Rusen

Rusen varierer mykje frå person til person, og avheng både av mengda THC (stoffet som gjev ruskjensle), personlegdomen til den som røykjer, omgjevnadene og forventningar til rusen.

Ved røyking kan rusverknaden kome etter få minutt og vare i 1–2 timar. Kroppslege kjenneteikn er:

  • Auka puls, raude auge og tørr munn
  • Plutseleg sultkjensle (godte-kick)
  • Nokre opplever at dei blir avslappa og lettare i kroppen
  • Nokre opplever at dei blir glade, ler meir og blir meir pratsame
  • Nokre opplever endra sanseinntrykk av lukt, farge og lyd
  • Nokre kjenner mest ubehag med kvalme og svimmelheit
  • Nokre kan også oppleve angst og uro, og i verste fall akutt panikkangst
  • Nokre få kan oppleve psykosesymptom, som hallusinasjonar og vrangførestillingar (å sjå eller høyre ting som ikkje er der)

Vanlegvis går desse verknadene ut av kroppen samtidig som rusen forlèt kroppen, men for somme kan det vare lenger.

Dersom du eller ein ven røykjer og opplever akutt panikkangst, eller psykosar, kan de ringje legevakta på 116 117, eller ambulanse 113 ved behov for akutt hjelp.

 

FAKTA

Cannabisbruk kan føre til:

  • Psykiske forstyrringar
  • Forstyrre utviklinga av kroppen
  • Sjukdomar i luftvegane
  • Nedsett korttidsminne
  • Konsentrasjonsproblem

Kan det gje psykiske problem?

Dei fleste som røykjer hasj/marihuana får ikkje psykiske problem. Men dersom ein er sårbar og røykjer mykje i ung alder, kan det gje psykiske problem, som angst og depresjon. I verste fall kan det gje psykosesymptom som hallusinasjonar eller vrangførestillingar (at ein ser eller høyrer ting som ikkje er der).

Vanlegvis går dette over når rusen forlèt kroppen, men for andre kan det ta lengre tid. Det er viktig å hugse at alt dette varierer frå person til person, men det å røykje mykje før hjernen er ferdig utvikla (før du er rundt 25 år gamal) aukar risikoen for at ting kan gå gale.

 

Kan det skade hjernen?

For mange vil det ikkje gje nokon skadelege effektar på hjernen, men for andre kan det vere skadeleg. Det kjem an på kven du er og kor mykje du bruker. Ein hjerne som er i utvikling (før ein er rundt 25 år gamal), er meir sårbar for at ting kan gå gale. Evna til å lære ting, resonnere, hugse ting, setje saman komplekse ting osv. kan bli negativt påverka når ein er ung og røykjer cannabis.

Dersom du bruker mykje cannabis over tid, kan du påverke evna hjernen har til å fungere. Dess meir, dess oftare og dess yngre du er når du startar med cannabis, dess farlegare er det for hjernen.

Påverkar det jobb og skule?

Å røykje ein sjeldan gong treng ikkje å vere noko farleg, men å røykje jamleg gjer ofte at ein hugsar dårlegare, er meir unøyaktig, at ein forstår skriftleg informasjon dårlegare og at korttidsminnet er svekt.

Dersom ein blir avhengig, prioriterer ein ofte rusen framfor andre mål, som å fullføre skule eller prestere bra på jobb.

Derfor kan du få dårlegare karakterar, ha vanskelegare for å fullføre skule eller prestere dårlegare på jobben dersom du røykjer mykje.

 

Langtidseffektar

Langtidseffektane (det å røykje mykje) kan ha alvorlege konsekvensar, og forandringane skjer ofte gradvis over lengre tid.

Svekt lungefunksjon: Langtidsbruk kan svekkje lungefunksjonen, gje astmaplager og andre alvorlege lungesjukdomar som kols og auka risiko for lungekreft.

Dårlegare immunforsvar: : Hasjrøyking gjer at du oftare får infeksjonar i luftvegane (forkjøling, bronkitt, lungebetennelse).

Skadeleg for hjernen: : Dersom du røykjer mykje før hjernen din er ferdig utvikla (før du er rundt 25 år gamal) kan det vere skadeleg. Evna til å lære ting, resonnere, hugse ting, setje saman komplekse ting osv. kan bli negativt påverka når ein er ung og røykjer cannabis.

Flat i kjenslelivet: : Regelmessig bruk av hasj kan føre til at du blir likeglad og flat i kjenslelivet. Du får lågare dopaminnivå i hjernen og konsekvensen er at du kjenner mindre glede og mistar motivasjonen til å gjere det som tidlegare var viktig for deg.

Sosialt: Dersom rusen blir prioritert framfor å vere med vener, eller framfor til dømes det å prøve å få seg kjærast, kan det bli einsamt, og føre til psykiske plager. Dersom du har det sånn, bør du få behandling for å bli kvitt avhengnaden.

Kan du ta overdose?

Risikoen for akutt dødsfall ved cannabisrøyking er liten, med enkelte dødsfall har skjedd som følgje av verknadene på hjartet og blodårene.

Personar med hjarteproblem bør vere forsiktige, då cannabis ofte aukar pulsen grunna mellombels senka blodtrykk.

Dersom ei større mengd av stoffet blir svelgt, til dømes for å skjule innehaving av stoffet, kan dette vere farleg.

Ved høgt inntak av cannabis kan rusen bli overveldande og gje panikkangst. Paranoide tankar, kjensla av at hjartet slår ekstremt fort, sansebedrag eller svimmelheit er vanlege teikn på at du har fått i deg for mykje. Du kan også bli veldig kvalm.

Personar som i utgangspunktet har auka risiko for å få psykosar kan få det av å røykje cannabis.

Ulykkesrisiko

Sjølv ved små dosar vil merksemda og avstandsvurderinga bli svekt. På grunn av dette og andre rusverknader er du trafikkfarleg i ruspåverka tilstand. Ulykker av ulik art, som drukning og annan brå død, kan ha samanheng med ukritiske handlingar og nedsett funksjonsevne under rusen.

Å blande ulike rusmidler

Blandar du cannabis med til dømes alkohol, blir rusen både kraftigare og meir uføreseieleg. Det aukar sjansen for hovudverk, kvalme, blackout, angst og ubehag. Å kombinere ulike rusmiddel kan rett og slett vere farleg, fordi du ikkje veit korleis kroppen din vil reagere på kombinasjonen.