Av og til vil det vere slik at skolane finn det tenleg å legge nokre arrangement på kveldstid. Nokre av desse er av ein sosial art, medan andre kan ha eit anna innhald. Døme på ei sosial tilstelling kan vere «Open kveld» der vaksne og ungar får høve til å treffe kvarandre. Andre vanlege aktivitetar kan vere juleverkstad og avslutningar.

Kvifor skal eg delta på kveldstid?

Grunnen til at noko av det som skjer i skolen blir lagt til kveldstid eller helg, er at det er den tida det er lettast å samle alle ein vil skal møtes. Mange foreldre opptatt på dagtid, og det vil for dei fleste vere lettare å kunne møte på kveldstid.

Det er viktig at alle deltek på desse arrangementa. Dei er ein del av skolens plan, og for at dette skal fungere må folk stille. Dette gjeld elevane, men og foreldra når dei er inviterte. Til dømes kan det vere at ein skole arrangerer «Open kveld», der det er forventa at alle elevane og foreldra møter opp. Ein slik kveld kan ha som mål at det skal vere eit førebyggande tiltak mot mobbing. Ved at alle foreldre og elevar møtest, kan ein legge til rette for positive aktivitetar der ein kan bli meir kjende med kvarandre. Dette vil styrke skulemiljøet, og det er noko som skolen er plikta til å jobbe med.

Reglar for deltaking på skolearrangement

Det er vanskeleg å gje eit godt svar på korleis reglar som gjeld for deltaking på arrangement etter ordinær skoletid. Kommunane, fylkane og skolane kan ha litt ulik praksis, og derfor kan det variere.

Generelt kan vi imidlertid seie at desse reglane gjeld:

  • Så lenge skolen har obligatoriske samlingar og opplegg må eleven delta og skolen har ansvaret for eleven.
  • Nokre skolar kan ha egne opplegg for avspasering, sjølv om det eigentleg kan ha egne opplegg på dette.
  • Nokre elevar opplever at det kan vere periodar med ein god del kveldsarbeid gjennom skolen, til dømes øving til konsertar og liknande. Men da må skolen tilpasse dette til elevane i forhold til andre fag og kor mykje det blir på elevane.
  • Det kan være lokale tilpassingar for arrangement som ikkje er på skolens område. Det er derfor viktig at elevane spør om dette, og at skolen er flink til å informere om kva som gjeld.

Det er òg ulike reglar for arrangement som er friviljuge og dei som er obligatoriske.

Friviljuge arrangement utanom skoletid

  • Er ikke undervisning
  • Gir ikkje fravær
  • Skolens reglement gjeld dersom arrangementet er på skolen
  • Kan koste pengar

Obligatoriske arrangement utanom skoletid

  • Skolen kan flytte undervisningstida. Er du på eit obligatorisk skolearrangement har skolen ansvar for deg.
  • Du har ikkje krav på avspasering, sjølv om nokre skolar har løysingar på dette.
  • Når det er obligatoriske arrangement skal dette vere gratis.
  • Du får fravær dersom du ikkje møter opp.
  • Om du absolutt ikkje har moglegheit til å delta, kan du spørje om å få eit anna opplegg i staden for.
  • Skolen kan organisere fleire undervisningstimar og dagar enn minstekravet (180 dagar).
  • Skolane, kommunane og fylkane kan sjølv velge om dei vil gje elevane skolearbeid etter arrangement.

Bor du langt unna skolen?

Skolane skal gje beskjed om obligatoriske arrangement etter skoletid i god tid i førevegen. Du som elev skal ha god nok tid til å planlegge kvardagen din. Dersom du synast noko er uklart, til dømes om du må vere på skolen på kveldstid og liknande, må du spørje læraren din.

Om du bor ein plass som ligg langt unna skolen din, og du kjem til å ha problem med å komme deg til skolen etter ordinær skoletid, kan du snakke med læraren din eller andre på skolen din. Fortel at det ikkje går kollektivtransport og at du heller ikkje kan få skyss av dine føresatte eller andre. Da må du og skolen din finne ei løysing på skyssproblemet.