver å slutte å røykje. Du treng ikkje seie alt til alle, men du bør seie noko til nokon.

FAKTA

CANNABIS

  • Cannabis er ei fellesnemning på alle produkt som kjem frå planten Cannabis sativa.
  • Hasj og Marihuana er rusmiddel som er laga ut av denne planten.
  • Hasj og marihuana er regulert som narkotika og er i dag forbode å bruke, lage, kjøpe, selje eller oppbevare.

Kva gjer at du får lyst til å røykje?

Når du skal slutte med cannabis, er det lurt å vere bevisst på kva som gjer at du får lyst til å røykje. Då kan du lettare unngå desse situasjonane, eller finne andre måtar å handtere det på.

Er det nokon underliggjande grunnar til at du får lyst til å røykje? Er det i spesielle sosiale situasjonar? Når du kjedar deg? Når du kjenner på uro? Røykjer du for å flykte frå problem?

Prøv å finne ut kva for kjensler som triggar lysta på cannabis, og korleis kan du kan handtere desse kjenslene utan å bruke det.

Tenk gjennom fordelane

Det kan også vere til god hjelp å tenkje gjennom kva som er fordelane ved ikkje å bruke cannabis. Det kan vere både helsemessige, sosiale, familiære, økonomiske og jobbmessige fordelar.

Er det nokon spesielle aktivitetar som gjer deg glad og som du liker å halde på med? Når du er oppteken med aktivitetar som gjer deg glad, vil du kjenne deg betre og røykinga kan verke mindre freistande.

Kva om du sprekk?

Det er ikkje uvanleg med tilbakefall, eller sprekk, når du sluttar med eit rusmiddel. Derfor er det viktig å ha ein god strategi for kva du skal gjere dersom dette skjer. Bestem deg på førehand for kven du skal kontakte dersom du sprekk.

Det er også lurt å tenkje gjennom kva for situasjonar som inneber ein risiko for å sprekke. Kan du unngå nokon av desse situasjonane? Kva for nokre kan du ikkje unngå, og korleis skal du møte desse?

Til dømes veit ein at risikoen for å sprekke aukar drastisk for mange når dei drikk alkohol. Dersom du er ein person som drikk, kan det vere viktig å tenkje gjennom kva situasjonar du ikkje bør drikke i. Dersom du veit du vil kome i ein situasjon der det er lett å få tak i cannabis, kan det vere lurt anten å unngå situasjonen eller halde deg edru.

Kven kan hjelpe?

Dersom du treng hjelp til å slutte, finst det fleire alternativ.

Du kan ta kontakt med helsestasjon for ungdom der du bor. Dei har informasjon om kva for tilbod som finst i distriktet ditt.

Dersom du skal ha hjelp i det offentlege hjelpeapparatet, treng du tilvising frå fastlegen din. Du kan lese mer om hvordan du kontakter fastlegen i denne artikkelen.

Du kan undersøkje sjølv om det finst eit Hasjavvenningsprogram i din kommune.

Du kan også laste ned HAP-hasjavvenningsappen for å få hjelp til å slutte med, eller redusere, cannabisforbruket ditt. Appen er utvikla i samarbeid mellom RUStelefonen og Uteseksjonen i Oslo, og er basert på hasjavvenningsprogrammet.

Appen gjev informasjon om vanlege utfordringar du kan oppleve når du sluttar med cannabis etter langvarig bruk, og gjev tips, råd og strategiar for å halde deg rusfri.